Ta vare på nobelprisvinnarane!
Jubileumsåret 2011 må vera det perfekte året for å markera tre av dei verdskjende forskarane som har sett Universitetet i Oslo på kartet.
I dagens Uniforum kjem økonomiprofessor Olav Bjerkholt med ei breiside mot den behandlinga verdas første nobelprisvinnar i økonomi, Ragnar Frisch er blitt til del både av Økonomisk institutt og av universitetet. Han viser til at Universitetet i Oslo takka nei til Ragnar Frisch sine private arkiv og papir, sjølv om det var Frisch sin testamentariske vilje. Til slutt hamna papira på eit lager hos Nasjonalbiblioteket i Henrik Ibsens gate, der Olav Bjerkholt har fått tak i dei, og fått høve til å gå gjennom dei.
Bjerkholt meiner også at etterfylgjarane til Frisch på Økonomisk institutt var redde for å koma i skuggen både av Frisch og den andre nobelprisvinnaren i økonomi, Trygve Haavelmo. Det er grunnen til at forskingsarbeida deira ikkje finst på pensum til dagens økonomistudentar.
Bjerkholt har no sjølv gjort ein god del for å bøta på denne skaden, ved å bidra til publiseringa av to bøker som får dei viktigaste forelesingsseriane hans frå Paris og Yale fram i lyset igjen. Frisch hadde også ein ganske uakademisk bakgrunn, fortel Bjerkholt til Uniforum.
– Planen var at han skulle arva faren si gullsmedforretning. Difor tok han også svennebrev som sølvsmed og blei medeigar i forretninga. Men mora hans meinte at han også hadde akademiske interesser. Saman blei ho og sonen einige om at han kunne byrja å studera økonomi på universitetet fordi det såg ut til å vera både det enklaste faget og det kortaste studiet å ta, seier Bjerkholt. Det viser at Frisch også kunne vore hovudpersonen i ein akademisk roman frå universitetet.
Med tanke på den statusen som det gir eit universitet å ha to nobelprisvinnarar i økonomi, i tillegg til Odd Hassel som fekk Nobelprisen i kjemi, så tykkjer Uniforum at Olav Bjerkholt har opptil fleire poeng. Det har vore planar om å ha ei eiga utstilling om forskingsarbeidet og livet til UiO sine nobelprisvinnarar, utan at responsen har vore særleg stor, ifylgje Bjerkholt.
Jubileumsåret 2011 må vera det perfekte året for å markera tre av dei verdskjende forskarane som har sett Universitetet i Oslo på kartet. Det kan kanskje bli UiOs og Økonomisk institutts julegåve til kvarandre.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere