Ta kritikken frå Svein Sjøberg på alvor!

No er det på tide at leiinga ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking  kjem fram og svarar på kritikken frå Svein Sjøberg, Birgit Brock-Utne og Knut Kjeldstadli, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

– Eg føler at eg blir utfrosen og usynleggjort av leiinga på instituttet,  sa pensjonert pedagogikkprofessor Svein Sjøberg i førre nummer av Uniforum.  Han meinte at grunnen var kritikken hans av Pisa-undersøkingane.

I dagens nummer av Uniforum får han støtte frå historieprofessor Knut Kjeldstadli som også sit i styret for Norsk tenestemannslag på UiO. Han meiner det er viktig å forstå dei negative røynslene hans som noko anna enn private frustrasjonar. Kjeldstadli understrekar at Sjøberg reiser spørsmål som er allmenne og handlar om kva universitet me skal ha framover. Det viktigaste spørsmålet Sjøberg stiller, ifylgje Kjeldstadli, er på kva premiss Universitetet i Oslo skal basera seg på oppdragsforsking. Som døme viser Sjøberg til at fleire av dei tilsette ved hans gamle institutt er knytte til og betalt av dei instansane som ynskjer Pisa og liknande testar.

Dette er ikkje eit problem berre ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking . Både på medisin, historie, juss, samfunnsøkonomi og naturvitskap utfører mange forskarar oppdragsforsking. Det er vel og bra, så sant institutta og forskarane ikkje blir så avhengige av desse oppdraga at dei ikkje aksepterer kritikk av funna som blir gjorde i denne forskinga, eller av oppdragsgjevarane. Prinsippet for all oppdragsforsking er at forskarane fritt kan publisera resultata frå forskinga i vitiskaplege tidsskrift eller i andre publikasjonar. I motsett fall, vil det  strida mot prinsippet om akademisk fridom.

Svein Sjøberg får også støtte frå tidlegare kollega, pensjonert pedagogikkprofessor Birgit Brock-Utne. Ho viser til korleis fagfellar av dei, ville trekkja seg frå eit bokprosjekt om Svein Sjøberg også skulle bidra. Som redaktør av boka klarte ho likevel å få inn eit bidrag av ein av Noregs fremste skuleforskarar .

Førebels har leiinga ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking vore svært stille i denne saka. Berre ein liten kommentar til saka i førre nummer av Uniforum, er det einaste me har registrert.  Det må vera i alle si interesse å få ein debatt om desse viktige spørsmåla.

Samtidig aktualiserer denne kritikken diskusjonen om det er behov for eit eige forskarombod. Universitetsstyrerepresentant Kristian Gundersen legg fram forslag om at UiO bør oppretta det på neste møte i Universitetsstyret. Debatten som Svein Sjøberg har reist, og som medisinprofessor Johan Storm også har engasjert seg i, tyder på at eit eige forskarombod kan vera konfliktdempande.  Når det gjeld kor langt eit institutt kan gå i å ta på seg oppdragsforsking, må det viktigaste vera at oppdragsgjevarane respekterer den akademiske fridomen, og ikkje sluttar å tildela forskingsoppdrag til dei som kritiserer dei. Utan kritikk døyr universitetet.

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 17. sep. 2014 14:44 - Sist endra 17. sep. 2014 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere