- Samarbeidsmodellen med Caen er for dyr

Modellen for samarbeid med Universitetet i Caen er dessverre veldig dyr, meiner instituttleiar Karen Gammelgaard ved ILOS. Ho støttar framlegget om å trekkja UiO ut.

FOR DYRT I CAEN: - Tilbodet i Caen er også bra, men inntil vidare det klart dyraste tilbodet og ikkje veldig etterspurt, seier instituttleiar Karen Gammelgaard, som er einig i tilrådinga om at UiO bør trekkja seg ut av Det fransk-norske studiesenteret i Caen. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det er altså eit utval sett ned av universitetsleiinga som rår UiO til å trekkja seg ut av Det fransk-norske senteret for samarbeid og utveksling i Caen. I morgon kjem tilrådinga opp som orienteringssak i fakultetsstyret og dekan Trine Syvertsen støttar tilrådinga frå utvalet. Det gjer også instituttleiar Karen Gammelgaard ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS).  

– Senteret i Caen har vore viktig for studenter og instituttet i mange år. Mange av våre tilsette har gjort eit stort og flott arbeid i samband med senteret. Det internasjonale samarbeidet har tatt nye former gjennom dei siste åra,  særlig etter at Erasmus-avtalar blei vanlege. UiO sentralt har no ynskt å evaluera utanlandssentra, slik som me evaluerer mykje av aktiviteten vår med jamne mellomrom. Modellen for samarbeid med Universitetet i Caen er dessverre veldig dyr. Caen er det einaste universitetet der Erasmus-studentane våre har eigen administrativ oppfylging på staden. Det er også den einaste staden der me sender ein norsk studieleiar, seier Gammelgaard.

Har avtalar med andre franske universitet

– Korleis ser du på moglegheitene til at franskstudentar kan få eit like  godt tilbod gjennom ordinære utvekslingsavtalar mellom UiO og franske universitet?

– Franskstudentane har gode tilbod om utvekslingsavtalar, mellom anna ved Sorbonne og på universiteta i Aix og Nice. Me jobbar med ein ny avtale med Université de Paris 10, Nanterre, der me har fleire forskingskontaktar. Tilbodet i Caen er også bra, men inntil vidare det klart dyraste tilbodet og ikkje veldig etterspurt.

– Dersom UiO trekkjer seg ut, vil det få konsekvensar for det politiske og kulturelle samarbeidet mellom Noreg og Frankrike?

– Truleg vil samarbeidet styrkjast ved at me brukar midlane til fransk der me får best nytte av dei.

– Eit fleirtal av dei tilsette ved franskseksjonen meiner at deira argument for at UiO framleis bør delta i Caen, ikkje er blitt tatt inn   og ikkje tatt omsyn til i høyringsfråsegna frå ILOS. Dei viser melllom anna til at dei har dokumentert at samarbeidet har gitt konkrete  resultat innanfor forskingssamarbeidet  mellom UiO og Universitetet i Caen. Kva kommentar har du til det?
               

Ei fråsegn fra nokre av dei tilsette i fransk er lagt ved  ILOS' fråsegn. Det er rett at det kan visast til forskingssamarbeid mellom nokre av våre tilsette og Universitetet i Caen. Spørsmålet er likevel om den noverande avtalen er den beste måten å fremja  forskingssamarbeid på. ILOS ynskjer at våre tilsette i si forsking orienterer seg mot internasjonale toppmiljø, utan å ta omsyn til om me har avtalar med dei same miljøa om undervisning .

- Fransk språk like sterkt

– Det blir hevda at om UiO trekkjer seg ut vil heile korthuset rundt  studiesenteret i Caen falla saman, og det vil vera dårleg nytt for stillinga til fransk språk i Noreg. Kva synest du om den påstanden?
               

– Eg trur at fransk språk har og framleis vil ha ei sterk stilling i Noreg.  Senteret i Caen var viktig i perioden før Erasmus-avtalar blei innførte og norske studentar blei  vane til å opphalda seg i utlandet. No er tida ei anna. ILOS har eit veldig bra forskings- og undervisningsmiljø i fransk. Til dømes er miljøet heilt i toppen når det gjeld utdanning av PhD-studentar. Miljøet klarer å etablera nye kontaktar i Frankrike og utvikla kontaktar som allereie finst. Det er til dømes mogleg  å utvikla forskingskontaktane med Universitetet i Caen innanfor nye rammer, seier Karen Gammelgaard.

Fungerande fakultetsdirektør Thorbjørn Nordbø ved Det humanistiske fakultetet forsvarar at tilrådinga om at UiO skal trekkja seg ut av studiesenteret i Caen kjem opp som ei orienteringssak og ikkje som ei vedtakssak i fakultetsstyret.               

– Sidan ei sentral gruppe har kome med ein rapport om utenlandssentra me brukar,ynskte me  å informera styret om dette. Dermed er saka tt opp som orienteringssak i styret.  Utvalet rådde til at me avbryt samarbeidet om Caen. Rektor har bede oss fylgja opp rapporten.  ILOS støttar konklusjonen. Me  vurderer i utgangspunktet ikkje dette som ei vedtakssak for fakultetsstyret, då  det neppe fell inn under saker styret skal handsama, som til dømes overordna mål, prinsipp og prioriteringar for verksemda. Heller ikkje fell saka under  langtidsplanar, med særleg vekt på strategi for forsning, utdanning og formidling, understrekar Torbjørn Nordbø.     
 

Emneord: Internasjonalisering, Språk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 3. apr. 2014 00:44 - Sist endra 3. apr. 2014 00:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere