Ein knute på tråden som kan løysast opp

I første omgang trur me det vil vera lurt å visa Eining for intern revisjon si sjølvstendige rolle i høve til universitetsadministrasjonen ved å leggja den rett under Universitetsstyret, meiner Uniforum.

Både Uniforum og Universitas har denne veka skrive om konflikten mellom universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og internrevisjonsdirektør Sveinung Svanberg. Etter internrevisjonsdirektøren si oppfatning blei han nekta av universitetsdirektøren å fortelja Universitetsstyret om at Bjørneboe ville hindra han i å senda eit svar til ein student som hadde klaga på behandlinga ho hadde fått av Det medisinske fakultetet. Sveinung Svanberg sende likevel svar til medisinstudenten. Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe avviser at ho har nekta revisjonsdirektøren å fortelja Universitetsstyret om usemja mellom dei to.

Konflikten kom først fram i lyset i eit oppslag i Universitas for ei veke sidan. Det var også der universitetsstyremedlem Ole Martin Nodenes først høyrde om denne konflikten. Han meiner slikt ikkje går an. Universitetsstyret skal vera det første styringsorganet som får slik informasjon, synest han. Nodenes foreslår difor at internrevisjonen må leggjast direkte under styring av Universitetsstyret, og ikkje under leiaren for universitetsadministrasjonen, altså universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Berre på den måten kan internrevisjonen vera så uavhengig som det er naudsynt at den er, slår han fast.

Uniforum støttar forslaget til Ole Martin Nodenes, også sett i lys av eit tidlegare oppslag i nettutgåva vår. For ein månad sidan skreiv Uniforum om ein rapport frå revisjonsselskapet PWC som slaktar arbeidet til internrevisjonen og samtidig kritiserer universitetsleiinga for ikkje å ha nokon tydeleg plan for internrevisjonen. I artikkelen blir det vist til at manglane i arbeidet først og fremst spring ut av ei uklar rolle for internrevisjonen og eit uklart ambisjonsnivå hos universitetsleiinga for kva ein ynskjer med internrevisjonen. Etter revisjonsselskapet PWCs evaluering er manglane i internrevisjonen nettopp eit utslag av den uklare rolla og det uklare ambisjonsnivået leiinga har for internrevisjonen.

Både den pågåande konflikten mellom universitetsdirektøren og internrevisjonsdirektøren og den negative evalueringa frå PWC tyder på at det er naudsynt å gjera noko med organiseringa og å utforma rolla dei har tydelegare enn i dag. I første omgang trur me det vil vera lurt å visa Eining for intern revisjon si sjølvstendige rolle i høve til universitetsadministrasjonen ved å leggja den rett under Universitetsstyret. Då blir det klarare at eininga arbeider på oppdrag frå Universitetsstyret, og ikkje frå universitetsdirektøren.

Det må også bli sett opp ei klar rolle for Eining for intern revisjon,  og Universitetsstyret og resten av universitetsleiinga må saman gjera det krystallklart kva ambisjonsnivå dei ynskjer for internrevisjonen. Berre på den måten kan det bli rydda opp i tvilen om internrevisjonen si rolle som ei uavhengig eining på UiO. Også slik kan knuten på tråden mellom internrevisjonsdirektøren og universitetsdirektøren løysast opp. Difor håpar me at forslaget til Ole Martin Nodenes kan få oppslutnad frå resten av Universitetsstyret.

 

Martin Toft

Ansvarleg redaktør

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 9. apr. 2014 16:21 - Sist endra 11. apr. 2014 12:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere