Lat UiO bli grønt og elektrisk

Alle parkeringsplassane må reserverast elbilar og hybridbilar, kanskje med unntak for funksjonshemma, skriv Uniforum på leiarplass.

MILJØVENNLEGE BILAR: Berre elbilar og hybridbilar bør få bruka parkeringsplassane på UiO, skriv Uniforum på leiarplass. På biletet står universitetsdirektør Gunn-Elin A. Bjørneboe og rektor Ole Petter Ottersen med den første elbilen som folk kan leiga på UiO. (Arkivfoto)

MILJØVENNLEGE BILAR: Berre elbilar og hybridbilar bør få bruka parkeringsplassane på UiO, skriv Uniforum på leiarplass. På biletet står universitetsdirektør Gunn-Elin A. Bjørneboe og rektor Ole Petter Ottersen med den første elbilen som folk kan leiga på UiO. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Grønt UiO har gjort mykje for å peika på korleis Universitetet i Oslo kan gjera ting meir miljøvennleg enn før. Det har foreslått mellom anna både meir bruk av videokonferansar, betre resirkulering av papir og betre energiøkonomisering. Denne veka får Grønt UiO draghjelp frå litt uventa hald, nemleg Det internasjonale energibyrået IEA. Det har publisert ein eigen studie om korleis Norden kan bli ein nullutsleppsregion. Studien viser at det vil krevja ei svær utbygging av vindkraft, ei stor utbygging av kraftnettet og ei skikkeleg radikal omlegging av transportsektoren. Om det skjer, vil Norden kunna bli karbonnøytralt i 2050, står det i rapporten Nordic Energy Technology Perspectives, som blir referert på Forskingsrådets nettsider.

Konklusjonen i denne rapporten er at transportsektoren må redusera utsleppa av klimagassar til ein åttedel av det dei er i dag. For å få dette til, må salet av elbilar doblast kvart år det neste tiåret og utgjera 30 prosent av bilsalet i 2030 og 90 prosent i 2050. Ifylgje nettsidene til Forskingsrådet vil dette krevja utvikling av teknologi for å redusera kostnadene for elbilar, hybridbilar og brenselcellebilar. Lastebilar, skip og fly, som i dag står for halvparten av energiforbruket i transportsektoren, må gå over til biodrivstoff.

Grønt UiO må granska denne studien nøye, og på den måten finna gode argument for å gjera noko radikalt med dagens bilbruk på UiO. Alle parkeringsplassane må reserverast elbilar og hybridbilar, kanskje med unntak for funksjonshemma. Teknisk avdeling bør berre kjøpa elbilar eller hybridbilar når dei skal skifta ut bilparken.

UiO må også kunna sponsa dei som ikkje brukar bil med månadskort til kollektivtransport. Om ikkje det let seg gjera, bør dei som har bil og brukar parkeringsplassane, også betala ei månadleg avgift for det. Pengane kunne gå til Grønt UiO. Det er også tvilsamt om det er bruk for så mange studentplassar som det er på parkeringsplassane i dag. For dei må det vera ein stor fordel å ta kollektivtransport i staden for å kjøra til universitetet. Dersom dei har elbil, må sjølvsagt også dei få rett til å bruka parkeringsplassane. Om desse tiltaka blir gjennomførde, vil folk sjå at UiO tar klimaendringane på alvor.

Emneord: Miljøforskning, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 25. jan. 2013 15:08 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere