Norske forskarar får 50 millionar til klimaforsking

Tre forskingsgrupper i økologi og evolusjon frå UiO, NTNU og Universitetet i Tromsø får til saman 50 millionar kroner frå Forskingsrådet.  – Dette viser at me er sterke når me står saman, seier Nils C. Stenseth, som leier prosjektet.

KLIMAENDRINGAR: – Målet med forskinga er å finna ut korleis naturen reagerer på klimaendringane og finna ut kva det har å seia for dyre- og plantelivet i Noreg og i verda, seier Nils C. Stenseth, som leier ei forskargruppe frå tre universitet som har fått 50 millionar frå Forskingsrådet.

Foto: Ola Sæther

– Me skal sjå på korleis me kan forvalta naturressursane i klimaendringane si tid, seier prosjektleiar og biologiprofessor Nils C. Stenseth. Dei tre forskingsgruppene  i økologi og evoluson som i fellesskap har fått den store løyvinga, studerer mellom anna effektane av klimavariasjonar.

Det var på fredag han fekk beskjed om at søknaden om økonomisk støtte til eit stort felles klimaforskingsprosjekt mellom UiO, NTNU og Universitetet i Tromsø hadde fått ja frå Forskingsrådet.  50 millionar vil dei få utbetalt i løpet av fire år frå 2015 til og med 2018.

– Største enkeltløyvinga

– Det er den største enkeltløyvinga eg er med på sidan senteret eg leier (CEES) fekk status som senter for framifrå forsking, seier Nils C. Stenseth til Uniforum.

I tillegg til Stenseth eige senter deltar  Senter for dynamikk i biodiversitet ved NTNU i Trondheim og Institutt for arktisk og marin biologi ved Universitet i Tromsø /Noregs arktiske universitet i i forskingsgruppa.

– Mellom dei beste i Noreg

Stenseth viser til at dei tre forskargruppene slo seg saman då Forskingsrådet etablerte eit svært felles forskingsprogram for klima, hav/kyst og miljø.

– Kvar for oss er forskingsgruppene mellom dei beste i Noreg, og når me no slår oss saman, blir me enda betre, seier ein begeistra Nils C. Stenseth.

Gruppa på NTNU i Trondheim blir leidd av biologiprofessor Bernt Erik Sæther medan gruppa i Tromsø har biologiprofessor Rolf Anker Ims som drivkraft og leiar.

Skal sjå korleis naturen reagerer på klimaendringane

 Nils C. Stenseth ser på dette som eit svært bruksretta og nyttig prosjekt.– Her har me høve til å gjera solid og grunnleggjande forsking av stor relevans for klimaproblema, understrekar Stenseth.

– Målet med prosjektet er å finna ut korleis naturen reagerer på klimaendringane og finna ut kva det har å seia for dyre- og plantelivet i Noreg og i verda. Funna skal tena til å gi betre råd til naturforvaltingsorgana om korleis dei kan forvalta naturressursane endå betre i ein periode med store klimaendringar, forklarar han.

Fakta om prosjektet: 

  • Tre forskargrupper ved UiO, NTNU og UiT får 50 mill. kroner frå Forskingsrådet
  • Skal finna ut korleis naturen reagerer på klimaendringane og kva konsekvensar det får for forvaltinga av naturressursane.
  • Forskinga vil halda på frå 2015 til 2018.
  • Biologiprofessor Nils C. Stenseth leier forskingssamarbeidet

– Eit av hovudområda me skal konsentrera oss om, er korleis endringa i klimaet påverkar den økologiske balansen og heile økosystemet i naturen. Det handlar i første rekkje om dei artane som blir hausta, seier Stenseth.

Sjølv om forskargruppene vil vera lokaliserte på tre ulike stader, trur Stenseth kommunikasjonen likevel vil gå bra for dei.

– Me skal mellom anna ha ei felles samling ein gong i året, fortel Stenseth. Dei internasjonale kontaktane er også på plass.

– Dei tre forskargruppene har gode kontaktar med forskarar ved universitet i utlandet. Difor trur me at gruppene også vil stå sterkt om me i fellesskap også sender inn ein søknad til EUs store forskingssatsing Horisont 2020, trur Nils C. Stenseth.

Prosjektet vil ta til hausten 2015.

 

 

Emneord: Forskning, Klima, Miljøforskning Av Martin Toft
Publisert 16. des. 2014 13:38 - Sist endra 16. des. 2014 16:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere