Doktorkandidat fekk avslag på nynorsk omslag

UiO har gitt beskjed om at omslaga skal vera anten på bokmål eller på engelsk. Det var meldinga Eli Bjørhusdal fekk frå Akademika forlag då ho bad om å få bruka det nynorske fakultetsnamnet på omslaget til doktoravhandlinga si.

UTAN FAKULTETSNAMN PÅ NYNORSK: – Dette er ein detalj, men den språklovgjevinga som gjev nynorsk offisiell status er summen av alle slike detaljar, difor er det viktig, meiner Eli Bjørhusdal. Ho fekk avslag då ho ba om å få fakultetsnamnet til omslaget på doktoravhandlinga på nynorsk. UiO garanterer no at alle som ber om det, kan bruka fakultetsnamnet på nynorsk.

Foto: Privat

I neste månad presenterer Eli Bjørhusdal doktoravhandlinga si «Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005». Det skjer under Det utdanningsvitskaplege fakultetet sine venger, og det skjer på nynorsk. Difor ville gjerne Eli Bjørhusdal også ha omslagsarket med namnet til fakultetet på nynorsk. – Forlagskonsulenten til Akademika forlag gav meg då klar melding om at det ikkje var mogleg. Avtalen mellom UiO og forlaget var at omslagsarket anten skulle vera på bokmål eller engelsk, fortel Eli Bjørhusdal til Uniforum. Og fordi det hasta med å få levert doktoravhandlinga til trykk, gav eg meg til slutt på det punktet, legg ho til.

– Skal ha malar på nynorsk og bokmål

Seksjonssjef Kristin Fossum Stene (biletet under)  i Avdeling for fagstøtte ved UiO har undersøkt saka og kjem med ein heilt klar konklusjon.

– Det kan ikkje forlaget gjera. Også omslagsarket skal ha faste malar i både nynorsk- og bokmålsversjon, i tillegg til engelsk, seier ho. Fossum Stene viser til at UiO har ein parallellspråkpolitikk. – Det vil seia at ein doktorstudent som skriv på norsk, kan bruka anten nynorsk eller bokmål, medan dei som føretrekkjer engelsk kan bruka det. Dei som vil skriva avhandlingar om litteratur og språk på andre utanlandske språk, kan søkja om å gjera det. Fakultetet bestemmer om avhandlinga kan skrivast på andre språk, opplyser ho.

Uansett skal det alltid vera eit samandrag på engelsk, om du skriv på norsk eller eit anna språk. Om du skriv på engelsk, skal det alltid vera eit samandrag på norsk, altså bokmål eller nynorsk, går det fram av dei språklege retningslinjene til Universitetet i Oslo.

Fire doktoravhandlingar på nynorsk på ein månad

Den siste månaden skal fire doktorstudentar forsvara avhandlingar som er skrivne på nynorsk. Samtidig er det berre ei avhandling på bokmål, medan alle dei andre er på engelsk, ifylgje Uniforums doktorgradsside.

 Historikaren Trond Spurkeland var først ute av dei nynorske doktorandane og disputerte den 22. august med avhandlinga «Skandinavia som krigsteater? Noreg og Sverige i den britiske krigsstrategien frå 2. september 1939 til 8. april 1940». Når Uniforum spør han om han fekk tilbod om å få omslagssida med det nynorske namnet på fakultetet, svarar han at det har han ikkje tenkt over. – Eg har oppgåva her, og skal me sjå … her står det «Det humanistiske fakultet.» Det går no greitt som nynorsk. For meg er det langt viktigare at eg har skrive ei 700 sider lang avhandling på nynorsk, enn om namnet på fakultetet er på nynorsk, seier Trond Spurkeland til Uniforum.

Fekk prøveforelesingstema på bokmål

Den neste nynorske doktoranden som disputerer, er teologen og presten Margunn Sandal. Den 5. september skal ho forsvara avhandlinga «Overskridande arkitektur. Ei undersøking av det sakrale i moderne kyrkjearkitektur». Ho har heller ikkje tenkt nøye gjennom om omslagsarket er på nynorsk.

– Det står «Det teologiske fakultet», så det må også vera greitt. Det som forundrar meg meir, er at tittelen på temaet som eg har fått som prøveførelesing er på bokmål. Dette skjer trass i at avhandlinga er på nynorsk, seier Sandal til Uniforum.

Den som er sist ute med å forsvara ei nynorsk doktoravhandling, er Øystein Lydik Idsø Viken. Den 19. september vil han disputera med avhandlinga «Frygte Gud og ære Kongen: preikestolen som politisk instrument i Noreg 1720–1814». Doktoravhandlinga vil få på trykk namnet til Det humanistiske fakultet, som offisielt heiter det same både på nynorsk og bokmål.

– Vonar andre ikkje opplever dei same problema

Då er det verre for Eli Bjørhusdal ,som har Det utdanningsvitskaplege fakultetet som vertskap. På bokmål blir namnet «Det utdanningsvitenskapelige fakultet».

– Dette er ein detalj, men den språklovgjevinga som gjev nynorsk offisiell status er summen av alle slike detaljar, difor er det viktig. Eg vonar no at ingen andre som disputerer på nynorsk, kjem til å møta dei same problema, seier ho til Uniforum.

For henne kjem klargjeringa frå Universitetet i Oslo for seint. Doktoravhandlinga hennar på nynorsk har gått i trykken, og på omslaget står det at ho har disputert ved «Det utdanningsvitenskapelige fakultet».

– Synd, men eg kunne ikkje venta lenger med å levera inn doktoravhandlinga mi. Det er i alle fall viktig at UiO har gjort det klart overfor Akademika forlag at det har faste malar både på nynorsk, bokmål og engelsk, seier Eli Bjørhusdal.

– Ikkje noko problem å endra

Avhandlingsansvarleg Alexandra Gonzalez Blaker i Akademika forlag trur det er mogleg å gjera noko med dette.

– Det er ikkje noko problem å endra dette, så lenge eg har fått godkjenning frå UiO. Dette er deira eigedom.

Ho kan ikkje svara på om det finst ein kontrakt der UiO ber om at det blir trykt opp malar berre på engelsk eller bokmål.

– Eg har ikkje forhandla avtalane med UiO, så eg veit dessverre ikkje om det finst ein skrifteleg avtale om malar, seier ho.

Får malar på bokmål, nynorsk og engelsk

Seksjonssjef Kristin Fossum Stene er glad for at saka har kome opp, og har tatt kontakt med forlaget. – Me er no i dialog med Akademika forlag, og syrgjer for at dei får malar som er innanfor den gjeldande designmanualen, og med fakultetsnamn på bokmål, nynorsk og engelsk, garanterer ho. Grafisk ansvarleg ved UiO, Hanne Utigard  har  no laga utkast til nye malar i tre versjonar og vist dei fram for Akademika forlag.   – Dei er forlaget svært nøgd med, opplyser Kristin Fossum Stene.

Universitetet i Oslo har denne nettsida med korrekte nemningar på nynorsk, bokmål og engelsk på fakultet, institutt og andre einingar.

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Språk Av Martin Toft
Publisert 29. aug. 2014 10:28 - Sist endra 29. aug. 2014 11:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere