Vil truleg rehabilitera Geologisk museum for 329 millionar

Forfallet i W.C. Brøggers hus i Naturhistorisk museum på Tøyen skal stansast. Difor foreslår universitetsdirektøren at Universitetsstyret vedtar ei investering på 329 millionar kroner til naudsynt rehabilitering over fire år.

SKAL REHABILITERAST: W.C. Brøggers hus (Geologisk museum) skal truleg rehabiliterast for 329 millionar kroner. Universitetsstyret gjer endeleg vedtak 23.juni. Tidlegare museumsdirektør Arne Bjørlykke (biletet) var svært lei seg då Universitetsstyret  for eitt år sidan vedtok ikkje å løyva pengar til rehabilitering av bygningen.

Foto: Ola Sæther

Tysdag 23. juni skal Universitetsstyret vedta fordelinga av budsjettet for 2016.Det tar alltid utgangspunkt i kor stor løyvinga frå Kunnskapsdepartementet til UiO sannsynlegvis blir etter at statsbudsjettet for 2016 er endeleg vedtatt i desember. Med eit slikt stipulert universitetsbudsjett basert på tidlegare røynsler og signal frå regjeringa, vil Universitetsstyret i morgon få på bordet eit forslag til årsbudsjett for 2016. Til saman vil universitetsbudsjettet for 2016 vera på over 5,1 milliardar kroner.

Fordeler investeringa over fire år

Den aller største investeringa som blir foreslått, er altså rehabiliteringa av W.C. Brøggers hus (Geologisk museum) på Naturhistorisk museum på Tøyen. Det er rekna ut at heile satsinga vil koma på 329 millionar kroner. Pengane blir fordelte over fire år; med 110 millionar i 2016, 95 millionar i 2017, 102 mill. i 2018 og 22 mill. kroner i 2019.

I sakspapira blir det vist til at det også er behov for investeringar i utstillingar på 90 millionar kroner frå 2017 til og med 2019. Håpet er at sponsorar skal vera med på å finansiera desse utstillingane.

Det er også klart at universitetsdirektøren ikkje ser det som realistisk å byggja ut nye magasin på Tøyen. Difor blir Universitetsstyret bede om å vedta eit forslag om å investera 70 millionar kroner neste år til ombygging av magasinlokale på Økern.

For å få denne investeringspakken til å gå opp, må Universitetsstyret gi UiO fullmakt til å kunna førehandsdisponera 154 millionar kroner til rehabiliteringa av W.C. Brøggers hus og til å gjera naudsynte investeringar i magasinlokala på Økern i budsjettåret 2016.

50 millionar over budsjett

Som Uniforum kunne melda sist torsdag, vil rehabiliteringa av Sophus Bugges hus på Blindern bli 50 millionar kroner dyrare enn dei 106 millionar kronene som dei hadde kalkulert med for 2015. Overskridinga blir dekt med dei 50 millionar kronene som etter planen skulle brukast til rehabilitering av Niels Treschows hus. Men naudsynte utbetringar som har å gjera med helse, miljø og sikring, blir likevel gjennomførte i Niels Treschows hus i 2015/2016, går det fram av sakspapira til Universitetsstyret.

UiO har lånt 1 milliard frå UiO

Det blir også gjort mindre byggjeaktivitetar innanfor den summen på 184 millionar som er sett av til rehabilitering og vedlikehald på 2016-budsjettet. Det fører til nye førehandsdisponeringar på rundt 150 millionar kroner i 2016.  Like før årsslutt i 2016 vil UiO ha eit samla nivå på førehandsdisponeringar på rundt ein milliard kroner.

For ein månad sidan kjøpte UiO Nemko-bygningane i Gaustadalleen for 305 millionar kroner. Husleigeinntektene skal finansiera den investeringa.

Satsar på papirlaus eksamen

Innanfor utdanning blir det innstilt på å prioritera gjennomføring av digital eksamen. Målet er at eksamen til slutt skal bli papirfri både for studentar, sensorar og administrasjon.  Det blir foreslått at det skal setjast av 17,7 millionar kroner til dette i 2016, av dette skal fakulteta bidra med 5,4 millionar.

Investerer i Fellesløftet

Innanfor forsking skal UiO setja av 34 millionar kroner til sentral eigendel til Fellesløftet I. 20 millionar kroner av dette må fakulteta bidra med. Det blir ein del av det samla bidraget frå UiO på 170 millionar kroner over fem år til Fellesløftet. Det er ein del av den felles satsinga mellom Forskingsrådet og universiteta/forskingsinstitusjonane der dei to partane løyver ein halv milliard kvar i den fem år lange satsingsperioden.

Satsinga på forskingsleiarprogrammet blir det foreslått å halda fram med, og det vil truleg få tildelt 700 000 kroner på varig basis.

Det blir også foreslått å satsa endå meir pengar på UiOs strategiske EU-pott. Framlegget går ut på å auka den med 1,7 millionar kroner frå 3,3 millionar kroner i år.  Dessutan innstiller universitetsdirektøren på at det blir løyvd til saman 8,4 millionar kroner til Oslo Academy of Global Governance frå 2016 til og med 2019. I tillegg vert det sett av ekstra pengar til gjennomføring av panelet Lancet-University of Oslo Panel on Global Governance for Health.

Styrkjer UB og musea

Mediebudsjettet til Universitetsbiblioteket blir foreslått styrkt med to millionar kroner i året. Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum kan også i 2016 få ei varig styrking på 10 millionar kroner. Tidlegare har Naturhistorisk museum fått sju millionar, medan Kulturhistorisk museum har fått tre millionar kroner. Universitetsdirektøren skal ha dialog med musea om fordelinga av midlane for dei komande åra.

Det blir også foreslått at Naturhistorisk museum får ei varig styrking av tildelinga med 4,2 millionar kroner til husleige for magasinlokala på Økern. Samtidig kjem det også framlegg om at Kulturhistorisk museum får ei årleg løyving for 2016 til og med 2019 på 3,3 millionar kroner for mellom anna å dekkja leiga av ein eigen paviljong til prosjektet «Saving Oseberg» på Bygdøy.

Den endelege fordelinga av universitetsbudsjettet for 2016 blir vedtatt av Universitetsstyret i morgon.

Les heile saklista:.

Emneord: Økonomi, Naturhistorisk museum. Museene, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. juni 2015 16:55 - Sist endra 22. juni 2015 16:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere