Eit rektorval til ettertanke

Det som har skuffa oss mest, er den katastrofalt dårlege valoppslutnaden. At berre 20 prosent av dei røysteføre på eit universitet brukar røysteretten sin, er ei skam både for studentane og dei tilsette på UiO.

VALDUELL: Den første valdebatten mellom rektorkandidatane Ole Petter Ottersen og Torkil Vederhus. Valdebattane klarte likevel ikkje å dra valoppslutnaden opp til meir enn 20 prosent.

VALDUELL: Den første valdebatten mellom rektorkandidatane Ole Petter Ottersen og Torkil Vederhus. Valdebattane klarte likevel ikkje å dra valoppslutnaden opp til meir enn 20 prosent.

Foto: Ola Sæther

Rektorvalet gav Ole Petter Ottersen mandat til å ta ein ny periode som rektor ved Universitetet i Oslo. Han fekk 71 prosent av stemmene, medan motkandidaten Torkil Vederhus fekk støtte frå 29 prosent av veljarane.

Det mest gledelege med rektorvalkampen har vore den breie mediedekninga den har fått, og at det faktisk har vore ein kamp mellom to kandidatar. Det har vore fleire valdebattar med høg temperatur mellom kandidatane, og masterstudent Torkil Vederhus lykkast med å få undervisning, utdanning og formidling på dagsordenen i valkampen. Og sjølvsagt gav det også rektor Ole Petter Ottersen høve til å fortelja kva hans rektorat har gjort på det området, samtidig som han heile tida også understreka kor viktig det er å satsa på forsking.

Det som har skuffa oss mest, er den katastrofalt dårlege valoppslutnaden. At berre 20 prosent av dei røysteføre på eit universitet brukar røysteretten sin, er ei skam både for studentane og dei tilsette på UiO. Rett nok er det studentoppslutnaden som er dårlegast med 15 prosent, men det er heller ingen grunn for dei vitskaplege tilsette og dei teknisk-administrative tilsette å slå seg på brystet overfor studentane, når valoppslutnaden i desse to veljargruppene ligg på godt under 50 prosent.

Dette kan gi gode argument til dei som arbeider for å avskaffa ordninga med vald rektor, og vil ha den erstatta med tilsett rektor og ekstern styreleiar, slik som tilfellet er ved NTNU i Trondheim og den private høgskulen BI. Ein av dei som fryktar dette er attvald rektor Ole Petter Ottersen:

– Det gir vatn på mølla til dei som arbeider for å få ein tilsett rektor i staden for ein vald rektor. Sjølv vil eg gjerne at rektor skal bli vald, for å gi han eller henne legitimitet hos både dei tilsette og studentane, men då må alle stemmegruppene bruka røysta si, er oppmodinga han kjem med i denne utgåva av Uniforum. Me er heilt samde med Ottersen i dette. Det er ikkje alltid at det blir så mykje betre og meir effektivt med ein tilsett rektor. Dei to siste tilsette BI-rektorane har begge hamna i klinsj med dei tilsette. NTNU i Trondheim har hatt ein tilsett rektor, og har nettopp tilsett den andre. Den første har vore temmeleg anonym utanfor Trondheim.

Me er glade for at Ole Petter Ottersen har fått mandat til å halda fram i fire år til. Han har fått plassert UiO på kartet både nasjonalt og internasjonalt. I hovudsak har han vore ein god ambassadør for UiO, sjølv om han av og til har sett hardt mot hardt som under behandlinga av prosjektet Internt handlingsrom i Universitetsstyret. Då kom han i konflikt med alle dei fire største fagforeiningane. Det er aldri bra for ein rektor å koma på kant med dei tilsette. I intervjuet med Uniforum fortel han at han synest det er ubehageleg og lovar å gjera det han kan for å ta opp igjen dialogen. For at rektoratet skal byggja opp igjen tilliten hos dei tilsette i Sentraladministrasjonen, er det viktig at fagforeiningane og rektoratet tar opp igjen samtalane om IHR og blir einige om kva dei er einige og ueinige om. Så kan dei diskutera seg fram til ei løysing som begge partar kan godta.

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorval 2013 Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 25. apr. 2013 14:57 - Sist endret 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere