– Universitetsdemokratiet ligg på sotteseng

– Når ingen melder seg for å utfordra den upopulære Frode Vartdal i dekanvalet, vil det seia at universitetsdemokratiet ligg på sotteseng. Det meiner medisindekan  Frode Vartdal.

«UPOPULÆR» : – Ingen av dei 700 tilsette ved Det medisinske fakultetet ville stilla som motkandidat. Er dette eit vitalt demokrati, når ingen stiller opp mot ein «upopulær» dekan? spurde medisindekan  Frode Vartdal.

Foto: Ola Sæther

Det var på møtet om vald eller tilsett leiing, i regi av Akademisk forum, medisindekan Frode Vartdal bombastisk slo fast at universitetsdemokratiet på UiO er døden nær. Etter først å ha vore ein ivrig tilhengjar av valde leiarar, stiller han seg no bak dei som ynskjer tilsette leiarar på Universitetet i Oslo.

 – Om universitetsdemokratiet hadde vore vitalt og levande, ville eg ha slutta meg til det. Endå færre personar har stilt til val dei siste 20 åra, enn då eg var student på 1970-talet, konstaterte han. Frode Vartdal viste til University of California, Irvine  som ein modell for korleis det er mogleg å gå fram for å finna rektor. – Ein eigen rekrutteringskomité finn først ut kva kriterium dei vil stilla for kandidaten. Deretter brukar dei lang tid på å finna den rette personen til vervet. Då eg var der, hadde dei brukt over seks månader på den jobben, fortalde han.  

– Husblinde

Medisindekanen var også overtydd om at Universitetet i Oslo ville ha godt av å få inn ein ekstern rektor.

 – Me blir fort husblinde når me ikkje tar inn eksterne kandidatar.

Det er hans eiga røynsle som attvald dekan som gjer at han no ropar eit varsku.

– Eg var dekan i fire år og under tvil sa eg ja til å ta ein ny valperiode. Ingen av dei 700 tilsette ved Det medisinske fakultetet ville stilla som motkandidat. Er dette eit vitalt demokrati, når ingen stiller opp mot ein «upopulær» dekan? Berre to gonger har det vore to kandidatar under dekanvala på Det medisinske fakultetet. Difor er universitetsdemokratiet no på sotteseng, sa Frode Vartdal.

– Er dette eit vitalt demokrati, når ingen stiller opp mot ein «upopulær» dekan?

– Valde leiarar har ansvaret

Ein av dei som var einig med han, var ein av dei hardaste kritikarane hans, medisinprofessor Johan F.Storm, som også er leiar for Akademisk forum. Han trekte likevel ein heilt annan konklusjon enn medisindekanen.

– Hovudproblemet er at universitetsdemokratiet er på sotteseng. Dei valde leiarane har faktisk ansvaret for å ha kjørt demokratiet i grøfta. Dekan Frode Vartdal føretrekkjer å få informasjon direkte frå instituttleiarane sine i staden for å bli informert direkte frå dei andre tilsette. Difor torer ikkje folk å seia det dei meiner offentleg. Leiarane oppfordrar til frie ytringar, men dei er opplærde i eit syn på leiing som er skadeleg, tykte Johan Storm. Han hadde også ei oppskrift på korleis dette kan bli betre.

– Rotasjon av leiarar er ein god måte å få det til på. Dei må ikkje sitja for lenge. På den måten vil me unngå å få leiarar som har for stor avstand til grasrota og hindra maktmisbruk også ved Universitetet i Oslo, trudde han.

Tidlegare prorektor Haakon Breien Benestad ved Universitetet i Oslo meinte det var naudsynt å bruka ein ny leiarmodell.

– Eg vil gjerne ha vald rektor med ekstern styreleiar. Då vil det faktisk vera lettare å gå imot innstillingar frå rektor og universitetsdirektør enn det som er tilfelle i dag.

– Rotasjon av leiarar er ein god måte å få det til på.

Best med tilsett leiing

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth har tidlegare flagga at han er tilhengjar av å innføra ei ordning med tilsett rektor ved Universitetet i Oslo.

– Eg meiner at ein tilsett rektor vil tena forskingsfronten best. Han fekk støtte frå Stein Kaartvedt som tidlegare var instituttleiar ved Biologisk institutt.

– Eg kjenner meg ikkje igjen i skrekkbiletet som blir teikna av tilsett leiing. Nyleg har eg vore på eit lengre opphald ved CalTech i USA. Dei fekk for kort tid sidan rekruttert ein ny rektor som var mellom dei beste professorane ved Berkeley-universitetet. Før dei fann ut kven dei ville ha, brukte dei god tid og gjorde grundig arbeid før dei kunngjorde kven som ville bli tilbydd vervet som ny rektor, fortalde han.

– Like stor valoppslutnad som i USA

Biologiprofessor Kristian Gundersen var ueinig med dei som meinte at universitetsdemokratiet var i ferd med å døy.

 – Me kan ikkje avskaffa demokratiet berre fordi det har utfordringar. Valoppslutnaden mellom dei tilsette under rektorvala ligg om lag på same nivå som under presidentvala i USA. Oxford-universitetet praktiserer val til mange ulike verv. Og den tilsette leiinga ved NTNU viser teikn på å ha tillitsproblem med dei tilsette, sa Kristian Gundersen.

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet gjekk skarpt i rette med dei som meinte at innføring av tilsett rektor vil seia det same som at dei tilsette ved eit universitet eller ein høgskule mister påverknaden dei tidlegare har hatt.  

– Ved NTNU representerer sju av elleve styremedlemar dei tilsette og studentane. Og desse sju er alle valde av dei som dei representerer. Vald eller tilsett leiing har difor ingenting med demokrati å gjera. Om du ikkje har legitimitet, vil du ikkje fungera som leiar. I dag er den akademiske fridomen avhengig av ressursar. Noreg har ikkje så strenge krav til at forskinga må skaffa seg eksterne inntekter som det som er tilfelle i Sverige, Danmark og Sveits, understreka han.

– Vald eller tilsett leiing har difor ingenting med demokrati å gjera.

– Valde leiarar gir legitimitet

Prorektor Ragnhild H. Hennum forsvarte varmt dagens universitetsdemokrati.

– Universitetet i Oslo treng leiarar som har legitimitet både eksternt og internt. Derfor er det viktig å ha valde leiarar, sa ho.

Språkprofessor Janne Bondi Johannessen gav henne full støtte.

– Det finst både gode og dårlege leiarar både blant valde og tilsette leiarar. Det beste for universitetet er likevel valde leiarar for dei skal tilbake til institutta sine etterpå, peika ho på.

– Universitetet i Oslo treng leiarar som har legitimitet både eksternt og internt

– Institusjonane bestemmer modell

Statssekretær Bjørn Haugstad meinte at Kunnskapsdepartementet hadde full rett til uttrykkja ein preferanse i spørsmålet om vald eller tilsett rektor.

– Uansett er det opp til institusjonane sjølve å bestemma kva modell dei vil gå inn for. Alle statsrådar i departementet med ulik politisk ståstad har gått inn for å løyva ein god del frie forskingspengar. Men det er også naudsynt med eigne forskingsprogram. For kva er grunnen til at medisinske forskarar tidlegare forska langt mindre på kvinnesjukdomar enn på sjukdomar som menn har? Det var fordi det var meir prestisje i å behandla nokon for ei hjarteliding enn for migrene, sa Bjørn Haugstad.

 

Emneord: Valg, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. sep. 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere