Sagt opp frå UiO etter 22 år: – Eg er skuffa og harm

I 22 år var Gudmund Harildstad tilsett på UiO. I mars måtte han søkja NAV om dagpengar etter at prosjektet Norsk Ordbok 2014 formelt vart avslutta. Fagforeininga Parat krev at han får ventelønn.

FINT: – Eg hadde det så fint at eg i røynda aldri tenkte på å skifta jobb, seier Gudmund Harildstad, som er sagt opp etter 22 år som tilsett ved Universitetet i Oslo. Det var dette kontoret ved Norsk Ordbok han måtte forlata.

Foto: Martin Toft

Det var vekeavisa Dag og Tid som først kunne fortelja historia om Gudmund Harildstad, som i 22 år jobba ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, med arbeidsoppgåver knytte til Norsk Ordbok.

I fjor vår var han mellom dei 21 personane som fekk melding om at dei ville bli sagde opp, sidan prosjektet skulle avsluttast 1. mars 2015. Medan fleire organiserte i Norsk tenestemannslag gjekk til sak mot UiO for usakleg oppseiing, blei Gudmund Harildstad ståande åleine igjen. Fagforeininga hans Parat ynskte ikkje å gå til sak på vegner av Harildstad.

I oppseiingsbrevet frå konstituert fakultetsdirektør Thorbjørn Nordbø ved Det humanistiske fakultetet stod det at han ikkje var fast tilsett ved UiO, ettersom stillinga hans var finansiert av eksterne midlar frå Kulturdepartementet.

Håpar på ny jobb ved UiO

– No har eg snakka med hovudkontoret til Parat, og der gjer dei det klart at dei vil krevja at eg får ventelønn frå Universitetet i Oslo i ein periode i staden for at eg skal få dagpengar frå NAV. Håpet mitt er likevel framleis at UiO skal tilby meg jobb i til dømes arkiv eller bibliotek. Det er forunderleg om det ikkje skulle vera bruk for meg på UiO med om lag 6000 tilsette, seier han.

Gudmund Harildstad blei formelt tilsett ved UiO 1. juni 1993.

– Då blei eg tilsett på det dåverande Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, med tenestestad Norsk Ordbok.

Nytt prosjekt utan ny arbeidskontrakt

Først på 2000-talet blei det sett ein ny tidsfrist for når ordboka skulle vera ferdig, og prosjekt Norsk Ordbok 2014 blei skilt ut som eige prosjekt i 2002.

– Eg blei med i det nye prosjektet, men utan ny tidsavgrensa arbeidskontrakt. Når prosjektet no er avslutta, burde eg ikkje då framleis vera tilsett på instituttet, for instituttet er vel ikkje lagt ned? spør han.

– Kva synest du om situasjonen du har hamna i?

– Eg synest at det er høgst ufortent. Nyleg fylte eg 50 år ,og det vil truleg vera endå vanskelegare å få seg ny jobb. Arbeidet i Norsk Ordbok har også vore svært spesialisert. Hovudoppgåva mi var å sjekka kjelder og sitat, i tillegg til at eg blant anna hjelpte til med å leggja til rette tilfang for forskarstaben. Dessutan hadde eg tilsyn med fag- og kjeldebibliotek, fortel Harildstad.

– Ikkje bitter

Sjølv om han føler at det er ufortent å mista jobben etter å ha tent Universitetet i Oslo i 22 år, er han ikkje bitter.

– Nei, det er eg ikkje. Men eg vil gjerne seia at eg er både skuffa og harm på fakultetet og Institutt for lingvistiske og nordiske studium, som er moderinstituttet til Norsk Ordbok. Dei visste tidleg at eg ville mista arbeidsoppgåvene mine og kva interne stillingar eg var interessert i. Fakultetet har likevel ikkje klart å skaffa meg ny jobb, sjølv om dei godt visste eg ville bli arbeidsledig straks prosjektet skulle avsluttast. Dessutan har eg i ettertid via omvegar fått høyra at det likevel er arbeidsoppgåver nok på instituttet.

– Kvar har du søkt ledige stillingar?

– Eg har søkt fleire jobbar, blant anna i Stortingets tekstsenter og forskingsdatabasen Cristin.

– Glad i UiO

Gudmund Harildstad vil aller helst halda fram på den gamle arbeidsplassen sin.

– Eg er framleis glad i Universitetet i Oslo og håpar stadig eg finn meg ein ny jobb her. Faktisk reknar eg meg framleis som ein del av universitetsmiljøet, smiler han.

Gudmund Harildstad er glad for at Dag og Tid skreiv om historia hans.

– Ja, etter det oppslaget har eg fått mange støttemeldingar frå vener og kjende. Vekeavisa har òg fått bra respons.

Gudmund Harildstad kjem frå Ringebu i Gudbrandsdalen. Etter to år på kulturstudiet ved Høgskulen i Telemark hadde han fleire jobbar i Oslo før han vart tilsett på UiO i 1993.

– Eg hadde det så fint at eg i røynda aldri tenkte på å skifta jobb, seier han, men no når eg har vore her i 22 år og har fylt 50 år, har UiO altså ikkje bruk for meg lenger.

 

Opptatt av å fylgja regelverket

Det var konstituert fakultetsdirektør Thorbjørn Nordbø som skreiv under på oppseiingsbrevet til Gudmund Harildstad. Då Uniforum ber om ein kommentar, viser han til personaldirektør Irene Sandlie ved UiO. Ho uttaler seg slik:

– UiO kan dessverre ikkje kommentera enkeltsaker innanfor personalområdet. På generelt grunnlag kan eg uttala meg om at UiO som arbeidsgjevar er opptatt av å fylgja regelverket som gjeld for oppseiingssaker og behandla dei tilsette i ein slik prosess på ein ryddig og god måte. Det er dessverre slik at ein ikkje alltid lykkast med å skaffa overtalige anna arbeid som alternativ til oppseiing, er svaret Uniforum får frå personaldirektør Irene Sandlie.

Vil krevja ventelønn

Uniforum har også vore i kontakt med advokat Annbjørg N. Nærdal i fagforeininga Parat. Etter at ho er fritatt frå teieplikta av Gudmund Harildstad, kan ho svara ja på at dei arbeider med saka hans.

– Me kan difor stadfesta at me vil jobba vidare med å krevja ventelønn for han, sjølv om arbeidsgjevar har uttalt at vilkåra for ventelønn ikkje er oppfylte i denne saka. Parat meiner at det kan vera grunnlag for å sjå nærmare på delar av grunngjevinga til arbeidsgjevar for dette standpunktet, fortel Annbjørg N. Nærdal til Uniforum.

 

 

 

 

 

Emneord: Personalpolitikk, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. mai 2015 13:49 - Sist endra 13. mai 2015 13:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere