UiO ber om 30 millionar for å redda Osebergsamlinga

Den første delen av redningsaksjonen for Osebergsamlinga blir avslutta i desember. No ber UiO regjeringa om pengar for å føra prosjektet vidare i tre år til.

SKJØR: Denne skjøre sleden blei funnen i Osebergskipet saman med dei to kvinnene som var gravlagde der. (Arkivfoto. Ståle Skogstad)

Det er i eit brev til Kunnskapsdepartementet at Universitetet i Oslo ber om ein serskild pott på 29,6 millionar kroner til å halda fram med arbeidet med å ta vare på dei dyrebare samlingane frå Osebergfunnet.

Får støtte frå Stortinget

Kunnskapsdepartementet gav i 2012 klarsignal for finansiering av den første fasen av prosjektet «Saving Oseberg». Prosjektet fekk løyvd pengar til og med 2016. I brevet frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, blir det peika på at Kunnskapsdepartementet ser ut til å ha rekna prosjektet som avslutta når den første delen er ferdig. Dei viser til at det heile tida har vore meininga at prosjektet må drivast vidare med ein fase 2. «En fase II av prosjektet har hele tiden vært en forutsetning for forsvarlig sikring av Osebergfunnet».  Universitetsleiinga understrekar at dei har støtte frå Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité i dette ynsket.

Alun øydela gjenstandane

Den andre fasen av redningsaksjonen for Osebergsamlinga har fått namnet «Saving Oseberg Fase II-Fra Lab til Pilot. I fylgje brevet frå toppleiinga ved UiO skal resultata frå fase I vera ein del av ein omfattande pilotstudie der ei rekkje ulike konsolidantar og materialar blir testa på fragment og prøvar av alunkonservert tre.  Tidlegare blei alun brukt som stoff for å ta vare på gamle materialar av tre. Seinare viste det seg at alun gjorde meir skade enn gagn, og mange av gjenstandane er i ferd med å gå i oppløysing nettopp på grunn av den tidlege bruken av alun, går det fram av ein artikkel i Uniforum frå 26. november i fjor.  

Hastesak

Den gongen varsla direktør Håkon Glørstad i Kulturhistorisk museum at det hasta med å få på plass planar for korleis Oseberggjenstandane kunne takast vare på på ein best mogleg måte. Då sa han at dei arbeidde på spreng med planane for eit nytt vikingstidsmuseum på Bygdøy.  – Vi må ha en god plan for å sikre funnene før byggearbeidene starter, sa  museumsdirektør Håkon Glørstad til Uniforum den gongen.

Alarmklokkene har også ringt hos universitetsleiinga. I søknaden dei har sendt til Kunnskapsdepartementet, blir det trekt fram at det no er avgjerande at dei konserveringsmetodane som blir valde, er stabile over tid. Dette må bli heilt klart før dei kan brukast på originale gjenstandar frå Osebergsamlinga, går det fram av brevet.  Dei tre mest kritiske områda som ein behandlingsmetode må omfatta, blir også lista opp. Det handlar om nøytralisering av svovelsyra som blir danna i treet, inaktivering av dei skadelege metallionane som finst i treet og å styrkja og stabilisera den nedbrotne strukturen.

Fryktar dei kan mista spesialkompetansen

Etter planen skal den andre delen av redningsaksjonen for Osebergsamlinga vara i tre år, fram til og med 2019. UiO søkjer altså om 29,672 millionar fordelte på i underkant av ti millionar kroner i året.

Om Kunnskapsdepartementet ikkje går inn for denne løyvinga på statsbudsjettet for 2017, fryktar UiO at dei ikkje lenger kan halda på den spesialkompetansen som er utvikla i den første fasen av prosjektet. «Dette vil være et meget alvorlig tilbakeslag for sikringsarbeidet og vil svekke mulighetene for å bevare denne unike samlingen for framtiden»,  åtvarar rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa.  Bjørneboe.

Om førespurnaden fører fram, får me først vita når regjeringa i oktober presenterer forslaget til statsbudsjett for 2017.

På Kulturhistorisk museum er håpet at arbeidet for å sikra og konservera Oseberggjenstandane er ferdig i god tid før byggearbeidet på det nye vikingstidsmuseet på Bygdøy tar til rundt 2020.

 

Les også desse Uniforum-artiklane:

Ikke penger til å redde Osebergfunnet fra å smuldre opp

Fotograferer fortida for framtida

Bjørvika skrinlagt som tomt for Kulturhistorisk museum

Museet som kan bli historie

Emneord: Oseberg, Universitetspolitikk, Kulturhistorisk museum, Vikingskipshuset Av Martin Toft
Publisert 7. apr. 2016 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere