Hjerneekteparet

I 15 år har ekteparet og psykologiprofessorane Kristine Walhovd (38) og Anders Fjell (41) forska på utviklinga av hjernen gjennom heile livsløpet. No blir arbeidet deira heidra med UiOs forskingspris.

PRISVINNARAR:  Ekteparet Anders Fjell og Kristine Walhovd blei kjende med kvarandre i laboratoriet på Psykologisk institutt. Dei leier forskargruppa Livsløpsendringar i hjerne og kognisjon (LCBC). Arbeidet deira er no heidra med UiOs forskingspris for 2015.

Foto: Ola Sæther

Dei møtte kvarandre i laboratoriet på Psykologisk institutt i då dei var tidleg i tjueåra og sidan har dei halde saman. Kristine Walhovd blei professor i 2007, då ho var 30, medan Anders Fjell fekk professortittelen året før. I dag leier dei i fellesskap forskargruppa Livsløpsendringar i hjerne og kognisjon (LCBC) .

Verdsleiande

Det er ei av fem forskargrupper ved Universitetet i Oslo som er plukka ut som verdsleiande. – Forskinga vår går ut på å kartleggja korleis hjernen endrar seg gjennom heile livsløpet frå du er eit barn til du er over 90 år. Tidlegare var forskarane ofte opptekne av å sjå korleis hjernen fungerte hos unge og eldre kvar for seg. Me var mellom dei første som begynte å undersøkja korleis endringane skjer over tid gjennom heile livsløpet. Så langt har me følgt over 1000 deltakarar med fleire målingar over lang tid i laboratoriet vårt, seier Kristine Walhovd og Anders Fjell.

Unge og eldre skårar høgt på ulike ting

– No er me spesielt opptekne av å undersøkja kva  ting som skjer tidleg i livet kan ha å seia for utviklinga av hjernen seinare i livet, legg dei til.

– Det er veldig spennande, for når me finn forhold som er viktige for korleis folk fungerer når dei er eldre, er det viktig å kunna skilja stabile og livslange innverknader frå påverknader som skjer her og no.

 – Me ser også at forskjellige evner endrar seg ulikt gjennom livet. Personar på over 60 skårar ofte høgare på til dømes ordforståing enn 20-åringane. På andre område der det gjeld å koma fram til eit svar raskt, er 20-åringane ofte betre enn dei på over 60. Eldre reagerer kanskje litt seinare enn før. Men det vil ikkje seia at dei ikkje kan læra nye ting. Dei sit inne med mykje meir kunnskap og erfaring enn 20-åringane, og det kan dei ha store fordelar av, forklarar Walhovd.

Kan utvikla behandlingar av Alzheimer

Den forskinga dei held på med, kan koma heile samfunnet til gode.  Grundig kunnskap om kva som kjenneteiknar normale endringar i utvikling og aldring og kva som fører til dette, er naudsynt for å kunna kjenna att og forstå sjukdommar og tilstandar som bryt med dette, til dømes Alzheimers demens eller ADHD.

– Forskinga vår kan vera til nytte til dømes for dei som vil utvikla behandlingar for Alzheimers demens, fortel Fjell.

– Dei fremste kjenneteikna på Alzheimer førekjem hos dei fleste i mykje mildare former. Men det er likevel få av dei som utviklar sjukdomen, peikar Walhovd på.

Forsøkspersonane deira får skanna hjernane sine gjennom MRI ( magnetisk resonans), og nokre gonger ERP (Event-related potentials), som registrerer kognitive funksjonar som merksemd, minne og ansiktsgjenkjenning, og PET (positronemisjonstomografi),som blir brukt i hjerneforsking.

  – Når me har valt å ha deltakarar frå fire til litt over 90 år, er det mellom anna fordi me treng personar som er verbale. Og difor brukar me stort sett ikkje yngre barn i forskinga vår, fortel Fjell og Walhovd.

– Viktig med barnehageplass og faste stillingar

I løpet av forskarkarrieren har dei også fått tre gutar som i dag er 12, 8 ½ og 5 ½ år gamle.

– Barnehageplass i universitetsbarnehagen var i alle fall ein føresetnad for at det let seg gjera å kombinera familieliv med forskarkarriere, seier Kristine Walhovd.

Og Anders Fjell legg til ein annan viktig grunn.

– Både Kristine og eg fekk faste stillingar som førsteamanuensis ganske tidleg. Det gjorde at me kunne planleggja forskinga vår langt betre enn me elles kunne gjort, slår han fast.

Trass i barnehageplass tok dei med eldstemann Kornelius i laboratoriet frå han var ein neve stor.

– Då han fann ut korleis han kunne slå av og på datamaskina, slutta me å ha han med i laboratoriet, avslører dei.

Fekk inspirasjon i USA

Det var Kristine Walhovd som først kom på tanken om at dei skulle forska på utviklinga av hjernen gjennom livsløpet.

 – Det var då ho kom tilbake frå USA i 2000 at me sette oss ned og skreiv ein felles søknad om å få studentstipend for å undersøkja endringar av hjernen gjennom livet. Me begynte med å bruka medstudentane våre som forsøkspersonar, minnest Anders Fjell. – Etter kvart klarte me å få forsøkspersonar frå fire til 97 år, og slik greidde  me å dekkja mesteparten av livsløpet.

No har dei ei eiga forskargruppe på 22 personar frå Spania, Tyskland, Danmark og Noreg.

 – Me har vore heldige som har så mange kjempeflinke folk frå både Noreg og utlandet, som vil jobba med oss. I januar begynte René Westhausen som den tredje fast tilsette, noko som klart har styrkt gruppa, fortel Walhovd og Fjell.

Snart vil dei også ha kjøpt inn ein ny MR-skannar for mesteparten av utstyrsløyvinga på 18 millionar frå UiO og Psykologisk institutt og i samarbeid med Intervensjonssenteret på Oslo universitetssykehus.

– Avgjerande med fleksibel leiing

Både Kristine Walhovd og Anders Fjell er svært glade for å få tildelt UiOs forskingspris for 2015.

 – Det var svært overraskande for oss å få det nyhendet, for det finst så mange kjempegode forskarar ved UiO, seier dei i kor.

Dei synest det er flott for Psykologisk institutt at dei har fått denne prisen.

– Det er kjempeartig for instituttet, og me merkar at folk er stolte. Fagmiljøet vårt er langt frå den skildringa av universitetsmiljøet som forfattarane Helene Uri og Henrik Langeland har presentert i romanane sine, synest Fjell.

Samtidig er dei svært takksame for at instituttet har gitt dei alle dei rammevilkåra dei har hatt behov for.

– Leiinga har vore fleksibel og klart å byggja opp forskarane på det dei er gode på, noko som i alle fall for oss har vore heilt avgjerande for at me kunne få til det me har gjort, seier forskingsprisvinnarane Anders Fjell og Kristine Walhovd.

SAMAN OM HJERNEN: Ekteparet Kristine Walhovd og Anders Fjell har delt interessa for hjerneforsking heilt sidan studiedagane, då dei møtte kvarandre i laboratoriet. No er dei tildelt UiOs forskingspris for 2015.

 

 

Emneord: Psykologi, UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 1. sep. 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere