Tragisk avgjerd

Det er viktig at UiO ankar avgjerda til Klagenemnda om at UiO ikkje hadde rett til å nekta G4S å delta i tilbodsrunde om vaktenester fordi selskapet ikkje oppfylte dei etiske retningslinjene som UiO krev.

MÅ ANKA: UiO må anka avgjerda til Klageorganes for offentlige anskaffelser som gav G4S medhald i klagen på UiO.  G4S blei sagt opp fordi UiO meinte det ikkje oppfylte dei etiske retningslnjene UiO krev av leverandørane sine.

MÅ ANKA: UiO må anka avgjerda til Klageorganes for offentlige anskaffelser som gav G4S medhald i klagen på UiO.  G4S blei sagt opp fordi UiO meinte det ikkje oppfylte dei etiske retningslnjene UiO krev av leverandørane sine.

Det skal lønna seg å dela eit internasjonalt selskap opp i systerselskap dersom selskapet vil bryta ILO-konvensjonen om rettar i arbeidslivet eller menneskerettane. Slik må avgjerda til Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) si avgjerd om å gi vaktselskapet G4S medhald i klagen på UiO, kunna tolkast.

I førre veke avgjorde klagenemnda at UiO hadde brote reglane for offentlege innkjøp ved å nekta G4S å delta i tilbodsrunden. Grunngjevinga til UiO var at selskapet ikkje oppfylte dei etiske standardane som eit selskap som inngår kontrakt med UiO, må oppfylla. I avgjerda der UiO sa opp kontrakten for vakttenester med G4S, viste universitetet til at selskapet hadde oppdrag for den israelske staten på den israelsk-okkuperte delen av Vestbreidda.

I klagen sin hevda G4S at den norske delen av selskapet ikkje kan ta ansvaret for det eit systerselskap gjer i Israel. Trass i at G4S på denne måten fråskriv seg ansvaret, måtte underteikna ringja til hovudkontoret til G4S i Storbritannia for å få ein kommentar til vedtaket frå Universitetsstyret om å seia opp kontrakten med selskapet før planen. Det tyder på at selskapet er svært sentralstyrt.

Difor støttar me fullt opp om UiO-rektor Ole Petter Ottersen når han seier  seg kritisk til at multinasjonale selskap får operera med rettsleg uavhengige systerselskap, og meiner at multinasjonale selskap må stå samla ansvarleg for verksemda deira. – UiO ynskjer at våre leverandørar skal opptre i samsvar med universitetet sine etiske verdiar, understrekar han.  G4S-leiinga jublar over avgjerda til KOFA og reknar med at UiO tar saka til vitande og at universitetet fullfører tilbodskonkurransen som planlagt.

Uniforum deler UiO-rektor Ole Petter Ottersens syn i denne saka. Dette er ei avgjerd som ikkje bør bli ståande. Då vil det bli umogleg for tilsette og leiarar på universitetet å stilla seg solidariske med personar i andre land som blir utnytta av multinasjonale selskap som bryt både ILO-konvensjonen og menneskerettane. Om dei taper ein kontrakt på grunn av utetisk framferd i eit anna land, kan den norske delen av selskapet berre fråskriva seg ansvaret for det resten av selskapet gjer i andre delar av verda.

Oljeselskapet Shell blei boikotta i Noreg fordi selskapet braut oljeboikotten av Sør-Afrika. Ingen tenkte at det var berre søsterselskapet deira som gjorde dette, og ikkje hovudselskapet. Om eit selskap deltar i andre tilbodsrundar på UiO, og det blir avslørt at dei utnyttar dei tilsette på det grovaste i Spania og i Polen, så skal det likevel ikkje få fylgjer for kva selskapet gjer i Noreg? Det høyrer ikkje heime nokon stad.

Denne saka kan raskt danna presedens. Difor er det viktig at UiO ankar avgjerda, og gjer alt det kan for at vedtaket til Klagenemnda blir omgjort.

Emneord: Etikk, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 31. okt. 2013 15:36 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere