Lat finansieringa bli berekraftig!

På klimatoppmøtet i København skal Noregs statsminister Jens Stoltenberg halda fram med den kunsten det er å framstilla ein av verdas største oljeeksportørar som eit av dei landa i verda som gjer mest for å redda klimaet.

FORNYBAR: Vindkraft er ei av dei fornybare energiformene. Denne moderen vindmølla ligg i Belgia.

Foto: David Herremann, Flickr

Neste veke startar klimatoppmøtet i København.Verdsleiarar som USAs president Barack Obama og Kinas president Hu Jintau skal delta. Det skal også Noregs statsminister Jens Stoltenberg. Der skal han halda fram med den kunsten det er å framstilla ein av verdas største oljeeksportørar som eit av dei landa i verda som gjer mest for å redda klimaet.

Då er det viktig at desse verbale lovnadene om auka satsing på fornybar energi som vindkraft, bylgjekraft og solenergi blir omsett til handling. Skal det vera mogleg å få til må det også investerast pengar i den forskinga som skal finna løysinga på verdas energibehov etter at oljealderen er over.

Mellom fagmiljøa på UiO som arbeider med dette, er Senter for materialvitskap og nanoteknologi og Fysisk institutt. Der held dei på med å utvikla nye og meir effektive materialar som kan brukast innanfor fornybar energi.

Instituttleiarane Svein Stølen og Einar Sagstuen viser i dagens Uniforum til at det er kjemikarane og fysikarane sin evne til å bidra til utviklinga av slike nye materialar som vil gi oss nøkkelen til energikoden. Dei synest difor det er ein slåande kontrast mellom viljen regjeringa viser til å satsa på fornybar energi, og den systematiske nedbygginga av realfagsmiljøa dei siste ti til femten åra.

Begge skuldar på dagens finansieringsordning som dei meiner er langt frå berekraftig for dei forskingsmiljøa som skal ta oss inn i eit samfunn som ikkje er basert på fossil energi.

– Den sterke koplinga mellom studenttal og økonomi tar ikkje nok høgd for at universiteta ikkje berre skal utdanna realistar, men også utføra forsking på høgt internasjonalt nivå, meiner dei. Difor etterlyser dei ei ordning på lik linje med det medisinstudia i dag har. Der får dei ei større tildeling for kvart studiepoeng enn det realfaga får i dag. Dette kan gi realfaga eit heilt anna økonomisk grunnlag, og kunna vera med på å finansiera krafttaket i forsking på fornybar energi som i framtida vil gi oss berekraftige løysingar, trur dei.

Dei to forskarane peikar på at dette kan gi Noreg høve til å byggja opp ein stor del av framtidas berekraftige næringsliv. Difor bør regjeringa gå saman med forskingsmiljøa for å finna ein betre måte å finansiera denne forskinga på. Om ikkje det går, bør dei i det minste få oppfylt ynsket sitt om å få tildelt like mykje pengar for kvart studiepoeng som på medisin.

Det er eit rimeleg krav. Dette handlar jo om jordas helse.
 

Emneord: Miljøforskning, Naturfag Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 2. des. 2009 16:19 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere