- Me må driva sjølvsensur

– Eg intervjuar studentar om korleis dei opplevde det mislykka statskuppet. No er eg spent på kva som vil skje når eg skal intervjua folk utanfor universitet. Det seier doktorstudent Aysu Mutlutürk.

SJØLVSENSUR: – Det er mange forskarar som no driv sjølvsensur fordi me opplever at det er visse avgrensingar i ytringsfridomen på dette universitetet, fortel doktorstudent Aysu Mutlutürk.

Foto: Ola Sæther

Akademisk fridom under press i Tyrkia

Istanbul:

Uniforum møter Aysu Mutlutürk på ein kafé utanfor det store, statlege Boğaziçi-universitetet i Istanbul. Ho har eitt år igjen før ho blir ferdig med doktorgraden i psykologi. – Eg

Tidslinje:

11. januar: Academics for Peace publiserer kravet om stans i krigshandlingane i dei kurdiske områda og at partane startar fredsforhandlingar.

Februar:  Dei første akademikarane får sparken eller blir arresterte for å ha skrive under på kravet frå Academics for Peace.

15. juli: Kuppforsøk mot president Recip Tayyip Erdogan. Mange hundre soldatar og sivile blir drepne.

16. juli: Presidenten startar arrestasjonar av akademikarar, juristar og andre som han skuldar for å sympatisera med Fethullah Gülen .

23. juli: 15 universitet som skal vera finansierte av Gülen-rørsla blir stengde av styresmaktene. 

17 000 tilsette innanfor høgare utdanning har mista jobbane sine.

skriv om kollektivt minne. Det vil seia kva kollektive minne folk har om viktige hendingar. Akkurat no held eg på med å snakka med studentar om korleis dei opplevde det mislykka statskuppet 15. juli. Når eg er ferdig med det, skal eg snakka med folk utanfor universitetet om det same temaet.

– Og korleis ser du på det?

– Eg er litt spent på om eg får det gjennomført slik eg vil. Det er mange forskarar som no driv sjølvsensur fordi me opplever at det er visse avgrensingar i ytringsfridomen på dette universitetet, fortel ho.

På det universitetet ho går på, er det væpna vakter i hovudporten og piggtråd på muren rundt universitetet. – Slik har det vore dei siste seks åra. Det er på grunn av frykt for terrorisme og har ingenting å gjera med det mislykka kuppforsøket, fortel Aysu Mutlutürk.

 –Tøffare å vera forskar i Tyrkia etter kuppforsøket

Ser til Danmark

Når ho er ferdig med doktorgraden, håpar ho å koma seg inn på eit postdoktorprogram. – Det kan godt henda at det blir på eit universitet i Tyrkia, men eg har også høyrt mykje positivt om forskingsmiljøet på kollektivt minne ved Aarhus Universitet i Danmark. Og for ei stund sidan var eg på ein to veker lang forskarkonferanse i St. Louis i Minnesota i USA. Eg likte meg også der, sjølv om det var midt på den kaldaste vinteren, seier ho.

Aysu Mutlutürk har også lagt merke til at det er blitt mykje tøffare å vera akademikar i Tyrkia no enn tidlegare. – Det har vore store kutt i stipenda som me kan søkja om å få. Konkurransen om å få dei er større og om du får dei, får du mindre pengar enn før. Difor må mange jobba ved sidan av doktorstudia. Difor seier eg at doktorstudentar må jobba dobbelt så mykje som vanlege folk.

Gjekk imot gjeninnføring av dødsstraff - mista jobben

Støttar president Erdogan

I ein annan del av Istanbul, ligg det private universitetet Istanbul Bilgi University. Der treffer me marknadsføringsstudenten Yigit Simsek og kommunikasjonsstudenten Yusuf Uzunalli. Den førstnemnde er på sommarkurs for å forbetra karakterane sine, medan sistnemnde har lyst til å halda fram med nye universitetsfag etter at han avslutta eit fag i vår. Dei er begge to glødande tilhengjarar av politikken til president Recip Tayyip Erdogan. – Det var rett av han å arrestera og fengsla folk som han meinte stod bak forsøket på statskupp. No kan me føla oss mykje tryggare på at det ikkje skal skje igjen, meiner Yigit Simsek og Yusuf Uzunalli.

STØTTAR ERDOGANS TILTAK: Kommunikasjonsstudenten Yusuf Uzunalli (t.v.) og  marknadsføringsstudenten Yigit Simsek støttar arrestasjonane av folk som president Erdogan meiner stod bak kuppforsøket i Tyrkia 15. juli. (Foto: Ola Sæther)

 

– Korleis opplevde de kuppforsøket?

Det skjedde i helga medan me var heime, men dagen etter kunne me ikkje gå ut i gatene i Istanbul. Me blei svært skræmde. Men på måndagen kunne me gå på universitetet som vanleg, fortel dei. Begge rår norske studentar å koma til Istanbul for å studera. – Ja, absolutt. Om nokre dagar kjem ein amerikansk venn hit på eit kortare studieopphald, seier Yigit Simsek.

Den akademiske fredsprotesten

Nokre dagar seinare møter me to forskarar som er aktive i Academics for Peace. Dei kjenner ikkje kvarandre frå før, men dei har hatt kontakt via internett. Begge vil vera anonyme. Nettverket dei er ein del av, begynte som ein protest mot krigshandlingane i dei kurdiske områda i den søraustlege delen av Tyrkia. Dei kravde straks slutt på krigen og at regjeringa og dei væpna, kurdiske gruppene sette seg til forhandlingsbordet. Over 2000 akademikarar skreiv under appellen, då den blei send ut 11. januar i år. Mange av underskrivarane har fått sparken frå universiteta, medan det ikkje har fått like dramatiske konsekvensar for andre.  

– Situasjonen i dei kurdiske områda har dessverre ikkje blitt betre etter at me sette i gang underskriftsaksjonen vår. Det går føre seg reelle krigshandlingar der no, seier dei til Uniforum.

Eit nettverk av advokatar hjelper no dei som har fått problem med styresmaktene etter å ha skrive under på kravet frå Academics for Peace. Også legeforeininga og andre fagforeiningar har gitt dei støtte. – Politiet i Istanbul har fått oppdraget med å avhøyra alle dei 2000 som har skrive under på appellen vår. Det vil ta lang tid før den jobben er ferdig, konstaterer dei.

Inviterte ikkje kurdiskvennleg parti

Etter kuppforsøket den 15. juli kalla president Recip Tayyip Erdogan alle partia inn til ein felles demonstrasjon for å slå ring om den nasjonale einskapen i Tyrkia. Men han inviterte ikkje det kurdiskvennlege partiet HDP, som også får støtte frå tyrkarar som sympatiserer med venstresida. – Partiet blei ikkje invitert, og difor kom det heller ikkje på folkemøtet, slår dei to aksjonistane fast.

No får Academics for Peace også støtte frå internasjonalt kjende akademikarar. – Den amerikanske lingvistikkprofessoren Noam Chomsky er ein av dei som støttar oss, fortel dei. Dei meiner at president Erdogans kampanje mot sympatisørane til Fethullah Gülen har gått ut over folk som ikkje har noko med den konflikten å gjera. – Det er dei to som har laga eit parallellsamfunn. Men det er me akademikarar som er blitt offera no.

 

Emneord: Tyrkia, Akademisk frihet, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2016 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere