Realfagsformidling til å bli klok av

Ein grunn til den store suksessen Realfagsbiblioteket har hatt med sine utstillingar og aktivitetar for barn og unge, er den utstrekte bruken av Facebook og Twitter og andre sosiale media, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

TIDLAUS FORMIDLING: Elevane Audun Agnar Gulbrandsen, Julie Eldøy og Mathias Mork likar utstillinga om "Fysikk på roterommet". Det gjer også realfagslærar Halvor Egner. Dei held til vanleg til på Oslo by Steiner-skole.

 

TIDLAUS FORMIDLING: Elevane Audun Agnar Gulbrandsen, Julie Eldøy og Mathias Mork likar utstillinga om "Fysikk på roterommet". Det gjer også realfagslærar Halvor Egner. Dei held til vanleg til på Oslo by Steiner-skole.

 

Foto: Ola Sæther

I løpet av dei siste vekene har realfagsformidlinga fått eit skikkeleg oppsving på Universitetet i Oslo. Først var det Kjemi Grand Prix, der masterstudentar konkurrerte i å formidla best mogleg på fire minuttar om det temaet dei skriv masteroppgåve om. Dommarane var skuleelevar frå vidaregåande skular i Oslo-området. Det andre som skjedde var opninga av utstillinga om dei første realfagsformidlarane som blei fjernsynskjendisar, altså fysikkprofessorane Helmut Ormestad og Otto Øgrim. Begge hendingane kan du lesa om i dette nummeret av Uniforum.

I utstillinga «Fysikk på roterommet» får dei gamle formidlingsprogramma til Helmut Ormestad og Otto Øgrim nytt liv både på ein storskjerm og gjennom mange gamle fjernsynsapparat frå 1960- og 1970-talet. Dei var mellom dei første som fann ut at det er mogleg å gjera fysikkformidlinga morosam utan at det går ut over evna til å tileigna seg kunnskap. I utstillinga er dei to også på plass i form av to pappdokker bak laboratoriebenken. Skuleelevar kjem dit og finn ut at realfag kan vera underhaldande og lærerikt samtidig. Det same gjer skuleelevane frå dei vidaregåande skulane som brukar mentometerknappen flittig når dei er dommarar i Kjemi Grand Prix.

For Universitetet i Oslo kan resultatet bli at det blir ei større tilstrøyming av studentar til realfaga enn det som det har vore dei siste 10–15 åra. Det står difor stor respekt av den formidlingsjobben Kjemisk institutt har gjort i samband med Kjemi Grand Prix, og den jobben Realfagsbiblioteket har gjort med utstillinga «Fysikk på roterommet». Genitrekket deira er at dei har klart å rekonstruera studioet akkurat slik det var i glansdagane til parhestane Helmut Ormestad og Otto Øgrim.

Det er viktig for UiO og realfaga at så mange som mogleg av dagens skuleelevar får høve til å besøkja denne utstillinga, og at dei neste år kan koma tilbake og delta som dommarar i Kjemi Grand Prix eller som publikum i Forskar Grand Prix. Alt dette er formidling av realfag som treffer både hjarta og hovudet. Det er når dei er blitt glade i eit fag og synest det er interessant, at ungdommar kan bestemma seg for å studera det vidare. Difor bør UiO invitera endå fleire elevar og lærarar til å besøkja utstillinga «Fysikk på roterommet» og seinare fylgja opp med deltaking i Forskar Grand Prix, Forskingstorget og Kjemi Grand Prix. På den måten kan ein gnist bli tent som kan føra dei heilt til eit professorat i fysikk, kjemi eller i matematikk.

Ein grunn til den store suksessen Realfagsbiblioteket har hatt med sine utstillingar og aktivitetar for barn og unge, er den utstrekte bruken av Facebook og Twitter og andre sosiale media. Dette er verktøy som mange formidlarar på andre delar av UiO også trygt kan ta i bruk for å få fleire elevar til å ta turen til UiO, før dei bestemmer seg for kva dei skal bli når dei blir store. Resultatet kan bli at dei gjerne vil studera realfag, men det kan like godt henda at dei vil studera humaniora og samfunnsfag. Uansett vil UiO tena på dei, så lenge dei vel å studera på Universitetet i Oslo. Det finst mange glimrande formidlarar og organisatorar av formidlingsprosjekt på UiO. Universitetsleiinga må gi dei den moralske og økonomiske støtta som dei ber om. Det fortener dei.

 

 

Emneord: Rekruttering, Forskningsformidling, Realfag, Naturfag Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 13. des. 2013 09:35 - Sist endret 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere