Godt val!

Denne veka møter rektorkandidatane Ole Petter Ottersen og Trygve E. Wyller kvarandre i dei siste og kanskje avgjerande rektorvaldebattane. I dei debattane som har gått av stabelen så langt, har begge kandidatane vist seg som svært taleføre.

Denne veka møter rektorkandidatane Ole Petter Ottersen og Trygve E. Wyller kvarandre i dei siste og kanskje avgjerande rektorvaldebattane. I dei debattane som har gått av stabelen så langt, har begge kandidatane vist seg som svært taleføre. Medan det aller første debattmøtet var prega av nesten gemyttleg stemning mellom Wyller og Ottersen, har dei verbale konfrontasjonane blitt hyppigare både på debattsidene til Uniforum og i Aftenposten.

Etter at Aftenpostens kommentator Knut Olav Åmås gjekk ut og gav klar støtte til Ole Petter Ottersen, og Morgenbladets skribent, Marit K. Slotnæs ei stund etter skreiv at prorektorkandidat Inga Bostad var ein svært truverdig garantist for Ottersens kandidatur, har Wyller sine støttespelarar kome på bana og sendt fleire innlegg til Aftenposten om kor viktig det er at Wyller blir vald til UiOs neste rektor.

Medan begge rektorkandidatane i byrjinga av rektorvalkampen helst ikkje ville seia noko negativt om konsekvensane for UiO dersom motkandidaten vinn rektorvalet, er det ikkje lenger vanskeleg å få dei til å koma med slike utsegner. Begge har likevel vore både danna og høflege og gått til åtak på ballen og ikkje på mannen. Det har ikkje utarta til personangrep frå nokon av partane.

På den måten har det vore ein akademisk valkamp, der det gode argumentet har vore viktigare enn å gjera motparten til latter. Det skal begge ha stor honnør for. Universitetet i Oslo vil få ein dyktig og synleg rektor, same kven av dei to kamphanane som blir valde. Så langt ser det ut til at både Wyller og Ottersen har støtte frå eit vidt spekter av tilsette og studentar frå alle fakultet og fagområde.

Eit stridsspørsmål mellom dei er synet på om sentram for framifrå forsking tar pengar frå andre forskingsområde. Ei stund verka det som om Trygve E. Wyller ville ha omkamp om avgjerda om å byggja eit Life Science- og kjemibygg i Gaustadbekkdalen. Tidlegare i månaden gjorde han det likevel heilt klart at han står fast på avgjerda om å få realisert dette byggjeprosjektet.

Medan Ole Petter Ottersen lenge gav uttrykk for at det ville vera mogleg å få meir ressursar ved å overtyda dei politiske styresmaktene om at UiO må få meir pengar på grunn av den viktige verksemda som går føre der, har også han byrja å snakka om behovet for interne innsparingar og effektiviseringstiltak. Både Ottersen og Wyller er også varme talsmenn for universitetsdemokratiet.

Me vil difor oppfordra veljarane til å setja seg godt inn i valprogramma til dei to kandidatane og lesa valintervjua med dei i Uniforum. Kanskje dei då vil finna ut kven dei helst vil ha som rektor. Bruk røysteretten!

Me ynskjer Universitetet i Oslo eit godt val.
 

Emneord: Rektorvalget 2009 Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 26. mars 2009 11:07 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere