Fortener betre behandling

UiO bør bli flinkare til å leggja forholda betre til rette for desse prestisjefylte toppforskingssentra straks det er klart kor mange nye senter UiO vil få. Det skriv Uniforum-redaktøren i denne leiaren.

For Universitetet i Oslo og for dei vitskaplege tilsette er det like stort å få eit senter for framifrå forsking som det er å koma med på VM-laget for ein idrettsutøvar. Det er difor synd at professor Trond Helge Torsvik føler at det framifrå senteret han leier ikkje har fått verken den oppfylginga eller den mottakinga det fortener av Mat.-Nat-fakultetet og UiO. Han viser til at hans Senter for Jordens utvikling og dynamikk (CEED) må dela lokale med det tidlegare SFFet Senter for geologiske prosessar sin fysikk. Først for nokre dagar sidan fekk senteret eit eige skilt som viser kven og kvar dei er.

– Me føler at me ikkje har eit eige senter, det er litt emosjonelt, seier Torsvik til Uniforum. Han synest det vil vera flautt om han må tilby utanlandske forskarar eit hjørne på eit kontor saman med fire-fem stipendiatar. Samtidig viser han til at den gamle arbeidsplassen hans i Trondheim, Noregs geologiske undersøkingar (NGU) heilt sikkert ville ha rydda plass til eit slikt senter straks han hadde skaffa instituttet det. Torsvik rettar kritikken mot byråkratiet på UiO. Etter hans meining er administrasjonen for stor og det er vanskeleg å vita kven ein skal ta kontakt med. Då frustrasjonen tok overhand skreiv han eit brev til rektor, som no lovar at senteret kan få flytta inn i ZEB-bygningen på Nedre Blindern 1. mars 2014.

Det tener UiO-leiinga til ære at dei tar kritikken frå Trond Helge Torsvik alvorleg og klarer å skaffa senteret hans eit permanent lokale. Lærepengen må bli at UiO bør bli flinkare til å leggja forholda betre til rette for desse prestisjefylte toppforskingssentra straks det er klart kor mange nye senter UiO vil få. Målet må vera at eit nytt senter skal få eigne lokale frå den første dagen det startar opp. Her kan UiO læra av prosjektet Internt handlingsrom, som har som mål at ein nytilsett på universitetet skal ha både nøkkelkort, PC, kontorplass og naudsynte personalopplysningar på plass i løpet av det første døgeret etter at personen er begynt i jobben.

Om UiO kunne ta det same grepet når det gjeld behandlinga av sentra for framifrå forsking, ville det ha vist i praksis at universitetet set stor pris på at dyktige forskarar klarer å skaffa slike toppforskingssenter. Det vil ikkje seia at andre forskingsmiljø må flytta ut for at SFF-ane skal flytta inn. Kort og godt vil det seia at UiO planlegg slik at det alltid vil finnast lokale som på kort varsel kan husa nye forskingssenter. Det handlar om logistikk og om å vera resultatorientert.

Gevinsten blir at fleire toppforskarar frå inn- og utland ser seg godt tente med å ha UiO som arbeidsgjevar. Dermed får universitetet eit endå betre omdømme i forskingsmiljøa.

Emneord: Forskingspolitikk, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Personalbehandling Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 21. aug. 2013 14:10 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere