Gi Oase 60⁰ nord ein ny sjanse

Om heile prosjektet Oase 60⁰ nord skal begynna på null igjen, kan me risikera at det vil ta 15 nye år før eit nytt veksthus kan bli klart, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

I mai blei det bestemt at Munch-museet skal flytta frå Tøyen til Bjørvika. Tøyen blei lova både Vitenpark, badeland og ei friluftsscene. Til og med Teknisk museum skal vurdera å flytta dit for å få lagt nye store attraksjonar til Tøyen.

Fremst i løypa har likevel planane til UiO om eit nytt veksthus lege. I 1998 vann Stein Halvorsen arkitektkonkurransen med Oase 60⁰ nord. Etter at planane lenge låg i dødvatnet, kom Statsbygg for få år sidan i gang med prosjekteringa. Over 40 millionar kroner er brukt til arbeidet, samtidig som nærare 100 millionar kroner er samla inn frå private gjevarar.

Som lyn frå klar himmel kom difor nyhendet frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen og direktør Arne Bjørlykke ved Naturhistorisk museum om at UiO hadde bestemt seg for å skrinleggja vinnarutkastet til Stein Halvorsen. Tida har sprunge frå løysingane i Oase 60⁰ nord, og me vil difor setja gang nye planar om å byggja eit billegare og betre veksthus, kunngjorde dei i ei felles pressemelding.

Avgjerda har vekt stor oppsikt både hos politikarar og samfunnsdebattantar. Ein av dei som har reagert kraftigast er arkitekt Stein Halvorsen. I denne utgåva av Uniforum reagerer han sterkt på at UiO-rektor Ole Petter Ottersen omtalar utstillingsveksthuset Oase 60⁰ nord som eit utdatert, 15 år gamalt prosjekt. «– Den skaden dette påfører vårt renommé er uvurderlig», seier han til Uniforum.

I artikkelen går han til eit kraftig motåtak på argumenta om at bruk av plasttypen EFTE skal vera så mykje betre enn å byggja glasvegger. Håpet hans var at Oase 60 grader nord kunne blitt eit signalbygg som vil bli lagt merke til i verda. «– Nå frykter jeg at vi i stedet får en grå plastpose», seier han.

Halvorsen viser til at han i fjor hadde klar ein ny modell for å innfri nye tekniske og biofaglege krav og kunnskapen om veksthus. Prosjektet blei avslutta i samsvar med krava til UiO og Statsbygg.

Me vil oppfordra både UiO-rektor Ole Petter Ottersen og museumsdirektør Arne Bjørlykke til å ta oppatt kontakten med arkitekt Stein Halvorsen. Så langt ser det ut til at han har vore villig til å strekkja seg langt for at det nye utstillingsveksthuset skal bli slik UiO og museet vil ha det. Om heile prosjektet skal begynna på null igjen, kan me risikera at det vil ta 15 nye år før eit nytt veksthus kan bli klart. Og då kan det koma ein ny rektor og ein ny museumsdirektør som vil seia at prosjektet er gamaldags og utdatert.

Dersom Stein Halvorsens versjon er rett, synest me det er grunn til å lura på kvifor han ikkje fekk høve til å diskutera dei nye argumenta, før avgjerda blei tatt. Me støttar rektor Ole Petter Ottersen i at det viktigaste er å få eit best mogleg veksthus for alle på Tøyen, men me er førebels ikkje overtydde om at Oase 60⁰ nord, er utdatert og gammaldags.

Emneord: Naturhistorisk museum, museene, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 20. juni 2013 13:39 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere