Lovande om forskings- og universitetspolitikken

Høgres slagord i valkampen var at det skulle leia Noreg inn i kunnskapssamfunnet. Då bør det også setjast av ekstra pengar til det.

Den blåblå regjeringa har satsing på forsking og høgare utdanning som eitt av punkta på dei åtte hovudområda i plattforma si. Dei lovar å gi meir pengar både til senter for framifrå forsking og til den frie prosjektstøtta. På den måten ynskjer Høgre og Framstegspartiet å fremja banebrytande forsking. Dessutan vil dei framtidige regjeringspartia styrkja program for kommersialisering av forskingsresultat både blant forskarar og studentar. Skattefunn og gåveforsterkingsordninga skal styrkjast. Planen er å utvikla fleire eliteuniversitet og stansa omdanningar av høgskular til universitet. Og den resultatbasert delen av finansieringa av universitet og høgskular skal utvidast.

Mange av desse tiltaka helsar me velkomne på lik linje med UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Det er viktig å investera pengar i framifrå forsking, slik at den kan dra med seg andre forskargrupper til eit endå høgare nivå. Den modellen liknar satsinga Nordens beste universitet, Karolinska Institutet har for å støtta opp om den aller beste forskinga. Dei beste får meir enn dei har i dag, medan dei som blir rekna som ganske gode, men ikkje framifrå, får ikkje likevel mindre pengar enn dei har fått fram til no.

Lovnaden om på nytt å oppretta eit Forskingsfond på 100 milliardar kroner, har dei to partia derimot ikkje klart å oppfylla i regjeringsplattforma. I staden er det oppretta eit fond på 100 milliardar for investeringar i veg og jernbane. Etter vår meining er det sjølvsagt bra å investera pengar i jernbane, men om det er mogleg å oppretta eit slikt fond for utbygging av vegar og jernbane, burde det ikkje vera noko vanskelegare å etablera eit eige fond for investering i forsking og utvikling. Høgres slagord i valkampen var at det skulle leia Noreg inn i kunnskapssamfunnet. Då bør det også setjast av ekstra pengar til det.

Når det er sagt, er det positivt at den blåblå regjeringa lovar å auka grunnfinansieringa av universiteta og høgskulane. Det har toppleiarane i sektoren etterlyst svært lenge. At den resultatbaserte delen av finansieringa skal utvidast, blir det truleg større debatt om. Allereie i dag får dei største universiteta mindre igjen for den resultatsbaserte finansieringa enn tidlegare, fordi denne potten ikkje er blitt utvida, medan talet på vitskaplege artiklar publiserte i dei beste vitskaplege tidsskrifta har gått til vers. Å auka denne potten vil gi mange billege og gode poeng til den blåblå regjeringa.

Dei vil også utvikla framifrå studietilbod gjennom å nytta vitskapleg spisskompetanse med sentra for framifrå forsking som modell. For studentane som vil jobba, er det sjølvsagt bra at dei kan tena meir enn i dag og likevel få lån og stipend. Studiestøtta skal bli høgare. Spørsmålet er om studentane då vil jobba meir enn i dag og plussa på med lån og stipend, eller om studiefinansieringa då blir så bra at dei kan bli heiltidsstudentar.

Ein stor del av satsinga på forsking og høgare utdanning ber meir av stempelet til Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti enn til Framstegspartiet. Det er uansett veldig bra at også det sistnemnde partiet går inn for desse tiltaka. Den blåblå regjeringa kan dermed trygt leggja dei fram for Stortinget og få fleirtal for dei. For norsk forsking og høgare utdanning vil det vera positivt. Det står att å sjå om desse tiltaka blir gjennomførte når det blir tale om å supplera dei gode måla med pengar.

 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Studentsaker Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 9. okt. 2013 15:39 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere