Gir 30 millionar til redningsaksjonen for Osebergsamlinga

Regjeringa og UiO løyver til saman 30 millionar kroner til prosjektet Saving Oseberg II i forslaget til statsbudsjett for 2017. Det kunngjorde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Vikingskipshuset i formiddag.

PENGELØFTE: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kunngjer at Saving Oseberg får 30 millionar kroner over tre år i statsbudsjettet for 2017. Stortingspolitikarane Mazyar Keshvari frå FrP, Kristin Vinje frå Høgre, Hans Olav Syversen frå KrF og Trine Skei Grande frå Venstre var også til stades.

Foto: Ola Sæther

Det var for rundt ein månad sidan Uniforum kunne melda at leiinga ved UiO og ved Kulturhistorisk museum hadde bede regjeringa om ei løyving på 30 millionar kroner for å kunna vidareføra redningsaksjonen for gjenstandane i Osebergsamlinga "Saving Oseberg."  No er både universitetsleiinga og museumsleiinga blitt bønhøyrde. 

Litt etter klokka 11 i formiddag  troppa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen opp og avslørte at han hadde med seg eit konkret pengeløfte frå regjeringa. 

– I statsbudsjettet for 2017 vil me saman med Universitetet i Oslo løyva 30 millionar kroner til vidareføring av Saving Oseberg fram til 2020. Og me reknar med at både representantane for regjeringspartia og støttepartia våre i Stortinget vil gi oss full støtte til dette, sa han, og kasta eit blikk på første stolrada under den korte pressekonferansen i Vikingskipshuset.

Der sat leiaren for Stortingets finanskomite, Hans Olav Syversen frå KrF, Trine Skei Grande frå Venstre, Kristin Vinje frå Høgre og Mazyar Keshvari frå FrP.

Noregs pyramidar

Torbjørn Røe Isaksen var også opptatt av at dette var Noregs viktigaste verdsarv. 

– Osebergsamlingane med Osebergskipet, og med Gokstadskipet og dei andre gjenstandane frå vikingtida, er Noregs pyramidar. Prosjektet Saving Oseberg har arbeidt for å hindra at denne verdsarven skal smuldra opp, understreka Røe Isaksen.

Dei 30 millionar kronene skal fordelast med 10 millionar årleg fram til 2020. Universitetet i Oslo vil løyva halvparten av denne summen, medan Kunnskapsdepartementet løyver den andre halvparten. Det vil seia at det årleg vil gå fem millionar kroner frå kvar av dei to pengekjeldene frå 2017 til og med 2020.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er godt nøgd med den løysinga.

– Me er letta og takksame for gladmeldinga frå Kunnskapsdepartementet. No får me midlar til å vidareføra redningsaksjonen for Osebergfunnet - eitt av våre mest berømte arkeologiske funn og ein av Noregs største turistattraksjonar. Osebergfunnet er ein verdensarv - ikkje noko mindre, er kommentaren frå Ole Petter Ottersen.  Han synest det er heilt greitt at pengane er blitt realiserte gjennom ein felles dugnad mellom UiO og Kunnskapsdepartementet.

– Dette er et godt spleiselag. Vi er klare til å bidra med delfinansiering over eige budsjett, sa Ole Petter Ottersen då Uniforum var i kontakt med han i ettermiddag.

Gir skryt til Venstre

Også direktør Håkon Glørstad frå Kulturhistorisk museum var nøgd med dette nyhendet.

– Dette er ein fin dag å vera direktør for Kulturhistorisk museum på, slo han fast.

Mange vil gi Trine Skei Grande og Venstre æra for at denne løyvinga endeleg har kome.

 – Det kan ikkje eg stadfesta, sa Trine Skei Grande, og såg bort på museumsdirektør Håkon Glørstad.

– Men det kan eg, sa han. – I slike saker er det viktig å ha gode støttespelarar, slo han fast.

– Viktig avgjerd for historiefaget

Trine Skei Grande var viss på at avgjerda om å løyva 30 millionar til arbeidet med å redda gjenstandane frå Osebergsamlinga, vil få mykje å seia.

– Det vil vera svært viktig for historiefaget. For i dagens samfunn med terrorisme og islamfobi, er historiekunnskap heilt naudsynt. Haldningane som Polen og andre land i Aust-Europa har, der dei med stor iver går inn for å endra historia, viser kor viktig det er å ha historiekunnskapane med seg, presiserte Skei Grande.

– Vikingtida har gjort oss kjende som barbarar, men i vikingtida utvikla me også banebrytande teknologi og ikkje minst eit folkeleg demokrati, som danna ein god del av grunnlaget for Grunnlova, då den blei vedtatt i 1814. Me kan også læra av møtet mellom islam og kristendom under vikingtida. Derfor håpar eg at denne løyvinga er med på å styrkja stillinga til historiefaget, slik at alle norske høgskular og universitet kan dekkja heile verdshistoria med nok historieprofessorar, understreka ho. 

– Glade

Direktør Håkon Glørstad var svært nøgd med kunngjeringa om at det no blir løyvt nok pengar til at den kompetansen som er bygd opp på første delen av prosjektet Saving Oseberg, kan halda fram og føra vidare arbeidet med å utvikla gode metodar for å konservera og ta vare på desse gjenstandane for ettertida. 

– Me er veldig glade for dette. No kan dei tilsette i prosjektet arbeida vidare med full styrkje, sa Glørstad til Uniforum.  

MILLIONAR TIL KONSERVERING: Redningsaksjonen for Osebergsamlinga, Saving Oseberg får 30 millionar kroner til å føra vidare arbeidet frå 2017 til og med 2020. Halvparten vil koma frå Kunnskapsdepartementet og halvparten frå UiO. Her kjem kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen saman med direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum for å kunngjera nyhendet i Vikingskipshuset på Bygdøy. (Foto: Ola Sæther)

Kan utvikla betre konserveringsmetodar

Saving Oseberg har allereie vore i gang i nesten tre år. I denne perioden har dei forsøkt å finna ut kva kjemiske samansetjingar som vil vera dei beste for å ta best mogleg vare på desse over 1000 år gamle gjenstandane utan at dei smuldrar opp.

– Med 30 millionar kroner til i tre år frå neste år, får me tid til å testa og prøva ut dei konserveringsmetodane me er i ferd med å utvikla. Slik kan me finna ut kva metode som vil vera den aller beste, sa prosjektleiar Torunn Klokkervik til Uniforum.  

Tidlegare blei det brukt alun for å konservera dei gamle tinga. Seinare viste det seg at alun har gjort ein god del skade på desse tinga.

– Det var den beste konserveringsmetoden som fanst, då dei begynte å bruka den, fortalde Klokkervik. 

Verken ho eller direktør Håkon Glørstad fekk noko langt forvarsel om at det i dag ville bli kunngjort at prosjektet skulle få tildelt desse pengane.

– Difor har me heller ikkje fått planlagt noko feiring, sa Torunn Klokkervik.

Les tidlegare saker om Osebergsamlinga i Uniforum.

Regjeringa lovar ikkje pengar til Osebergsamlinga no

UiO ber om 30 millionar for å redda Osebergsamlinga

Ikke penger til å redde Osebergfunnet fra å smuldre opp

Fotograferer fortida for framtida

Bjørvika skrinlagt som tomt for Kulturhistorisk museum

Museet som kan bli historie

(Oppdatert kl. 16:25 og 17:39)

 

Emneord: Kulturhistorisk museum, Vikingskipene, Vikingskipshuset Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2016 13:01 - Sist endra 3. mai 2016 17:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere