Eit nyttig og naudsynt arbeid

Gjennom den «indremedisinske analysen» av UiO som desse gruppene skal utføra på vegner av Universitetsstyret, kan det koma fram gode forslag som kan gjera UiO til ein betre stad å vera for både forskarar, studentar og andre tilsette, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft om oppfylginga  av rapporten til den internasjonale strategiske rådgjevingsgruppa (SAB) .

Universitetet i Oslo skal bli meir fleksibelt og bli betre på både utdannings- og forskingskvalitet og tverrfagleg samarbeid. For å få det realisert, er det naudsynt å gjera ein del grep med styringa av universitetet, i nokre tilfelle bør det bli meir sentralisering og i andre tilfelle meir desentralisering.  Det er konklusjonen i rapporten som den internasjonale, strategiske rådgjevingsgruppa (SAB) la fram i fjor.

Arbeidet til den strategiske rådgjevingsgruppa har no født fire ulike arbeidsgrupper som skal arbeida med desse problemstillingane. Medan viserektor Knut Fægri leier gruppene som vurderer forskingskvalitet og tverrfagleg samarbeid, er dekan Berit Karseth på Det utdanningsvitskaplege fakultetet leiar for gruppa som ser på utdanningskvalitet. Den fjerde og siste gruppa skal vurdera organisasjons- og styringsstrukturen ved UiO, og skal koma med forslag til naudsynte endringar for å få til betre utdannings- og forskingskvalitet og betre tverrfagleg samarbeid. Tidlegare UiO-rektor Arild Underdal leier gruppa.

Eit spørsmål som heilt sikkert vil koma opp, er om UiO skal ha vald eller tilsett rektor.  SV-dekan Fanny Duckert og avtrappande museumsdirektør Arne Bjørlykke er mellom dei som vil ha både tilsette dekanar og tilsett rektor ved UiO.  Arild Underdal har sjølv ikkje noko fastspikra syn i den saka.

– Eg har sett gode og dårlege døme på både vald og tilsett leiing på institutt-, fakultets- og institusjonsnivå. Eg har ikkje noko trygt empirisk grunnlag for å seia at det eine alternativet alltid er betre enn det andre, seier Arild Underdal i dette nummeret av Uniforum.

Det er ei klok formulering og opnar for at det kan bli ein open debatt om ei sak som engasjerer både studentar og tilsette på Universitetet i Oslo. Gjennom den «indremedisinske analysen» av UiO som desse gruppene skal utføra på vegner av Universitetsstyret, kan det koma fram gode forslag som kan gjera UiO til ein betre stad å vera for både forskarar, studentar og andre tilsette.

Både Universitetsstyret og UiO-rektor Ole Petter Ottersen skal ha ros for at dei først sette ned ei internasjonal rådgjevingsgruppe (SAB) som kunne sjå  på heile verksemda til UiO med auge utanfrå, og koma med tilrådingar om korleis UiO kan bli endå betre.

Ein slik rapport kunne lett ha hamna i arkivet over gløymde saker, men i dette tilfellet tok universitetsleiinga og Universitetsstyret viktige grep, og har fått sett ned fire ulike grupper som skal arbeida vidare med tilrådingane til den internasjonale rådgjevingsgruppa.

Dei handlar altså om korleis UiO kan bli betre på utdannings- og forskingskvalitet og tverrfagleg samarbeid. Om det er naudsynt å endra styringa av UiO for å få det gjennomført, er det opp til gruppa til Arild Underdal å vurdera.

Planen er at dei tre første gruppene skal ha klart sine forslag til endringar før sommarferien. Deretter kan arbeidet til Arild Underdals gruppe for alvor ta til.

Om alt går etter planen, vil eit eventuelt nytt kart over framtidas UiO ha blitt teikna ferdig tilUniversitetsstyrets desembermøte i 2016. Og då kan føreslegne endringar og tiltak bli sette i verk i 2017. Dette er eit naudsynt og viktig arbeid, og det blir spennande å sjå det endelege resultatet.  Me oppfordrar så mange som mogleg til å delta i debatten om UiOs framtid  i Uniforum.

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Internasjonalisering, Strategisk plan Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 13. mars 2015 14:48 - Sist endra 13. mars 2015 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere