Akademisk kontakt opnar dører

Akademisk kontakt kan opna dører i Kina som framleis er stengde, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft i Uniforums leiarspalte.

Kina og Sør-Afrika er to av landa som Universitetet i Oslo har  omfattande samarbeid med. Medan Kina er kjent som eit land som står bak brot på menneskerettane, er Sør-Afrika eit land som er eit symbol på korleis det er mogleg å gå frå å vera eit apartheidregime til å bli eit demokrati. Kina må me samarbeida med fordi landet er stort og mektig, sjølv om me ikkje likar det på grunn av brota på menneskerettane og mangelen på akademisk fridom. Det er langt mindre omdiskutert å driva akademisk samarbeid med Sør-Afrika.

Nettopp difor drog ein topptung delegasjon frå Universitetet i Oslo tidlegare i år på besøk til landet for å finna fram til gode, felles forskingsprosjekt. Samtidig held det akademiske samarbeidet med Kina fram, trass i det dårlege politiske klimaet mellom Noreg og Kina etter utdelinga av Nobels fredspris til Liu Xiaobo i 2010.  Det viser at universitetsleiinga klarer å ha to tankar i hovudet samtidig.

I dagens Uniforum fortel Kina-forskar Maria Lundberg og Cecilie Figenschou Bakke, som leier Kina-programmet ved Norsk senter for menneskerettar, korleis dei klarer  å halda liv i student- og forskarutvekslinga med Kina trass i det kjølegare, politiske klimaet.

Dei fortel om kinesarar som får ei aha-oppleving når dei ser at Vesten ikkje talar med berre ei stemme, men at landa i Europa kan vera ueinige seg imellom og at det også kan vera usemje mellom dei europeiske landa og USA i enkelte spørsmål. Dei oppfordrar også norske studentar og forskarar til å dra til Kina for å sjå at landet ikkje er like stengt for utanlandsk påverknad som me trur.

Politiske diskusjonar går føre seg i stor mon på universiteta, og også debattar om menneskerettane. Alt dette er mogleg så lenge det ikkje blir stilt spørsmål ved Kommunistpartiets rolle i eittpartistaten Kina, peikar Kina-forskar Maria Lundberg på i artikkelen.  I dag er det berre Sverige, Tyskland og Russland som har fleire studentar enn Kina i Noreg. No er problemet at altfor få norske forskarar og studentar drar til Kina.

I forholdet til Sør-Afrika har UiO det motsette problemet. Svært mange studentar og forskarar drar dit, men det kjem altfor få sør-afrikanske studentar og forskarar til UiO. UiO-rektor Ole Petter Ottersen trur det kan ha noko å gjera med prisnivået i Noreg. Han foreslår difor at det blir ei betre finansiering av studentar frå Sør-Afrika som vil ta ein del av studia sine ved UiO.

Og for å få fleire norske og sørafrikanske forskarar til å samarbeida, peikar han på ein positiv ting. Når UiO-forskarar sender søknad om støtte til forskingsprosjekt til EU saman med sør-afrikanske fagfellar, aukar talet på positive svar frå 20 til 30 prosent. Det viser at eit akademisk samarbeid med Sør-Afrika er ein vinn-vinn-situasjon.

Truleg vil det same vera tilfellet når UiO-forskarar samarbeider med kinesiske forskarar. Men på grunn av mangelen på akademisk fridom i Kina, er det ikkje alle fagområde det er like lett å samarbeida med kinesarane på. Det er likevel viktig at den akademiske kontakten med Kina held fram. Den kan vera med på å opna dører som framleis er stengde.

 

Av Ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 26. mai 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere