UiO inngår festeforlik med kyrkjestifting

Universitetet i Oslo skal betala ni millionar kroner i året i 30 år for det 46 000 kvadratmeter store arealet som ligg på festa grunn på Blindern. Det går fram av forliket som er inngått med tomteeigaren Opplysningsvesenets fond.

FORLIK: Universitetet i Oslo har inngått festeforlik med Opplysningsvesenets fond. Ni millionar kroner i året i 30 år frå juli 2010 til og med juni 2040, blir festeavgifta for eit areal på 46 000 kvadratmeter på Nedre Blindern. Det omfattar mellom anna 83 prosent av Fysikkbygningen og halvparten av Kjemibygningen. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

For rundt eitt år sidan melde Uniforum at stiftinga som eig store delar av eigedomane til Den norske kyrkja, kravde at UiO skulle betala over 54 millionar kroner i året i festeavgift for det arealet som mange av bygningane på Blindern står på. Dei største av desse bygningane er Fysikkbygningen og Kjemibygningen.

Til saman utgjer dette området rundt 46 000 kvadratmeter og eigaren er Opplysningsvesenets fond, ei sjølvstendig stifting nært knytt til Den norske kyrkja.

Frå 1980 og fram til 2010 hadde UiO betalt 371 250 kroner i året i leige i 30 år. UiO nekta å gå med på kravet frå stiftinga og saka kom opp for Oslo tingrett. I november 2013 sette retten leiga til 7,4 millionar kroner i året over 30 år. Opplysningsvesenets fond anka avgjerda vidare til Borgarting lagmannsrett.

Ni millionar kroner i året i 30 år

Etter planen skulle rettssaka ha begynt tysdag 10. mars og halde på i tre dagar. For kort tid sidan blei det kjent at UiO og Opplysningsvesenets fond hadde inngått eit forlik.

Det går ut på at Universitetet i Oslo betalar ni millionar kroner i året i 30 år for det 46 000 kvadratmeter store tomtearealet som universitetet festar frå denne kyrkjestiftinga. Avtalen skal gjelda frå og med juli 2010 og til og med juni 2040, får Uniforum opplyst hos eigedomsdirektør John Skogen ved Universitetet i Oslo.

– Som eit alternativ til å halda fram med å festa tomtene, sonderte Universitetet i Oslo om det var mogleg å kjøpa arealet. Den prisen som Opplysningsvesenets fond hadde rekna med å få ved eit mogleg sal, er derimot så høg at dette ikkje er aktuelt i den økonomiske situasjonen universitetet er i i dag, seier John Skogen.

Uniforum har også vore i kontakt med seniorrådgivar Tim V. Midgaard i Opplysningsvesenets fond.  Han har vore sakshandsamar for denne saka.

– Eg kan stadfesta at me har inngått eit forlik med Universitetet i Oslo.

– Korleis ser Opplysningsvesenets fond på forliket?

– Me har hatt eit godt samarbeid med universitetet. Det har gått heilt fint. No går me vidare. Meir er det ikkje å seia om det, seier Tim V. Midgaard til Uniforum.

Nedre Blindern ligg på festa grunn

Store delar av dei første universitetsbygningane som blei bygde på Blindern, ligg altså på tomter som er eigde av Opplysningsvesenets fond, og som UiO heile tida har betalt ei årleg festeavgift for.

83 prosent av Fysikkbygningen, litt over halvparten av Kjemibygningen, 95 prosent av Helga Engs hus, heile Farmasibygningen, heile Geologibygningen, og heile ZEB-bygningen ligg på festa grunn. Det gjer også Bamsebo barnehage.

Stiftinga Opplysningsvesenets fond eig alle eigedomane til Den norske kyrkja. Tidlegare var stiftinga ein del av staten. I 2001 fekk Opplysningsvesenets fond eit eige styre og ei eiga forvalting uavhengig av Kyrkjedepartementet. I praksis blei Opplysningsvesenets fond ei stifting som eig seg sjølv. Samtidig blei det ein av Noregs største grunneigarar.

Etter at stiftinga hadde gått gjennom porteføljen og kontraktane sine, fann dei ut at svært mange betalte ein svært låg pris i festeavgift for tomtene deira.

Det var bakgrunnen for at UiO den 30. juni 2011 fekk ei rekning på 16,640 millionar kroner i året for dei 46 000 kvadratmetrane tomteareal som universitetsbygningane på Nedre Blindern stod på. Dette var ei rekning som UiO nekta å betala, men både UiO og Opplysningsvesenets fond blei likevel einige om å lata retten avgjera denne saka.

Tilbaud 1,2 millionar

I retten tilbaud Staten v/UiO å betala Opplysningsvesenets fond ein årleg pris på rundt 1,2 millionar kroner i festeavgift. Opplysningsvesenets fond hadde auka kravet sitt til 54,375 millionar kroner i året. Utrekninga var basert på ei festerente på 7,25 prosent på eit tomteareal på 46 000 kvadratmeter som dei verdsette til 750 millionar kroner.

I løpet av rettssaka gjekk Opplysningsvesenets fond med på å senka kravet til 47 millionar kroner, fordi det ikkje hadde trekt ifrå infrastruktur på tomtene, som til saman utgjorde ein verdi på rundt 100 millionar kroner. Dermed blei festeavgifta rekna frå ein tomteverdi på 650 millionar kroner.

Staten ved Universitetet i Oslo meinte at ein evigvarande festeavtale for desse areala som ikkje skulle overdragast vidare, måtte regulerast etter pengeverdien. Det ville best oppretthalda balansen i avtalen, var argumentet til UiO.

Difor kravde universitetet at festeavgifta skulle setjast til endringa i pengeverdien rekna frå siste regulering fram til tidspunktet for ny regulering, det vil seia frå 1. juli 2010. UiO aksepterte også at perioden blei rekna frå 1980. Med eit slikt reknestykke ville den årlege festeavgifta altså koma på 1,2 millionar kroner.

UiO skulle betala 7,4 millionar

Skjønnsmedlemane i Oslo tingrett ville ikkje verdisetja tomteareala til høgaste marknadspris, som er prisen ein ville fått om alle tomtene kunne bli brukte til bygging av blokker med husvære. Skjønnsmedlemane meinte det var meir rimeleg å ta utgangspunkt i tomteprisane som må betalast for å byggja i villastrok.

Avgjerda vart at den samla verdien på tomtene vart sett til 165,6 millionar kroner. Den årlege festeavgifta blei sett til 4,5 % av denne prisen.

Konklusjonen blei at Staten ved UiO dermed skulle betala 7,452 millionar kroner i årleg festeavgift til Opplysningsvesenets fond frå og med 1. juli 2010. Denne avgjerda vart altså anka vidare til Borgarting lagmannsrett av Opplysningsvesenets fond.

Rettssak i Georg Sverdrups hus

Heilt fram til for ei veke sidan var planen at rettssaka skulle opp for lagmannsretten den 10, 11. og 12. mars. Saka skulle gå føre seg i Georg Sverdrups hus fordi det ikkje var ledige lokale i Borgarting lagmannsrett i Oslo sentrum. I siste liten blei det halde nye sonderingar for å finna ut om det var mogleg å få til eit forlik mellom partane før saka skulle opp for retten. Det var det, og dermed seier begge partane seg nøgde med å ha unngått ei rettssak.

– Dette forliket varer altså fram til 2040, og då blir det nye forhandlingar. Det som er heilt sikkert, er at det blir andre personar som vil delta i dei forhandlingane enn dei som har gjort det i denne runden, konstaterer eigedomsdirektør John Skogen tørt.

Dette er Opplysningsvesenets fond:

Ei stifting som eig og forvaltar eigedomane og finanskapitalen til Den norske kyrkja.

Fram til 1955 var ikkje prestane statslønna og var avhengige av inntekter frå prestegardane, som blei forvalta av Opplysningsvesenets fond.

Til saman har eigedomane og finanskapitalen ein verdi på sju milliardar kroner.

Dette inngår i eigarskapen:

600 eigedomar fordelte på 357 kommunar.

Samla areal: 1 million dekar: 860 000 dekar skog og utmark og 8000 festetomter.

400 preste- og bispebustader og 163 landbrukseigedomar, til saman 1000 bygningar.

Fondets finanskapital er plassert i norske og utanlandske verdipapir og utlån til kyrkjelege formål.

(Kjelde: Opplysningsvesenets fond)

 

Historia bak festekontrakten:

I 1919 vedtok Stortinget å kjøpa opp 60 000 kvadratmeter frå Aker kommunes eigedom, Marienlyst og 140 000 kvadratmeter av gardbrukar Arnesens eigedom, Øvre Blindern og «den fornødne grunn av Vestre Akers prestegård …». Området skulle brukast til bygging av nye universitetsbygningar. Dette var bakgrunnen for at soknepresten i Vestre Aker den 2. juli 1920 festa ein parsell på om lag 34 mål på Vestre Aker prestegård til «UNIVERSITETET».

Seinare blei festeområdet utvida med 13 mål til.

I avtalen frå 1920 skulle universitetet betala 9400 kroner i året til soknepresten. Kvart 30. år skulle avtalen forhandlast på nytt.

Frå 1962 gjorde festeavgifta eit hopp til 110 000 kroner i året, medan den blei heva til 371 250 kroner frå 1982. Den galdt fram til 2010, då Opplysningsvesenets fond sende inn eit krav på 16,640 millionar kroner i årleg avgift. UiO nekta å betala kravet, og partane blei einige om å avgjera saka i retten.

Skjønnsmedlemane i Oslo tingrett set i 2013 den årlege festeavgifta til 7,4 millionar kroner i året. Avgjerda blei anka vidare til Borgarting lagmannsrett av Opplysningsvesenets fond.

I februar 2015 inngår partane eit forlik som set den årlege festeavgifta til ni millionar kroner i året i 30 år.

(Kjelder: Oslo tingrett, Opplysningsvesenets fond og Universitetet i Oslo)

Emneord: Økonomi, Teknisk avdeling, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. mars 2015 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere