Universitetsstyret må rydda opp

No er det viktig at Universitetsstyret får rydda opp i denne saka, slik at det veit korleis ei slik sak bør handsamast, om det skulle henda noko liknande i framtida, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Avgangen til prorektor Ruth Vatvedt Fjeld har gitt UiO masse merksemd i media den siste månaden. Truleg er det merksemd som universitetsleiinga gjerne kunne tenkt seg å ha unngått. For saka har ikkje vore noko særleg god for omdømmet til Universitetet i Oslo. Saka slår tilbake både på måten prorektor blei plukka ut på, på leiarstilen på toppen av UiO og på måten avgangen skjedde på.

Samtidig har saka starta ein interessant juridisk diskusjon om det er mogleg for Universitetsstyret å sjå bort frå sitt eige valreglement, og ikkje lysa ut nyval når prorektor går av midt i ein valperiode.  Difor er det viktig og rett at prorektorsaka kjem på Universitetsstyrets bord på styremøtet neste veke på Baroniet Rosendal. Sjølv om det skjer bak stengde dører under eit punkt som blir kalla for styret si arbeidsform, trur me at alle har behov for å diskutera denne saka i all sin breidde for å finna ut kva dei kan læra av den. Den har fått merkelappen «utsatt offentlighet», så me håpar at protokollen frå den diskusjonen blir offentleg om ikkje så altfor lenge. Det er svært viktig at alle på og utanfor Universitetet i Oslo får vita kva som var bakgrunnen for at Universitetsstyret godtok å sjå bort frå sitt eige valreglement, for å få bort ein prorektor så fort som mogleg.

Uansett kva ein meiner om saka, så kan me ikkje seia at prosessen gjekk smertefritt for seg. Derimot har den påført UiO og universitetsleiinga fleire sår som det kan ta lang tid å lækja. Om saka har ført til eit klarare bilete av korleis ein skal tolka valreglementet til UiO, har dei involverte i alle fall lært noko. For omdømmet til UiO har saka vore til stor skade. Betre rådgjeving og utgreiing av saka før den kom til handsaming hos Universitetsstyret, kunne truleg ha redda omdømmet til UiO. No er det viktig at Universitetsstyret får rydda opp i denne saka, slik at det veit korleis ei slik sak bør handsamast, om det skulle henda noko liknande i framtida.

Martin Toft

Ansvarleg redaktør

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 19. juni 2014 16:05 - Sist endra 19. juni 2014 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere