Framifrå senter får framifrå lokale

Eitt og eit halvt år etter at Senter for jordas utvikling og dynamikk (CEED) blei eit senter for framifrå forsking, har senterleiar Trond Torsvik og medarbeidarane hans flytta inn i ZEB-bygningen på Blindern.

ELEKTRONISK GLOBUS: Med denne elektroniske globusen kan postdoktor Grace Elizabeth Shephard mellom anna visa platerørslene til jordskorpa gjennom millionar av år.

Foto: Martin Toft

Etter å ha ført ein hard kamp på vegner av Senter for jordas utvikling og dynamikk (CEED), kunne endeleg senterleiar Trond Torsvik i førre månad invitera til opning i nyoppussa lokale i ZEB-bygningen på Nedre Blindern. Der er dei berre eit lite steinkast frå Institutt for geofag og eit litt lengre steinkast frå Fysikkbygningen, der dei førte eit litt meir kummerleg tilvære tidlegare.

– Vegen fram til der me er i dag starta for tolv år sidan, då dåverande sjef for Noregs geologiske undersøkingar i Trondheim, Arne Bjørlykke, oppfordra meg til å søkja om å få eit eige forskingssenter. For eitt og eit halvt år sidan fekk Senter for jordas utvikling og dynamikk (CEED) endeleg status som senter for framifrå forsking. No er endeleg målet om å koma inn i eigne lokale også oppfylt, slo han fast.

Elektronisk globus visualiserer platerørsler

Ei av nyvinningane senteret har skaffa seg i lokala i ZEB-bygningen, er ein elektronisk globus. – Den visualiserer jordskorpa sine platerørsler over millionar av år, forklarar postdoktor Grace Elizabeth Shephard frå Australia. Ho demonstrerer for oss korleis verktøyet kan brukast av forskarane på senteret.

– Globusen kan også visa endringar som går over kortare tid. Den er derfor også nyttig for å visa kor mykje is det er ved polane frå år til år, fortel ho. Frå nettsidene til senteret

Dette er CEED:

Senter for jordas utvikling og dynamikk (CEED) er ein del av Institutt for geofag og har rundt 20 heiltidstilsette forskarar. Senteret er finansiert av Noregs forskingsråd som eit senter for framifrå forsking over ein periode på maksimalt ti år frå 2013 til og med 2023. Senterleiar: Trond Torsvik.

Forskinga ved senteret handlar om dynamikken til jordskorpeflatene, opphavet til aktive vulkanar, utviklinga av klima, og det blir også forska på periodane då det tok brått slutt med fleire livsformer.

går det fram at det med denne globusen er fullt mogleg å finna ut kor stor konsentrasjon det er av CO 2 i atmosfæren.

Uttrykte frustrasjon

Det var i februar i år senterleiar Trond Torsvik stod fram i Uniforum og uttrykte frustrasjon over at senteret hans måtta dela lokale med eit anna senter på ubestemt tid, over eitt år etter at det hadde fått status som senter for framifrå forsking. «Det er lite tilfredsstillende å drive CEED fra PGPs gamle og overfylte lokaler, og jeg er lite fornøyd med UiOs behandling av CEED.», klaga Torsvik i eit brev sendt til rektor Ole Petter Ottersen, MN-dekan Morten Dæhlen og fakultetsdirektør Jarle Nygard i byrjinga av 2014. Under opninga i dei nye lokala i ZEB-bygninga den 21. oktober var også dekan Morten Dæhlen til stades. Då uttrykte han stor glede over at fakultetet endeleg kunne ynskja senteret velkomme inn i eige hus.

NØGDE: Senterleiar Trond Torsvik  og dei andre tilsette ved CEED er svært nøgde med dei nye lokala i ZEB-bygningen. Her held  Trond Torsvik opningstalen. (Foto: Martin Toft).

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, SFF, Realfag Av Martin Toft
Publisert 10. nov. 2014 10:03 - Sist endra 10. nov. 2014 10:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere