Vektaren som i går fortalde politiet at han hadde blitt skoten på, er no sikta for falsk forklaring. Han er no knytt både til våpenet og til den bombeliknande gjenstanden.
Det var den overraskande vendinga saka hadde tatt etter at vektaren la alle korta på bordet under avhøyra på Grønland politistasjon i natt, kunne Grete Lien Metlid, leiaren for Valdsavsnittet ved Oslo politidistrikt fortelja for ein knapp halvtime sidan.
Korkje bomba eller våpenet er knytte til andre enn vektaren. Han har sjølv skote og han har sjølv plassert den bombeliknande gjenstanden utanfor Fysikkbygningen på Nedre Blindern. Mannen kjem til å bli framstilt for fengsling sikta for falsk forklaring, opplyste Grete Lien Metlid.
Vektaren frå Nokas fortalde i går at han var blitt skoten på av to ukjente gjerningsmenn utanfor Nedre Blindern. Det viser seg altså no at dette ikkje stemmer. Den same vektaren har tidlegare meld to andre valdelege episodar på jobb til politiet. Det er berre den siste hendinga som har samband med den falske forklaringa, sa Metlid på pressekonferansen.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere