Feil ikkje å spørja om mobbing

Når alle tidlegare vitskaplege undersøkingar har vist korleis både mobbing og seksuell trakassering kan verka totalt øydeleggjande på eit arbeidsmiljø, er det oppsiktsvekkjande at ei så brei undersøking på UiO ikkje skal ta med desse brennaktuelle problema, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

Alle dei over 6000 UiO-tilsette skal fram til utgangen av 2015 ha gått gjennom arbeidsmiljøundersøkinga ARK. Dei skal svara på mange ulike spørsmål om arbeidsmiljøet, men ingen av dei handlar om mobbing eller seksuell trakassering.

– Slike spørsmål er utelatne fordi me meiner at andre metodar er betre eigna til å fanga opp arbeidet med desse problemstillingane, seier prosjektleiar Anita Sandberg, som også er avdelingsdirektør i Eining for leiarstøtte. Det har fått mange til å reagera, mellom andre professor Gerd Bjørhovde ved Universitetet i Tromsø, som fram til nyttår var leiar for Komiteen for kjønnsbalanse i forsking (KiF). – Dersom trakassering hadde vore inkludert i undersøkinga, ville det gitt nokre tal, som så gav grunnlag for å jobba vidare med problemet. No blir det berre pakka bort, det kan sjå ut som om ein ikkje ynskjer å vita, seier ho til Uniforum.

Samtidig får avdelingsdirektør Anita Sandberg støtte for haldninga si frå assisterande bibliotekdirektør Randi Rønningen. Ho meiner det ikkje er naturleg å kartleggja mobbing og seksuell trakassering i denne arbeidsmiljøundersøkinga. – Det er ikkje det denne undersøkinga skal måla. Den tar snarare for seg det meir generelle arbeidsmiljøet, seier ho.

I denne saka er me heilt einige med professor Gerd Bjørhovde ved Universitetet i Tromsø. Når alle tidlegare vitskaplege undersøkingar har vist korleis både mobbing og seksuell trakassering kan verka totalt øydeleggjande på eit arbeidsmiljø, er det oppsiktsvekkjande at ei så brei undersøking på UiO ikkje skal ta med desse brennaktuelle problema. Vil dette seia at dei no berre skal spørja etter om du er nøgd med PC-en din, kontorpulten din og kontorstolen din? Og om du føler at du får meiningsfulle oppgåver på jobben? Med så mange historier som verserer om mobbing og seksuell trakassering på UiO, burde det vera spørsmål universitetsleiinga ville ha svar på. Då Det humanistiske fakultetet for nokre år sidan utførte ei arbeidsmiljøundersøking, var det nettopp talet på kor mange som følte seg mobba, som var det mest overraskande.

Sjølv om svara ville vera anonyme, og det er umogleg å sjå kvar problema er størst, ville det likevel gi ein god nok peikepinn på om det skulle vera naudsynt å setja inn sentrale tiltak for å hindra at tilsette blei utsette for mobbing og seksuell trakassering frå andre tilsette. Avdelingsdirektør Anita Sandberg er overtydd om at slike saker vil koma fram gjennom varslingsrutinar, verneombod og medarbeidarsamtalar. På UiO har historia vist at slike saker ofte kjem fram gjennom media. Først då blir det sett i gang tiltak, som til dømes overfor Det odontologiske fakultetet i 2009. Seinare har UiO gått raskt inn og sparka folk som har drive med seksuell trakassering. Difor måtte UiO nyleg også møta i retten for å forsvara avgjerda om å seia opp vedkomande. Det synest me at UiO skal ha honnør for.

Likevel bør UiO-leiinga visa at dei ikkje er redde for å skaffa seg informasjon om kor stort og reelt problemet med mobbing og seksuell trakassering er på institusjonen. For mange er det langt lettare å fortelja dette anonymt i ei slik undersøking enn å gå til verneombodet eller næraste overordna. Me vil difor oppfordra UiO til å leggja inn desse problema i resten av undersøkinga, og senda dei i etterkant til dei einingane som allereie har svart på undersøkinga. Då vil UiO få eit ordentleg svar på korleis arbeidsmiljøet er.

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsmiljø, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 22. jan. 2014 14:57 - Sist endret 22. jan. 2014 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere