Stolte studentar på utskjelt fag

Sosiologistudentane brukar berre 28 timar i veka på studiet, ifylgje Studiebarometeret. – Det stemmer i alle fall ikkje for oss, seier masterstudentane Maria Volckmar-Eeg, Marit Eriksen Wanggaard, Erle Bruun og Maja K. Sørensen.

STOLTE AV SOSIOLOGI: – Me brukar masse tid på faget vårt, understrekar Maria Volckmar-Eeg, Marit Eriksen Wanggaard, Erle Bruun og Maja K. Sørensen.

Foto: Ola Sæther

På pauserommet i Harriet Holters hus på Blindern sit dei fire studentane Maria Volckmar-Eeg, Marit Eriksen Wanggaard, Maja K. Sørensen og Erle Bruun. Alle er masterstudentar i sosiologi. Om Studiebarometeret frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) skal leggjast til grunn, er dei mellom studentane som brukar minst tid på studiet i løpet av ei veke.

Medan medisin- og odontologistudentar nyttar mellom 43 og 45 timar i veka på studiet, brukar sosiologistudentane berre 28 timar i veka. Den gjennomsnittlege heiltidsstudenten brukar 34 timar.

Måtte jobba ved sida av studia

– Nei, dette er i alle fall ikkje rett for vår del, meiner Marit Eriksen Wanggaard.

– Då me var på bachelorstudiet, måtte me jobba ved sida av studiet, på grunn av for låg støtte frå Lånekassen, men etter at me kom på masterstudiet, har me ingen sjanse til å jobba ved sida av studia, understrekar ho.

Medstudent Maria Volckmar-Eeg er einig.

– Og på masterstudiet må me arbeida hardt med masteroppgåva, og då går me rundt og tenkjer på både tema og problemstillingar heile tida. Ja, då hender det ofte at eg set meg ned og skriv litt når eg er heime utan å tenkja over at det er studietid, fortel ho.

Ville hatt betre oppfylging på bachelor

Ingen av dei vil vera med på at sosiologistudiet er mindre krevjande enn andre fag.

– Nei, på ingen måte. På masterstudiet er det mange innleveringar gjennom heile studiet som me også får tilbakemeldingar på. Det kjem i tillegg til masteroppgåva. På bachelornivået er det mykje lettare at studentane går for lut og kaldt vatn og lett kan bli forsvinna i mengda. Eg meiner at det burde ha vore betre oppfylging og fleire obligatoriske oppgåver for bachelorstudentane også, meiner Maja K. Sørensen.

Erle Bruun trur det også finst ein annan grunn til at sosiologistudentane ikkje skårar så høgt på arbeidstid som andre. – Alle veit at det ikkje er enkelt å få seg jobb som sosiolog etter at studiet er avslutta. Me blir difor oppfordra til å skaffa oss organisasjonserfaring, og erfaring frå sosiale og faglege foreiningar når me begynner på studiet, slår ho fast.

Studiebarometeret 2014:

83 prosent av medisinstudentane er nøgde med studiet

58 prosent av medisinstudentane er misnøgde med tilbakemeldinga

73 prosent er misnøgde med oppfylginga på studiet

Medisinstudentane og odontologistudentane jobbar 43 timar og 44 timar i veka med studiet

Heiltidsstudenten brukar i gjennomsnitt 33 timar i veka på faget

Sosiologistudentane brukar 28 timar i veka på faget, minst tid av alle

Undersøkinga er gjort mellom alle studentar i andre studieår på bachelor- og masterprogram, i tillegg til femteårsstudentar på integrerte masterprogram.

- Nesten 25 000 studentar på 60 universitet og høgskular svarte på undersøkinga hausten 2014.

- Svarprosenten ligg dermed på 42 prosent, ti prosent over svarprosenten då den blei gjennomført for første gong i 2013.

(Kjelde: NOKUTs Studiebarometer 2014)

Må ha sommarjobb

Ingen av dei veit kva dei kjem til å bli når dei er ferdige med studiet.

– Vegen blir til medan me går, kan me seia. Mykje er avhengig av kva du skriv om i masteroppgåva di, og då finn du ut at interessa di går i ein bestemt lei, seier Maria Volckmar-Eeg. Dei tre andre er heilt einige med henne.

Samtidig peikar dei på at alle masterstudentane i sosiologi sjeldan unner seg den luksusen det er å ta sommarferie.

– Då må me ha sommarjobb, slik at me kan ha eit nokolunde normalt forbruk resten av året. Feriane er kortare no enn før, difor blir det også færre veker me kan jobba, fortel

Marit Eriksen Wangaard.

Alle er svært engasjerte i faget sosiologi.

– Alt rundt oss i samfunnet kan jo tolkast inn i det faget me held på med, seier dei i kor. Men dei likar ikkje at mange tenkjer på sosiologar som eit slags sosionomar.

– Nei, det er ikkje bra. Marknadsføringa av faget kan nok bli langt betre enn den har vore. Alle har høyrt om statsvitskap og trur dei veit kva dei held på med, men få kan forklara faget vårt, trur dei.

– Finst ikkje berre ein draumejobb

– Og kva drøymer de om å skriva masteroppgåve om?

 – Filmteori og sosiologi er mitt hovudtema, fortel Erle Bruun.  Marit Eriksen Wanggaard er i ferd med å sy saman temaet.

– Eg skriv ei miljøsosiologisk oppgåve om berekraftig forbruk, og eg kan tenkja meg å jobba med noko som har å gjera med helse, miljø og sikring.

Maria Volckmar-Eeg skal skriva ei analytisk oppgåve. – Der skal eg læra forskjellige aspekt av verda. Eg kosar meg med studiet. Innhaldet i jobben er viktigare enn jobben i seg sjølv. Det finst ikkje berre ein draumejobb.

Maja K. Sørensen deler den oppfatninga.

– Me har det godt både sosialt og fagleg. Og så sit me heile tida og diskuterer fag.

 

 

 

 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker, SV-.fakultetet Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2015 05:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere