UiO kan trekkja seg ut av sentra i Athen og Caen

Det norske instituttet i Athen og Studiesenteret i Caen bør ikkje lenger vera ein del av porteføljen til Universitetet i Oslo. Det går fram av ein rapport frå eit utval som har gått gjennom sentra på oppdrag frå UiO-leiinga.

STUDENTAR I  2008:  Kristin Guttormsen og Maria Biuso framfor bygningen der det fransk-norske senteret held til i Caen i Normandie i Frankrike. UiO kan trekkja seg ut av senteret.(Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Evalueringsutvalet som har laga rapporten har gått gjennom nesten alle utanlandssentra som UiO deltar i eller er eineeigar av. Dei einaste som ikkje er evaluert denne gongen er det nye Peder Sather-senter ved Berkeley-universitetet i USA og Det norske instituttet i Roma. Det sistnemnde senteret blir rekna som eit regulært institutt innanfor Det humanistiske fakultetet, og utvalet som har hatt viserektor Ragnhild Hennum til leiar, har difor ikkje rekna det som si oppgåve å evaluera det instituttet.

Topptungt og overadministrert i Caen

Av dei til saman sju sentra som dei har gått gjennom, er det Studiesenteret i Caen og Det norske instituttet i Aten som får hardast medfart. Etter evalueringsgruppa si meining står ikkje den økonomiske innsatsen i samsvar med det dei får igjen for å bruka pengar og fagpersonar på desse sentra. Fransk-norsk senter for utveksling og samarbeid i Caen (OFNEC) ved Universitetet i Caen,får mange kritiske merknader for det evalueringsgruppa meiner er eit topptungt og overadministrert senter. Det blir også peika på at for få studentar frå UiO deltar på dei franskkursa som senteret tilbyd.

Evalueringsgruppa meiner at studentane vil få like godt utbyte av dei ordinære Erasmus-avtalane som Universitetet i Oslo har med andre franske universitet. I dag samarbeider UiO med Universitetet i Agder, Universitetet i Bergen, NTNU i Trondheim og Universitetet i Tromsø om dette senteret. Dei viser til at i 2012 var berre seks studentar frå UiO registrerte som studentar på bachelorkurset i fransk ved dette studiesenteret. Det blir også vist til at det er 20 studieplassar på årskurset, og at UiO får studiepoenga for alle desse studentane. Konklusjonen i rapporten er likevel at den inntekta ikkje veg opp for kostnadene med å delta i drifta av senteret. I tillegg blir det understreka at svært få av dei 43 UiO-studentane som tok delstudiar i Frankrike i 2012, drog til Caen. Rådet frå gruppa er difor at UiO ved Det humanistiske fakultetet avviklar deltakinga i Fransk-norsk senter for utveksling og samarbeid i Caen (OFNEC).

For få dokumenterte forskingsresultat i Athen

Det norske instituttet i Athen for klassiske studium, arkeologi og kulturhistorie får ei endå tøffare behandling av evalueringsgruppa enn studiesenteret i Caen. Instituttet blei oppretta i 1989 av Noregs Universitetsråd, og det blir drive i fellesskap av universiteta i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim. UiO brukar 1,390 millionar årleg på instituttet, medan det samla budsjettet er på 4,2 millionar kroner. Oppgåva til instituttet er å driva undervisning, forsking, publisering og formidling av gresk kultur, historie, arkeologi og språk for det norske universitetsmiljøet. Instituttet held tre kurs: antikkens kultur, nygresk og eit kurs for lærarar. Det blir understreka at nygresk ikkje lenger er eit fag som blir tilbydt ved UiO.

Dessutan blir det peika på at aktivitetane ved senteret i hovudsak er knytt til den faglege verksemda til instituttleiaren, som samtidig også fungerer som kulturattaché ved Den norske ambassaden i Athen. Då evalueringsgruppa gjennomførte vurderinga av instituttet, var det fire arkeologiske prosjekt i regi av instituttet, eitt utgravingsprosjekt, to feltprosjekt og ei registrering. Det viktigaste prosjektet er Tegea-utgravinga som snart blir avslutta. Evalueringsutvalet tilrår at UiO bør avvikla deltakinga si i senteret frå og med 2016, så sant instituttet ikkje blir engasjert i fleire arkeologiske utgravingar og det ikkje blir ein auke i dokumenterte forskingsresultat.

Bør halda fram i York, Kiel og St. Petersburg

Utvalet synest derimot det er heilt i orden at UiO held fram som deltakar i studiesentra i York og i Kiel. Argumentet er at dei ikkje kostar UiO noko anna enn reisekostnader for styrerepresentantar. Også Det norske studiesenteret i St. Petersburg får ståkarakter frå utvalet, og det tilrår at UiO held fram samarbeidet om senteret saman med universiteta i Bergen, Trondheim og Tromsø.

Paris-senter innfrir

I motsetning til studiesenteret i Caen, får Fransk-norsk senter for humaniora og samfunnsvitskap i Paris godt skussmål frå utvalet. Senteret sine rapportar vitnar om eit svært høgt aktivitetsnivå, står det i rapporten, og det blir lista opp seminar og konferansar. Etter utvalet si oppfatning er det ei stor fagleg breidd av UiO-miljø som er representerte på senteret. Senteret har eit budsjett på 2,8 millionar som blir dekt av universiteta. Dessutan har det ein million i utgifter til seminar, og får dekt halvparten av dette gjennom eigenbetaling.

Medan senteret tidleg blei brukt som seminarlokale av fagmiljø frå Noreg, fungerer det no på ein ny og betre måte, ifylgje utvalet. Det har registrert ei medviten dreiing mot å bruka senteret overfor forskarrekruttar. Utvalet meiner det har gitt senteret ein heilt annan legitimitet enn det hadde då det blei starta opp. Sidan det har eit høgt aktivitetsnivå, har ein enkel infrastruktur og ligg ved prestisjeinstitusjonen Fondation Maison des Sciences de l’Homme (FMSH) og i samlokalisering med Ecole des Hautes Etudes en Sciences Sociales (EHESS) gjer det at UiO framleis har stor nytte av deltakinga i senteret. Men det må evaluerast med jamne mellomrom, er tilrådinga frå utvalet.

Fakta om evalueringsgruppa: Evalueringsgruppa blei leidd av viserektor Ragnhild Hennum. Dei andre medlemane var  fakultetsdirektør Anne Ma Eide ved HF, studiedekan Kristin Heggen frå Det medisinske fakultetet, student Ådne Hindenes frå Studentparlamentet og spesialrådgjevar Svein Hullstein, som var sekretær for utvalet. Utvalet avslutta arbeidet sitt i desember i fjor.

Utvalet har også gått gjennom det nordiske samarbeidet om Nordic Centre at Fudan University i Kina og Nordic Centre in India. Det blir rådd til at UiO held fram med dette samarbeidet. Men når det er snakk om Inter University Centre Dubrovnik i Kroatia, er utvalet litt meir i tvil. Dagens styreleiar er Gunn Elisabeth Birkelund frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO, og det blir konkludert med at UiO bør halda fram med dette samarbeidet til hennar styreperiode går ut i 2017. Då bør det vurderast på nytt om UiO skal delta, meiner utvalet.

I ein generell kommentar peikar utvalet på at «dersom et senter sliter med å få aktivitet og har manglende oppslutning er det etter utvalgets oppfatning ikke gitt at senteret bare skal videreføres. Det synes å være en slags oppfatning om at har man en gang opprettet et senter, er det til evig tid. Slik kan det ikke være», slår utvalet fast.

Skjebnedag for Caen

Den første prøvesteinen på korleis det vil gå med tilrådingane frå utvalet, kjem fredag 4. april. Då skal fakultetsstyret på HF orienterast om situasjonen ved studiesenteret i Caen. Dekan Trine Syvertsen fylgjer tilrådinga frå utvalet og instituttleiinga om at UiO ved HF skal trekkja seg heilt ut av det samarbeidet. Franskseksjonen ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk protesterer kraftig mot tilrådinga, og meiner den byggjer på eit heilt feil grunnlag (les eiga sak).

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 2. apr. 2014 12:57 - Sist endra 2. apr. 2014 13:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere