Reinhald for ein for høg pris

Me synest det står respekt av eit selskap som raskt innser at dei ikkje kan oppfylla ein kontrakt for den prisen som det opphavleg gav for eit oppdrag, og difor ber om at kontrakten blir oppheva.

Det kan bli for dyrt å gi eit for godt tilbod på reinhald til Universitetet i Oslo. Det viser historia om reingjeringsfirmaet Ren Pluss som Uniforum fortel om i dette nummeret. Selskapet fekk kontrakten på å vaska på Det odontologiske fakultetet i konkurranse med fleire andre firma. Med eit tilbod som låg 12 prosent under prisen på det nest billegaste tilbodet, fekk firmaet kontrakten. Då arbeidet tok til, fann dei ut at dei ikkje kunne oppfylla kontrakten. Det tok langt lengre tid å vaska tannlegestolar og anna utstyr enn det dei hadde rekna ut på førehand. Faktisk eit heilt årsverk meir. Selskapet måtte difor kasta inn handkledet og gi Eigedomsavdelinga ved UiO beskjed om at det ikkje var mogleg for dei å gjera dette arbeidet for den avtalte prisen.

Det blei difor lyst ut eit nytt tilbod, der Ren Pluss også deltok, men der kontrakten gjekk til eit selskap som kom med eit lågare tilbod. – Ei dyrekjøpt erfaring, konstaterer direktør Ivar Sjølstad i Ren Pluss, og viser til at feilkalkuleringa kosta selskapet 200 000 kroner. Då dei sa opp kontrakten, gav dei også Eigedomsavdelinga ved UiO råd om å leggja inn den ekstra tida det tar å vaska ved Det odontologiske fakultetet i utlysinga av tilbodet. Det blei ikkje gjort.

Me synest det står respekt av eit selskap som raskt innser at dei ikkje kan oppfylla ein kontrakt for den prisen som det opphavleg gav for eit oppdrag, og difor ber om at kontrakten blir oppheva. Både innanfor forsking og undervisning er kvalitet nøkkelordet på Universitetet i Oslo. Det må også gjelda for reinhaldet generelt på universitetet, og spesielt på stader der reinhald av den aller beste kvalitet, er heilt naudsynt for å ta vare på hygiena og hindra bakteriespreiing. Både Det odontologiske fakultetet og Det medisinske fakultetet er to døme på slike stader. Kvalitet på reinhaldet bør telja mykje meir enn prisen, på desse stadene. Om det er vanskeleg å få til, bør UiO heller igjen vurdera å tilsetja eigne reinhaldarar på desse stadene.

Våren 2011 tilsette UiO faste reinhaldarar på Institutt for informatikk, for å vaska i Kristen Nygaards hus og Ole-Johan Dahls hus. Den gongen sa dåverande teknisk direktør Frode Meinich at om det blei vellykka, så han ingenting i vegen for å tilsetja fleire reinhaldarar i faste stillingar. Når det var mogleg for bygningane som huser Institutt for informatikk, ser me ingen grunn til at ikkje det same bør gjelda for reinhaldet av bygningane til odontologi og medisin. I lengda kan det lønna seg å ha fast tilsette reinhaldarar som blir ekspertar på dei bygningane dei arbeider i. UiO bør ikkje vera leiande i å krevja lågast mogleg pris for livsviktig reinhald. I ytste konsekvens kan det føra til fleire tilfelle av sosial dumping og helsefarleg reinhald. Då vil det ikkje berre vera spanske bygningsarbeidar som blir utnytta, men også dei som jobbar på golvet for norske reinhaldsfirma. Kvalitet bør derfor telja meir enn pris, også på dette området.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 22. nov. 2013 13:25 - Sist endret 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere