Skrinlegg studieavgift for studentar utanfor EØS

Det blir ikkje innført studieavgift for studentar frå land utanfor EØS. Det går fram av dagens budsjettforlik mellom den blå-blå regjeringa og KrF og Venstre. - Ekstremt gledeleg, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

HJELPTE Å PROTESTERA: Studentane protesterte mot forslaget om å innføra skulepengar for studentar utanfor EØS då Torbjørn Røe Isaksen la fram forskingsmeldinga 6. oktober.  I dag er det klart at forslaget frå regjeringa blir skrinlagt.

Foto: Martin Toft

Budsjettforliket mellom den blå-blå regjeringa og Kristeleg Folkeparti og Venstre skrinlegg forslaget om å innføra studieavgift for alle studentar frå land utanfor EØS, og som ikkje er ein del av kvotestipendordninga.  - Det er ekstremt gledeleg, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen.  Etter hans meining vil det koma oss alle til gode. - Samfunnet vil tena enormt på ikkje å innføra studieavgifter for desse studentane. Desse studentane bring med seg verdifull kunnskap og byggjer tillit mellom Noreg og dei landa dei kjem frå. Godt jobba, Venstre, er sluttreplikken til ein svært glad Ole Petter Ottersen.

Venstre-leiar Trine Skei Grande er også svært nøgd med det hennar parti og Kristeleg Folkeparti har fått til innanfor forsking og høgare utdanning i budsjettforliket.

- Regjeringas  budsjett på kunnskapsfeltet var eit godt budsjett, men me har bidratt til å styrkja dette ytteregare, peikar Trine Skei Grande på i ei pressemelding frå Venstre. 
Det er  ei svært god satsing på høgare utdanning og forsking, gjennom blant anna auka basisløyvingar til universitet og høgskular, fleire stipendiatstillingar, fleire studentbustader og reversering av forslaget om studieavgift for internasjonale studentar. Dessutan er kutta til folkehøgskular og studieforbund reversert, opplyser Trine Skei Grande.

Leiar for Studentparlamentet ved UiO, Marianne Andenæs ser svært glad for at forslaget om studieavgift for studentar utanfor EU/EØS er fjerna. – Me  pustar letta ut for at gratisprinsippet i høgre utdanning står ved lag, seier Marianne Andenæs i ei pressemelding.

– Ei samla studentrørsle har sagt klart og tydeleg frå om at skulepengar for internasjonale studentar trugar både studentmangfaldet på lærestadene og gratisprinsippet i høgre utdanning. Når regjeringa no blir pressa til å gi seg for andre året på rad, må det må vera spikaren i kista for forslaget om skulepengar, seier Marianne Andenæs.

(Oppdatert kl. 12:26)

 


 

Av Martin Toft
Publisert 21. nov. 2014 11:55 - Sist endra 21. nov. 2014 12:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere