Å læra bort og å læra av

For universiteta er det ei viktig oppgåve å prøva å finna svar på og spreia kunnskap om korleis verdas viktigaste utfordringar kan løysast.

Verken universitet eller næringsliv i Vesten bør tenkja at vårt globale samfunnsansvar berre er å læra bort vår kunnskap til land i sør og aust. Me har minst like mykje å læra av dei landa som me ofte har sett på som utviklingsland. Det var konklusjonen den svenske entreprenøren og bestseljarforfattaren Fredrik Hären kom med i eit tankevekkjande foredrag om forholdet mellom landa i Vesten og landa i Asia, Afrika og Latin-Amerika. I denne utgåva av Uniforum har me ein artikkel om korleis eit samarbeid mellom forskarar i Mali og UiO kan gi verda nye medisinar, basert på kunnskapen til dei som driv tradisjonell medisin. Den viser nettopp korleis samarbeidet kan gå begge vegar.

Fredrik Hären viste korleis velstandsutviklinga i Kina har forandra matvanane til kinesarane.  – I Beijing finn eg sjømatrestaurantar med bord til 1000 personar. Og dei er fulle kvar dag. Folk vil ha sjømat. Og dei ber ikkje om å få ris. Det er mange slike restaurantar i heile Kina. Truleg vil mange millionar kinesarar kvar dag bestilla sjømat utan ris. Kva vil det gjera med ressursane i havet? Det er ikkje meir fisk no enn for 20 år sidan. Og om kinesarane sluttar å eta ris, kva vil det gjera med risproduksjonen i Kina? Dette skremmer meg, vedgjekk han. 

Den svenske entreprenøren peika også på korleis folk i Kina og Sør-Korea er blitt verdsmeistrar i å kombinera det beste frå sin eigen kultur med det beste frå Vesten. – Dei kjenner si historie, samtidig som dei oppdaterer kunnskapane sine om det som skjer i Vesten.  Nesten alle studentar i Kina, Sør-Korea og India veit kva USAs og Russlands presidentar heiter. Nesten ingen i Vesten veit namna på presidenten i Kina og statsministeren i India. Det er rett og slett for dårleg, meinte han. Eit døme på å kombinera vestleg kultur med austleg kultur, var verdsplaga Gangnam Style frå Sør-Korea. – Det er verdast mest sette musikkvideo på YouTube. 1,6 milliardar personar har sett denne videoen, konstaterte han.

På den same konferansen fortalde den etiopiske kvinna Birkit Terefe Tiruneh kor tankelause  nokre universitet i Vesten kan vera når dei inviterer studentar frå Afrika og andre land til seg. – Då eg var på informasjonsmøtet til eit universitet i London, fekk eg vita at eg kunne lasta ned all informasjon om faget ved hjelp av ein berbar PC. Problemet var at eg hadde ingen berbar PC, og eg hadde heller ikkje råd til å skaffa meg ein, fortalde ho.

Begge desse innleiarane kom med gode bidrag som fekk oss til å sjå verda på ein annan måte.  Det viktige er at jorda er vår felles eigedom og om klimakrisa og andre menneskeskapte kriser skal løysast, så må alle landa jobba saman for det. Me gir også rektor Ole Petter Ottersen heilt rett i at alle har eit felles ansvar for å fjerna fattigdom, betra verdshelsa, løysa klimakrisa og skapa alternative energiformer. – På mange område har me mykje å læra av land som Kina og land i Afrika. Samtidig må me slå ring om funksjonen universiteta har som vaktbikkjer overfor resten av verdssamfunnet, konstaterte han.

For universiteta er det ei viktig oppgåve å prøva å finna svar på og spreia kunnskap om korleis verdas viktigaste utfordringar kan løysast. Når det gjeld respekten for menneskerettar og for rettane til individet, har mange av dei landa som i dag har den mest rivande økonomiske utviklinga, endå mykje å læra av dei mest demokratiske landa både i Vesten, i Asia, i Latin-Amerika og i Afrika. Difor må me halda fram med å insistera på at menneskeverdet til ein kinesar er like mykje verdt som ein person frå eit land der menneskerettane blir respekterte.

 

Emneord: Internasjonalisering Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 22. mai 2013 23:39 - Sist endret 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere