UiO vil underlegga seg Simula og Universitetssenteret på Kjeller

Simulasenteret på Fornebu og Universitetssenteret på Kjeller kan bli slått saman med Universitetet i Oslo. Simula går imot, medan senteret på Kjeller er avventande.

VIL STYRKJA REALFAGA: – Me trur ei samordning mellom Simula og UNIK vil styrkja forsking og utdanning i matematikk, naturfag og teknologi i Oslo-regionen, seier dekan Morten Dæhlen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Foto: Ola Sæther

UiO har eit sterkt ynske om å leggja under seg Simulasenteret på Fornebu og Universitetssenteret på Kjeller (UNIK). Det går fram av høyringsfråsegna frå UiO til Kunnskapsdepartementet om den framtidige strukturen i universitets- og høgskulestrukturen. Universitetsstyret gjekk inn for forslaget i møtet den 21. oktober.

Kan bli ein del av MN-fakultetet

Reint konkret blir det foreslått å organisera dei to forskingssentra under Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Grunngjevinga er at dei to sentra gir omfattande bidrag til utdanninga ved MN-fakultetet. Dessutan samarbeider mange av forskarane på Simula og Universitetssenteret på Kjeller nært med forskarar på UiO. I høyringsfråsegna blir det peika på at ei sterkare organisatorisk samhandling mellom MN-fakultetet på UiO og fagmiljøa på Fornebu og Kjeller vil vera ein stor styrkje for all forsking og utdanning i realfag og teknologi i Oslo-regionen. UiO lovar å utvikla vidare dei utdannings- og forskingskvalitetane som er skapte ved dei to forskingssentra.

– Må vurdera gevinstar

Dekan Morten Dæhlen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har også formidla ynsket til leiinga ved dei to institusjonane. Difor er dei godt kjende med ynsket om at dei skal bli ein del av Universitetet i Oslo, går det fram av høyringsfråsegna. Det er Kunnskapsdepartementet som har det siste ordet i denne saka. Morten Dæhlen stadfestar dette. – Me har vurdert dette breitt og me er sjølvsagt opptekne av kva Kunnskapsdepartementet meiner. Forslaget vårt er at me bør vurdera gevinstar og moglegheiter ved at Simula og Universitetssenteret på Kjeller, i ei eller anna form, blir knytte til MN-fakultetet ved UiO.

– Kva synest leiinga ved dei to institusjonane om dette ynsket?

– Leiinga ved Simula og ved UNIK er godt kjent med innspela våre, og eg respekterer at det er ein viss skepsis til dette hos begge dei to institusjonane. For UiO og MN-fakultetet er det viktig å byggja vidare på dei kvalitetane som er utvikla ved Simula og UNIK. Forslaget er først og fremst tufta på at me trur ei samordning mellom Simula og UNIK vil styrkja forsking og utdanning i matematikk, naturfag og teknologi i Oslo-regionen, seier Morten Dæhlen. No vil han at spørsmålet skal greiast ut med ei brei deltaking frå alle aktørane.

Simula-leiinga seier nei

Leiingane ved Simula og UNIK er ikkje særleg begeistra for forslaget om at dei bør leggjast under Universitetet i Oslo. Direktør Aslak Tveito ved Simulasenteret er mest kritisk:

Simula-senteret:

Driv grunnforsking i informasjons- og kommunikasjonsteknologi på Fornebu.

Satsar på utvikling av dataverktøy/applikasjonar som er viktige for samfunnet.

Utdannar både master- og doktorstudentar i samarbeid med UiO.

Sidan oppstarten i 2001, har Simulas forskarar vore rettleiarar for 82 doktorgradar og 284 masteroppgåver.

Er organisert som eit aksjeselskap direkte underlagt Kunnskapsdepartementet.

I 2013 hadde Simula 140 tilsette og 29 ph.d.-studentar.

(Kjelder: Simula,UiO og Wikipedia)

 – Det er naturlegvis hyggeleg og inspirerande at UiO ynskjer seg Simula. Forslaget om at Simula skal bli ein del av UiO blei drøfta inngåande på førre styremøte i Simula og styret

vedtok samrøystes at Simula ikkje ynskjer ei slik utvikling. Vedtaket var heilt i samsvar med innstillinga frå Simulas administrasjon, viser Aslak Tveito til.

Han peikar på at UiO og Simula har ein omfattande samarbeidsavtale som nettopp blei fornya. Eit resultat av det nære samarbeidet er at tilsette ved Simula har deltatt i rettleiinga fram mot 284 mastergradar og 82 doktorgradar, mesteparten gjennomførte ved UiO.

– Ikkje naudsynt med nærare tilknyting

Aslak Tveito og Simula støttar også arbeidet som dekan Morten Dæhlen ved MN-fakultetet ved UiO og Abelia-direktør Håkon Haugli gjer for å styrkja utdanninga i informasjons- og kommunikasjonsteknologi i Noreg. – Institutt for informatikk og Simula har ein god dialog om å styrkja samarbeidet sitt for å møta denne utfordringa. Men dette kan enkelt gjerast som ei utviding av det gode samarbeidet me allereie har og krev ikkje ei nærare institusjonell tilknyting, understrekar Tveito. Simula-direktøren ser at nokre høgskular kan ha fordel av å bli ein del av eit universitet fordi norske universitet har gode vilkår.

– For Simula ser dette annleis ut. Me har stor fridom, og me har utnytta den så godt me har kunna, slår han fast. I dag er Simula eit aksjeselskap eigd av Kunnskapsdepartementet. Etter Aslak Tveitos oppfatning er Kunnskapsdepartementet ein svært profesjonell eigar som gir styret og administrasjonen det handlingsrommet eit aksjeselskap skal ha.

– Dette gir Simula veldig stor handlekraft, og den har me utnytta til det fulle. Den handlekrafta er det vanskeleg å oppretthalda som ein del av ein stor organisasjon, seier direktør Aslak Tveito.

Kjeller avventande

Universitetssenteret på Kjeller blir drive i fellesskap av Universitetet i Oslo, NTNU, Institutt for energiteknikk og Forsvarets

Universitetssenteret på Kjeller (UNIK)

Blei starta opp i 1987 med UiO som einaste samarbeidsuniversitet.

Lokalisert på Kjeller for å ha nær kontakt med Institutt for energiteknikk og Forsvarets forskingsinstitutt.

I 1995 blei NTNU også med i samarbeidet.

Driv med forsking og utvikling innanfor trådlause nett og informasjonstryggleik (WNIS), elektronikk og fotonikk, kybernetikk og industriell matematikk, og energi og miljø.

Rettleier 40 masterstudentar og 25 ph.d.-kandidatar.

Styret er sett saman av representantar for UiO, NTNU, Forsvarets forskingsinstitutt, Institutt for energiteknikk og NHO.

(Kjelder: UNIK, UiO og Wikipedia)

forskingsinstitutt. Direktør Stian Løvold er ikkje så kategorisk avvisande til frieriet frå UiO som Simula-direktør Aslak Tveito.

– Me set sjølvsagt stor pris på den gode omtalen Universitetssenteret på Kjeller saman med Simula blir til del i høyringsfråsegna frå UiO.

 Framleis er det litt uklart kva det vil innebera å bli ein del av Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiO. Uansett så må kravet vera at senteret vårt framleis skal vera lokalisert på Kjeller i tett samarbeid med forskingsinstitutta som ligg rundt oss. Det vil vera vanskeleg å flytta atomreaktoren, konstaterer han tørt.

– No ventar me også spent på kva NTNU-styret meiner i denne saka, legg han til. Når det er klart, vil han ta kontakt med både Institutt for energiteknikk og Forsvarets forskingsinstitutt for å finna ut kva haldning dei har til at senteret kan bli lagt under MN-fakultetet ved UiO. – Eg har også bede om eit møte med Kunnskapsdepartementet, seier Stian Løvold.

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 29. okt. 2014 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere