Bruk røysteretten!

For det aller viktigaste er at flest mogleg av både studentar og tilsette brukar røysteretten sin og viser at dei alle er einige om at rektor ved Universitetet i Oslo skal veljast og ikkje tilsetjast.

Rektorvalkampen er i gang på Universitetet i Oslo. Til all lukke har sitjande rektor Ole Petter Ottersen blitt utfordra av bioinformatikkstudenten Torkil Vederhus. Då blir det eit reelt val mellom to gode kandidatar. Ole Petter Ottersen får høve til å fortelja kva han har klart å gjennomføra i dei snart fire åra han har sete som rektor, medan Torkil Vederhus får sjansen til å fortelja kva Ottersen burde gjort betre, og kva han sjølv kan gjera med det.

Allereie no ser det ut til at valkampen vil dreia seg om kven av dei to som vil satsa mest på undervisning. Medan Ole Petter Otterssen viser til at hans rektorat prioriterer forsking og undervisning like høgt, tar Torkil Vederhus klar stilling for at han vil lata det gå meir pengar til undervisning enn det som er tilfellet i dag. Han vil også lata undervisningsdugleik telja like mykje som forskingsrøynsle når UiO skal tilsetja folk i vitskaplege stillingar. Det er liten tvil om at Torkil Vederhus er ute etter studentane og stipendiatane sine stemmer. Og det aller beste med årets rektorval er faktisk at ein student stiller opp som rektorkandidat mot ein sitjande rektor med tung, vitskapleg ballast. Det vil få studentane til å engasjera seg i rektorvalet, og me vil få ein debatt om universitetet som omfattar både studentar og dei tilsette på universitetet.

I dagens meiningsmåling i Uniforum viser det seg at Ole Petter Ottersen har eit stort fleirtal bak seg mellom dei veljarane som har bestemt seg, nærare bestemt litt over 60 prosent mellom dei vitskaplege tilsette og rundt 50 prosent mellom dei andre tilsette, medan Torkil Vederhus får rundt 10 prosent av stemmene til dei vitskaplege og 11,6 prosent frå dei andre tilsette. Hos studentane får dei om lag like høg oppslutnad, rundt 22 prosent. Det som dei begge har grunn til å vera urolege over, er at rundt 25 prosent ikkje har bestemt seg for nokon av dei to.

Rektorvalkampen blir difor viktig for å få dei til å ta stilling til ein av dei to rektorkandidatane når valet går av stabelen frå 4. til 18. april. For det aller viktigaste er at flest mogleg av både studentar og tilsette brukar røysteretten sin og viser at dei alle er einige om at rektor ved Universitetet i Oslo skal veljast og ikkje tilsetjast. Om Ole Petter Ottersen denne gongen ikkje hadde fått ein motkandidat, ville dei som arbeider for å få innført ei ordning med tilsett rektor ved UiO, fått vatn på mølla. Ved å stilla opp som rektorkandidat, har Torkil Vederhus stansa den diskusjonen. Det skal han ha honnør for. Og både Ottersen og Vederhus skal ha æra for at det blir ein debatt om Universitetet i Oslos veg inn i framtida og ein diskusjon om forholdet mellom forsking og undervisning. Godt rektorval!

 

Emneord: Rektorvalget 2013, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 13. mars 2013 14:04 - Sist endret 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere