Alle UiO-tilsette må bli verdsette!

Truleg vil UiO finna ut at det ligg mange verdifulle erfaringsskattar gøymde i kompetansen til dei teknisk-administrative tilsette ved UiO, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

Universitetet i Oslo og dei andre universiteta har vore svært opptekne av å få fart på karrieren til forskarane. Både forskarleiarkurs og mentorprogram for kvinnelege forskarar er sette i gang. Det er blitt laga eigne karriereplanar for forskarane.

I denne satsinga har dei teknisk-administrative tilsette sine behov for å planleggja jobbframtida si, blitt oversett. Det stadfestar ei undersøking som Forskarforbundet har gjort og som Uniforum skriv om i dette nummeret. Det store fleirtalet av dei teknisk-administrative tilsette ynskjer seg ei karriereutvikling, anten det handlar om større ansvar, høgare lønn, stillingsopprykk eller faglege utfordringar, viser undersøkinga. 20 prosent av dei spurde ynskjer seg ein leiarkarriere. Dei aller fleste er svært usikre på korleis dei skal gå fram for å få det til og kva moglege løysingar som finst for å gjennomføra det. Undersøkinga viser at 60 prosent av leiarane på universiteta rapporterer at det ikkje finst karriereplanar for dei teknisk-administrative tilsette hos dei. Ti prosent av leiarane veit ikkje om det finst karriereplanar.

Tala frå undersøkinga blir også stadfesta utifrå dei røynslene som dei teknisk-administrative tilsette Silje Winther og Solveig Aas har hausta på UiO. – I dag er for mykje av karriereutviklinga på UiO avhengig av den tilsette sitt eige initiativ, seier Silje Winther. Og dommen frå Solveig Aas er ikkje noko betre. – Det er ein tendens til å underdriva administrative tilsette sin kompetanse og kompetansen som trengst for å driva ein institusjon med eit budsjett på 6 milliardar i årleg omsetning, konstaterer ho.

Det er viktig at desse og andre stemmer blir høyrde av UiO-leiinga. Personaldirektør Irene Sandlie vedgår at dei fleste av dei teknisk-administrative tilsette ikkje har fått tilbod om karriereplanar. – Det er berre for økonomi- og rekneskapsfeltet at nærare karrierevegar er blitt konkretiserte, seier ho. Sandlie viser til at i årsplanen for 2014-2016 har UiO forplikta seg til formuleringa «Karriereveier ved UiO skal være tydelig beskrevet, i forhold til oppgaver, roller og utviklingsmuligheter». – Arbeidet omfattar i første omgang dei vitskaplege tilsette, men det kan bli aktuelt å sjå nærare på karriereutvikling for teknisk-administrative tilsette i forlenginga av arbeidet, opplyser Sandlie til Uniforum.

I dette spørsmålet viser universitetsleiinga lovande takter. Som universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe har understreka mange gonger, så er det viktig at alle dei tilsette på UiO føler seg like høgt verdsette, anten dei er vitskaplege tilsette eller teknisk-administrative tilsette. Å satsa på å laga karriereplanar for dei teknisk-administrative tilsette, vil vera eit godt bidrag for å oppfylla denne visjonen.

Det er difor viktig at dette arbeidet kjem i gang så fort som mogleg. Truleg vil UiO finna ut at det ligg mange verdifulle erfaringsskattar gøymde i kompetansen til dei teknisk-administrative tilsette ved UiO. Universitetet har ikkje råd til ikkje å nytta seg av desse skattane.

 

 


 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Personalpolitikk, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 13. feb. 2014 14:04 - Sist endra 13. feb. 2014 14:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere