Instituttleiar Rita Hvistendahl: – Sjøbergs innsats er godt representert

– Svein Sjøbergs innsats og engasjement synest å vera godt representert, opplyser instituttleiar Rita Hvistendahl ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking i ein kommentar til påstandane frå Sjøberg om at han blir sensurert og oversett.

ER VELKOMEN: - Professor emeritus Svein Sjøberg er når som helst velkomen til å bruka pensjonistkontoret i dei nye lokala våre, seier instituttleiar Rita Hvistendahl. Ho viser samtidig til at det finst to bidrag av Svein Sjøberg blant medieklippa til instituttet.

Foto: UiO

– Som professor emeritus har Svein Sjøberg inngått ein senioravtale med instituttet. Han tar framleis nokre undervisningsoppdrag, har vore foredragshaldar på Skuleleiardagane og blir invitert til samlingar og arrangement på ILS. Han er elles velkomen til å bruka pensjonistkontoret som me har etablert i dei nye lokala våre.  Me er glade for å ha aktive seniorar som held kontakten med instituttet og bidrar til aktivitetane våre, seier instituttleiar Rita Hvistendahl ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking.

Ho viser til at Svein Sjøberg er synleg på nettsidene til instituttet også etter at han gjekk av for aldersgrensa sommaren 2013.

Pisa-artiklar er med

– Vignetten «Aktuelt fra instituttet» på ILS’ web-forside inneheld oppslag under overskriftene: «aktuelle saker», «arrangementer» og «i media», totalt ca 35 oppslag frå sommaren 2013 og  fram til i dag. To av desse har handla om tildeling av UiOs formidlingspris til Svein Sjøberg. Det er også eit oppslag frå svenske media om Pisa i Noreg, der Sjøberg uttalar seg saman med forskarar ved instituttet. I tillegg er hans presentasjon på instituttet sitt arrangement «Skolelederdagene 2014» publisert her saman med heile artikkelen hans «PISA-syndromet. Hvordan norsk skolepolitikk blir styrt av OECD» frå Nytt Norsk Tidsskrift nr. 1, 2014 (s 30-43), peikar ho på.

Pisa-undersøkingane er eit stort eksternt oppdrag

Hvistendahl viser til at desse sidene elles presenterer nyhende frå studia, nye prosjekt og resultat frå dei aktive forskarane og oppslag med dei tilsette på instituttet. – Dei blir ofte spurde om å uttala seg til media på bakgrunn av eiga forsking og undervisning, understrekar Hvistendahl. Mellom dei store eksterne forskingsoppdraga til Institutt for lærarutdanning og skuleforsking er dei norske Pisa-undersøkingane. Dessutan utfører me store etter- og utdanningsoppdrag, opplyser ho til Uniforum.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskingspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 20. aug. 2014 16:23 - Sist endra 20. aug. 2014 23:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere