Medieforskarane ved UiO er mellom verdas beste

Institutt for media og kommunikasjon hamnar på 40. plass i verda innanfor sitt fagmiljø på ei internasjonal rankingliste.

GJER DET BEST: Media og kommunikasjon kjem for tredje året på rad mellom verdas 50 beste fagmiljø. Dermed kan dei ta eit nytt  jubelbrøl. (Arkivfoto)

Foto: Eirin Cathrine Lade

For tredje året på rad kjem Institutt for media og kommunikasjon på Universitetet i Oslo mellom dei 50 beste i verda på ei verdsranking over fagområde. Det er QS World University Ranking by Subject 2015 som står bak denne kåringa.

USA på verdstoppen

Best av alle er det mediefaglege miljøet ved University of Southern California i USA. Det universitetet får 96,7 poeng, medan medieforskarane på UiO får 73,9 poeng på 40. plass. Det gir Institutt for media og kommunikasjon sjetteplassen i Europa og andreplassen i Norden. Fagfellane på Aarhus Universitet slår dei så vidt, og kjem på 36. plass. Men kollegaene på Københavns Universitet endar opp på 49. plass.

Britisk universitet best i Europa

 Medieforskarane på Universitetet i Bergen endar opp på plassane mellom 101 og 150 på denne lista. I Europa er det mediefagmiljøet ved London School of Economics and Political Science som gjer det best. På verdsrankinga kjem medieforskarane på den institusjonen på femteplass.

Måler omdømmet blant akademikarar og arbeidsgjevarar

 QS har brukt tre hovudindikatorar for å måla kva universitet som er best innanfor ulike fagmiljø. Den første byggjer på ei spørjeundersøking blant akademikarar over heile verda og  den andre på ei spørjeundersøking blant arbeidsgjevarar over heile verda.  Akademikarane må setja opp ei liste på dei 10 beste fagmiljøa innanlands og dei 30 beste internasjonalt utan å ta med den institusjonen der dei sjølve er tilsett.  Arbeidsgjevarane må setja opp ei liknande liste over kva nasjonale og internasjonale institusjonar og fagmiIjø dei helst vil rekruttera folk frå.  Den tredje og siste indikatoren dei legg vekt på når dei bestemmer rekkjefylgja på institusjonane på denne rankinglista, er  graden av vitskaplege siteringar fagmiljøa har i databasen Scopus.

– Stort

Instituttleiar Tanja Storsul er svært glad for at Institutt for media og kommunikasjon klarer å klora seg fast mellom dei 40 beste på denne rankinglista. – Ja, det er gode og solide fagmiljø me konkurrerer

– Kva trur mot, så det er stort for oss å koma så høgt på denne lista i år igjen, seier ho til Uniforum.

– Styrkjer omdømmet vårt

Kva trur du er grunnen til at instituttet gjer det så bra? 

– For det første er instituttet vårt svært produktivt og me held eit høgt nivå på forskinga vår. Me er fagleg tunge.  For det andre er me aktive.  Det faglege omdømmet vårt er godt mellom akademikarar over heile verda. Forskarane våre deltar med innlegg på konferansar internasjonalt. Difor blir me lagde merke til. Og resultatet av denne undersøkinga bidrar sjølvsagt til å styrkja omdømmet vårt, slår ho fast.

– Lettare å rekruttera internasjonale studentar

– Og kva har de tenkt å bruka det til?

– Det vil ha mykje å seia for kvar studentar ynskjer å studera. Planen vår er å bruka den gode plasseringa på denne rangeringa i arbeidet med å rekruttera internasjonale studentar til studia på Institutt for media og kommunikasjon. Det blir langt lettare no, er ho viss på.

Andre fagmiljø som gjer det godt

Av andre fagdisiplinar som gjer det bra på Universitetet i Oslo, ligg geofag med naturgeografi, hydrologi og geomatikk best an på ein 50. plass på denne rankinga.  Også faget engelsk språk og litteratur kjem godt ut i konkurransen frå fagmiljø frå dei alle beste universiteta i verda. Fagmiljøet får ei plassering mellom nr 51 og 100. Den same plasseringa får både fagmiljøet i geologi og marin vitskap og fagmiljøet i filosofiske fag.

Alle interesserte kan gå inn og sjå undersøkinga her.

Emneord: Media, Forskning, Rangering, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 29. apr. 2015 23:05 - Sist endra 29. apr. 2015 23:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere