Tenester for sensitive data (TSD) opna på UiO

Forsking som det var umogleg å driva med for fem år sidan, er no mogleg å gjennomføra takka vera «Tenester for sensitive data» på UiO. Dataene er sikre frå dei blir lagde inn til dei kjem ut.  UiO-rektor Ole Petter Ottersen opna tenesta i dag.

TOPP OPNING: Administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet, rektor Ole Petter Ottersen og USIT-direktør Lars Oftedal deltok under opninga av Tenester for sensitive data på UiO i dag.

Foto: Ola Sæther

Med Tenester for sensitive data (TSD) kan forskarar både innanfor og utanfor UiO handtera personlige og sensitive opplysningar utan at det går utover personvernet.  – Dette gjer det mogleg å gjennomføra viktig og banebrytande forsking som det  var umogleg å driva med for nokre år sidan utan at det ville ha gått utover personvernet, sa adm.dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet då tenestene blei opna i dag.

Unngår problem med personvernet

Kva er sensitive forskningsdata?

Dette er i hovudsak data om forsking på personar, når dataene kan brukast til å identifisera personane eller opptrer saman med informasjon om kven personen er.

Rektor Ole Petter Ottersen slo også på stortromma: – Det er ei svært viktig teneste for å få moderne forsking til best kvalitet.  Denne tenesta kombinerer ynsket vårt om å kunna forska på sensitive data, samtidig som det ikkje går utover personvernet. Eg veit at livsvitskapsmiljøa ved UiO er svært interesserte i å ta i bruk denne tenesta. No er det ikkje lenger behov for lokale løysingar på dette problemet, meinte Ole Petter Ottersen før han offisielt opna «Tenester for sensitive data» ved UiO.

Auka nasjonalt og internasjonalt samarbeid

Adm.dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet håpa at tenesta kunne føra til auka samarbeid både mellom norske forskarar og mellom norske og i

Korleis blir dataene sikra?I TSD er dataene sikre frå dei blir lagde inn og til dei er ferdig analyserte. Data kan t.d. hentast direkte inn med skjema som er sikra med Min ID. Tilgang til dataene blir styrt med to-faktor autentisering i Min ID , som er det same som ved levering av sjølvmeldinga

nternasjonale forskarar. – Eg håpar dette også kan førast vidare som ei teneste for heile forskings-Noreg, sa han. – Dette kan vera til stor nytte ikkje berre for medisin og naturvitskap, men også for fag som språkanalyse og musikkanalyse, understreka Hallén.

Teneste for sensitive data blir  utvikla og drifta av USIT ved UiO, og inngår i NorStore, den nasjonale infrastrukturen for handtering og lagring av vitskaplige data.

Les meir her

Emneord: Informatikk, USIT, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. mai 2014 15:41 - Sist endra 5. mai 2014 15:51

Saksopplysning : Det er riktig at man kan avlevere svar i vår innhentingsfunksjon (UiO Nettskjema) og kreve at respondent logger inn via ID-porten. Selve tilgangen til data i TSD krever to-faktor innlogging, men helt uavhengig av ID-porten og fullstendig kontrollert av TSD/USIT.

Gard Thomassen - 6. mai 2014 21:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere