UiO misnøgd med forskingsdatabasen Cristin

Universitetet i Oslo rettar sterk kritikk mot måten forskingsdatabasen Cristin fungerer på. – No skal me skjerpa oss, lovar Cristin-direktør Katrine Weisteen Bjerde.

 

DÅRLEG INFORMASJON:  – Me legg oss heilt flate og vedgår at det som det først og fremst har skorta på, er ekstern informasjon, seier Cristin-direktør Katrine Weisteen Bjerde.

Foto: Ola Sæther

Cristin er forskingsdatabasen som samlar alle vitskaplege artiklar og fagbøker frå forskarar frå 160 norske forskingsinstitusjonar og sjukehus. Alt som ein forskar har samla i Cristin kan forskaren bruka når han eller ho søkjer om pengar frå Forskingsrådet, EUs forskingsprogram eller søkjer seg ei ny stilling. For institusjonane er forskingsdatabasen svært viktig fordi vitskapleg publisering gir pengar tilbake gjennom teljekantsystemet.

UiO ikkje nøgd

No viser det seg at Cristin enno ikkje heilt har klart å oppfylla forventingane som mellom andre Universitetet i Oslo har hatt til systemet. Det går fram av eit brev som universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe sende til direktør Katrine Weisteen Bjerde i Cristin i august. Der går det fram at UiO er misnøgd med at forskingsdatasystemet enno ikkje er lasta inn på ei ny teknologisk plattform, slik brukarinstitusjonane fekk lovnad om då Cristin blei lansert i desember 2010.

Etter UiOs oppfatning har heller ikkje intensjonen om å ha stor grad av brukarmedverknad i utvikling av systemet, blitt innfridde. Brukarane var med i arbeidsgruppene frå starten, men dei blei snart lagde ned. Leiinga ved UiO ber difor om at leiinga for Cristin etablerer nye forum for brukarmedverknad, som involverer både leiinga og dei som arbeider i felten.

Det siste punktet UiO kritiserer Cristin for, er at data er lite tilgjengelege for uttak. Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe meiner at dette er uheldig, sidan det blir lagt så mykje arbeid i manuell registrering og kvalitetssikring av vitskaplege publikasjonar. UiO ynskjer også å bidra til at statistikkverkøyet Tableau blir ei framtidig løysing for brukarinstitusjonane.

– Legg oss heilt flate

Cristin-direktør Katrine Weisteen Bjerde er langt på veg einig i kritikken frå Universitetet i Oslo. – Me legg oss heilt flate og vedgår at det som det først og fremst har skorta på, er ekstern informasjon. No skal me skjerpa oss og sørgja for at det kjem oppdaterte nyhende på nettsida vår, når det skjer noko nytt, lovar ho.  

I Cristin er det i dag 17 tilsette, ni av dei jobbar med brukarstøtte, opplæring og innhenting av publikasjonar i Cristin-databasen. Dei andre arbeider mellom anna med forhandlingar for å gi forskarar tilgang til vitskaplege tidsskrift og med open tilgang til forskingsresultat.

– Ein så liten organisasjon må informera omverda om det som skjer hos oss. Det var litt godt å få brevet frå universitetsdirektøren, fordi det så klart uttrykkjer kva me kan bli betre på, slår ho fast.  

– Krevjande

Katrine Weisteen Bjerde vedgår at dei nok var altfor optimistiske då dei lova at Cristin skulle vera på plass på ein ny teknologiplattform 2-3 år etter lanseringa i 2011.  Arbeidet med å laga ein heilt ny og brukarvennleg versjon av systemet, har vore mykje meir krevjande enn det direktør Katrine Weisteen Bjerde hadde rekna med.

I juni 2014 kom den første delen der institusjonane kan registrera prosjekta sine. Til jul vil den prosjektportalen bli kopla til portalen der ein søkjer etisk godkjenning av helseforsking. 

– Då vil alle prosjekt som vert etisk godkjende, automatisk bli overførte til Cristin. Rundt sommaren 2016 kjem også ny visingssider for all informasjon i Cristin, men heile omlegginga er ferdig først mot slutten av 2017, opplyser Cristin-direktøren til Uniforum. 

– UiO meiner at det ikkje får tatt ut den forskingsinformasjonen dei har behov for?

 – I dag får UiO ta uttak av eigne data frå Cristin som me gjer i stand for dei. Og me forstår at UiO helst vil gjera dette sjølv. Det er i gang eit arbeid med å utvikla eit nytt verktøy basert på Tableau, som vil gjera det mogleg om ikkje så lenge. Me har møtt nokre tekniske problem på vegen, men dei ser ut til å løysa seg no, fortel ho.  

Ei av utfordringane som Cristin-direktøren har fått i fanget, er at forskingsdatabasen må ha ei løysing som fungerer både for universitets- og høgskulesektoren, institutta og sjukehusa. 

– Mange av desse institusjonane har ikkje tilgang til å bruka Feide for pålogging, og det har vist seg vanskeleg å få Tableau til å fungera både med innlogging frå Feide og frå Cristins eiga innlogging. Det ville ha vore til hjelp å ha ei felles innloggingsløysing for alle institusjonane. I dag ligg ikkje det innanfor Uninetts mandat, men me har oppfordra dei til å sjå på om det er mogleg å tilby Feide til eit breiare utval av institusjonar enn i dag,  seier Katrine Weisteen Bjerde.

Må ha betre tilgang på data

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe vedgår i ein epost at UiO ikkje har vore nøgd med informasjonen om vanskane Cristin har hatt med å leggja forskingsdata over på ei ny teknologisk plattform.

– Cristin er eit viktig støttesystem for UiO, som eit verktøy for å dokumentera  forskingsaktivitetane våre. Bakgrunnen for brevet er at me ikkje har vore nøgde med den informasjonen me har fått rundt utviklinga av Cristin 2.0, og at me ynskjer ein meir aktiv brukarmedverknad i Cristin sitt utviklingsarbeid. Vidare har UiO behov for betre tilgang til data som er registrerte i systemet for analyseformål, understrekar universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, som har vore i kontakt med leiinga for forskingsdatabasen.

– UiO har allereie hatt eit konstruktivt møte med Cristin der synspunkta våre blei tekne på alvor, og der me no er i dialog om korleis desse utfordringane best kan handterast, opplyser ho til Uniforum.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. okt. 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere