Svein Sjøberg: – Instituttet sensurerer meg

I løpet av eitt år har pedagogikkprofessor Svein Sjøberg publisert 62 artiklar i norske og utanlandske aviser og tidsskrifter. – Ingen av dei finst mellom dei 40 medieklippa til Institutt for lærarutdanning og skuleforsking. Eg blir sensurert, meiner Sjøberg.

FØLER SEG UTFROSEN: – Eg føler at eg blir utfrosen og usynleggjort av leiinga på instituttet. Den openberre grunnen til det, er den kritikken eg har kome med mot Pisa og internasjonal testing, meiner pensjonert pedagogikkprofessor Svein Sjøberg .

Foto: Ola Sæther

I fjor fekk fysikar og pedagogikkprofessor Svein Sjøberg UiOs formidlingspris. Grunngjevinga var at han er opptatt av sosiale, kulturelle, etiske og utdanningspolitiske aspekt ved naturvitskap i skule og samfunn og maktar å formidla det.

Svein Sjøberg har ikkje kvilt på laurbæra sidan den gongen. Det siste året har han fått publisert 62 artiklar i norske og utanlandske aviser og tidsskrift. Både vitskaplege artiklar, kronikkar og innslag i radio og TV er mellom dei bidraga han er registrert med i databasen Cristin. Men blant medieklippa på nettsidene til Institutt for lærarutdanning og skuleforsking er dei ikkje nemnde. Det einaste som finst om Svein Sjøberg på aktueltsidene der, er kunngjeringa av at han har fått formidlingsprisen og foredraget han heldt den dagen han fekk utdelt prisen.

– Blir utfrosen og usynleggjort av leiinga

Sjøberg fortel at han saman med kollega Anders Isnes var med i eit program i NRK om 100-årsdagen for pionerane innanfor naturfagformidling, Otto Øgrim og Helmut Ormestad 2. juledag 2013. – Ingenting om dette kom med under ILS i media på nettsidene til instituttet mitt. For eit institutt som er opptatt av å vera synleg i media, er det rart at dei ikkje viser til dei artiklane som eg har skrive eller deltar i, peikar han på.

– Eg føler at eg blir utfrosen og usynleggjort av leiinga på instituttet. Den openberre grunnen til det, er den kritikken eg har kome med mot Pisa og internasjonal testing. Det er tydeleg at alt som handlar om min person, skal utraderast, eg skal vera ein ikkje-person, føler han. – Det er eit klart teikn på at instituttet ikkje likar meiningane mine. Men eg blir også sensurert dei gongene artiklane mine ikkje inneheld kritikk av Pisa-prosjektet til OECD, seier Svein Sjøberg til Uniforum.

 

– Å oppleva slike ting på min eigen arbeidsplass over mange år, er både sårt og tungt å leva med. I løpet av fleire tiår har eg utvikla ein forskingsbasert kritikk til kva eit aukande testregime gjer med skulen og arbeidet der. Eg får god dekning av internasjonale forskingsfunn i kritikken min. Mange uavhengige internasjonale forskarar deler mine kritiske synspunkt. No er det sett i gang eit internasjonalt forskarinitiativ med forskarar frå 40 land der kritikken av Pisa er det sentrale, understrekar Sjøberg.

– Klar neglisjering

– Denne openberre neglisjeringa på skrytesida til instituttet er berre eitt av mange døme på noko som er prinsipielt viktig. Det dreiar seg om kva verdiar eit universitet skal ta vare på, og saka går rett inn i debatten om frykt, sjølvsensur og utfrysing. I høgste grad handlar saka om korleis store midlar frå eksterne oppdrag og tilbod skubbar vekk dei akademiske ideala. Desse vitskaplege ideala og prioriteringane må vika for kundepleie og budsjettbalanse, trur Sjøberg.

– Presenterer berre positive omtalar av Pisa

Han konstaterer at det berre er positive omtalar av Pisa-prosjektet som får plass under «ILS i media». I eitt av dei blir ein av Pisa-forskarane intervjua i eit svensk skulemagasin under overskrifta «Pisachocken fick Norge på spåret.» Pisa-prosjektet får altså æra for at det no går så godt for norsk skule. Det må det sjølvsagt vera lov til å meina, sjølv om eg og mange andre er ueinige, synest han.

Sjøberg peikar på at både før og etter dette er han blitt invitert til å skriva fleire kronikkar i dei svenske skulemagasina med kritiske vurderingar av Pisa. Ikkje noko av dette finn vegen til nettsidene til Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS).

– Det viser at nettsidene til ILS har ei heilt klar linje i å presentera berre positive ting om Pisa og dei mange testprogramma som instituttet er engasjert i. Motargument eller kritiske innspel ynskjer ikkje instituttet å synleggjera, slår han fast.

På Institutt for lærarutdanning og skuleforsking arbeider over 20 av dei tilsette med PISA, TIMSS, nasjonale prøvar og Oslo-prøven i lesing. – Dette er ei solid inntektskjelde for instituttet. Også doktorstipendiatar går til EKVA-gruppa (Eining for kvantitative utdanningsanalysar), slår han fast.

Etter hans meining blir dermed oppdragsgjevarane og forskargruppene som held på med desse testane, avhengige av kvarandre. – Dette skaper sterke lojalitetsband som gjer at dei ikkje vil kritisera andre og helst ikkje vil at andre frå same institutt skal kritisera dei. Derfor likar dei ikkje at eg heile tida offentleg kjem med fagleg kritikk mot desse testane, trur Sjøberg.

– Difor var det heller ikkje mitt eige institutt som nominerte meg til formidlingsprisen, men dekan Morten Dæhlen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og andre frå andre fakultet. Kollegaene mine stod heldigvis også bak nominasjonen, men som enkeltpersonar, legg han til.

– OECD opererer som eit globalt utdanningsdepartement

– Men kvifor er du så kritisk til spesielt Pisa?

– I dag ser det ut til at OECD opererer som eit globalt utdanningsdepartement, der Pisa er deira viktigaste maktinstrument. I mest alle land får politikarar panikk kvar gong det er ei ny lansering av Pisa, nærast uavhengig av plassering. Det skjer trass i at Pisa-forskarane er heilt klare på at dei ikkje måler skulekunnskapar og heller ikkje ser på læreplanane til medlemslanda. Resultatet av Pisa er dagens test- og dokumentasjonsregime i den norske skulen. Etter mi meining er OECDs rådande idé at marknad alltid er bra, og at konkurranse alltid gir betre kvalitet. No har me fått eit kappløp mellom nasjonar. Kvalitetsmåling i kjølvatnet av Pisa bryt med formålsparagrafen til den norske skulen.

Sjøberg står fast på at bodskapen instituttet sender til nye studentar og doktorstipendiatar er heilt klar. – Gå og set deg på kontoret ditt, skriv vitskaplege artiklar på engelsk og ikkje uttal deg kritisk mot leiinga eller dei som sit på pengesekken. Då vil det gå deg godt. Det er sjølvsagt eit heilt feil signal å senda, men sånn er faktisk situasjonen blitt, meiner han.

– Bryt med universitetsideen

– På den måten blir det lite igjen av universitetsideen om at dei vitskaplege tilsette og studentane skal oppmuntra til og fremja kritikk både av kvarandre, av forskinga og av samfunnet. Oppdrag skaper balanse i budsjettet. Slik kan botnlinja i rekneskapen bli viktigare enn akademiske ideal om fri, kritisk og uavhengig forsking. På ein slik måte vil det vera mogleg å driva eit konsulentbyrå, men slikt bryt med alt det som bør prega eit universitet, meiner Svein Sjøberg. Samtidig understrekar han at kritikken han kjem med ikkje rettar seg mot fagfellane hans. – Eg er glad for at mange av dei tilsette på instituttet driv med god og uavhengig forsking, og eg veit at mange deler synspunkta mine.

 

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Forskingspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. aug. 2014 16:15 - Sist endra 20. aug. 2014 16:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere