Vedtok å oppretta to vitskapsombod ved UiO

UiO skal oppretta to vitskapsombod fordelte på ulike fakultet. Det vedtok Universitetsstyret i ettermiddag. 

VEDTOK VITSKAPSOMBOD: Universitetsstyret med rektor Ole Petter Ottersen i brodden vedtok i dag å oppretta to vitskapsombod fordelte på ulike fakultet. Til høgre sit prorektor Ragnhild Hennum og viserektor Knut Fægri. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Det var i går Uniforum kunne melda at Universitetsstyret truleg ville vedta å oppretta to vitskapsombod på UiO. Eitt av vitskapsomboda får ansvaret for saker frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Det medisinske fakultetet og Det odontologiske fakultetet. Det andre ombodet får ansvaret for å ta seg av saker hovudsakleg på Det humanistiske fakultetet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Om jus, utdanningsvitskap og teologi også vil høyra til ansvaret for det siste vitskapsombodet, går ikkje klart fram av sakspapira. 

Tanken er at dagens forskingsombod på Det medisinske fakultetet og Oslo universitetssykehus kan utvidast til ei stilling på mellom 30 og 40 prosent. For vitskapsombodet på HumSam blir hovudoppgåva å ta seg av klager og problem frå doktorstipendiatar og postdoktorar. Til saman vil dei to vitskapsomboda utgjera mindre enn ei stilling.

Foreslått av Kristian Gundersen

Det var hausten 2014 styremedlem og biologiprofessor Kristian Gundersen la fram eit forslag for Universitetsstyret om å oppretta eit vitskapsombod. Formålet med forslaget hans var «å bidra til å verne om akademisk frihet, fremme god vitenskapelig kultur, forebygge vitenskapelig uredelighet og bidra til at saker løses på et lavest mulig nivå.» Den gongen bad Universitetsstyret administrasjonen om å utarbeida ein analyse over område som ikkje er godt nok dekte med dei eksisterande ordningane. Dei blei bedne om konkrete døme på saker frå ulike delar av organisasjonen og døme på utanlandske institusjonar som har slike ombod.

I gjennomgangen av behovet for vitskapsombod har Avdeling for personalstøtte vore i kontakt med forslagsstillar Kristian Gundersen, medisinprofessor Johan Storm, leiar for Forskingsetisk utval ved UiO, Svein Aage Christophersen, medlem av Universitetsstyret, Sofie Høgestøl, som også er stipendiat ved Det juridiske fakultetet, og forskingsombod Peter Kierulf ved Det medisinske fakultetet.

Skal dekkja område som ikkje blir dekte i dag

I sakspapira går det fram at hovudargumentet for å oppretta dei to vitskapsomboda er at det finst område og tema, som ikkje blir omfatta av arbeidsoppgåvene til hovudverneombodet, Forskingsetisk utval eller til fagforeiningane.  Omboda skal stella med ting som har å gjera med problem som til dømes misbruk av makt og krav om medforfattarskap innanfor forsking. Derimot skal dei ikkje stella med ting som omfattar arbeidsgjevaransvaret til UiO.

"Ingen Nedkvitne-sak"

I ein kommentar på Uniforums nettsider meiner tidlegare professor Arnved Nedkvitne at om det hadde vore eit vitskapsombod i 2009, ville det ikkje ha blitt noko Nedkvitne-sak. Som kjent mista han jobben som professor i mellomalderhistorie, og seinare tapte han søksmålet mot UiO både i Oslo byrett  og i Borgarting lagmannsrett.

"Gratulasjoner til Kristian Gundersen! Dersom forskerombudet hadde eksistert i 2009, ville det ikke vært noen "Nedkvitne-sak", og jeg ville fortsatt hatt jobben min!", skriv han i kommentarfeltet.  Derimot er han spent på korleis mandatet til vitskapsomboda blir. "Universitetsdirektøren skal utarbeide mandat for ordninga, som så skal legges fram for universitetsstyret. Så vi får se...."

Håpar vedtaket vekkjer ny debatt om forskarfridomen

Leiar i Forskarforbundet, Petter Aaslestad har ikkje sett det fullstendige vedtaket, men han synest intensjonen med å oppretta vitskapsombod på UiO, er bra.

- Formålet er å verna om den akademiske fridomen. Derfor er dette ein fin måte for ein institusjon å respondera på universitets- og høgskulelova som  forpliktar institusjonane til å fremja og å verna den akademiske fridomen. Så kan henda ligg Universitetet i Oslo litt i forkant i denne utviklinga, seier han i ein kommentar til Uniforum. 

Petter Aaslestad peikar også på at i debatten rundt ynsket om at norske lærestader må bli verdsleiande, har den viktige debatten rundt forskarfridomen nesten drukna.  - Om vedtaket om å oppretta to vitskapsombod ved UiO, kan bidra til å få den debatten i gang igjen, er det fint, synest Aaslestad.

- Men det er viktig at vitskapsomboda ikkje overtar ansvaret for område som i dag er eit leiaransvar, legg han til.

 

Emneord: Etikk, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 8. des. 2015 16:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere