Tøffe tak i rektoratet

Uniforum synest også det er trist å sjå at eit tospann som tilsynelatande fungerte bra, no skil lag på ein så dramatisk måte.

Det store nyhendet på det siste møtet i Universitetsstyret var at Ruth Vatvedt Fjeld trekte seg som prorektor. Hennar forklaring på det som skjedde, var at ho ikkje hadde arbeidsoppgåver, som naturleg høyrde til vervet som prorektor. og difor hadde ho sete på kontoret og glodd i veggen ein stor del av arbeidstida. Den offisielle forklaringa til rektor Ole Petter Ottersen og resten av universitetsleiinga er at ho valde å slutta etter «personlig overveielse».  

«– At ordet personlig er føyd til overveielse, er neppe tilfeldig, og vrir min begrunnelse i en feilaktig retning», seier Ruth Vatvedt Fjeld i dette nummeret av Uniforum. Sjølv forsikrar ho om at det er faglege og arbeidsmessige grunnar til at ho går. Samtidig ynskjer ikkje universitetsleiinga å kommentera saka utover det som har kome fram i pressemeldinga og i

Uniforums intervju med rektor Ole Petter Ottersen like etter at ho kunngjorde avgangen sin. – Ja, eg er svært lei meg for at ho trekkjer seg som prorektor, og det har eg gitt uttrykk for. Men eg respekterer valet hennar og ynskjer henne lykke til vidare, sa Ottersen då.

Uniforum synest også det er trist å sjå at eit tospann som tilsynelatande fungerte bra, no skil lag på ein så dramatisk måte. Under rektorvalkampen klarte dei to i fellesskap å snakka varmt både for dei humanistiske og samfunnsfaglege faga og dei medisinske og naturvitskaplege faga på UiO.

Noko må likevel ha gått gale undervegs. I fylgje Ruth Vatvedt Fjeld fekk ho altfor få arbeidsoppgåver, og det gjorde ho også rektor merksam på fleire gonger. Ho peikar også på at viserektor Knut Fægri som blei utnemnd etter rektorvalet, ganske snart fekk ansvaret for forskingspolitikken i rektoratet. Indirekte hevdar Ruth Vatvedt Fjeld at det er dette som er grunnlaget for usemja mellom henne og resten av rektoratet. Ho ville gjerne ha begge hendene på rattet når det galdt forskingspolitikken til rektoratet. Etter hennar meining er dette tradisjonelt ein del av prorektorvervet, og som ho rekna med å overta etter tidlegare prorektor Inga Bostad.

Denne striden må difor ha starta allereie i august i fjor. Då synest me det er merkeleg at det ikkje blei gjort noko grep tidlegare av rektor Ole Petter Ottersen og Universitetsstyret.

Når konflikten først kom så langt at Ruth Vatvedt Fjeld fann ut at ho ville trekkja seg, tener det rektoratet til ære at det hende på eit ope møte i Universitetsstyret.

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk Arbeidsforhold Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 15. mai 2014 00:25 - Sist endra 15. mai 2014 00:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere