Psykologi og rettsvitskap på UiO er dei mest populære studia

Profesjonsstudiet i psykologi på UiO er det mest populære førstevalet mellom søkjarane til høgare utdanning i år. I reine tal er det aller flest søkjarar som har rettsvitskap ved UiO som førsteval. Det er størst auke til lærarutdanning og realfag, viser søkjartala frå Samordna opptak.

DRAHJELP FRÅ ERNA: – Lærarutdanningane har kanskje fått litt drahjelp av statsminister Erna Solbergs nyttårstale, men ei regjering som berre har sete med makta i seks månader, kan nok ikkje ta heile æra for denne framgangen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Martin Toft

Det er studieprogramma innanfor realfag, utdanningsvitskap og teologi som har den sterkaste prosentvise veksten i søkjartala på Universitetet i Oslo. Størst er auken på teologiske fag med 15 prosent, deretter fylgjer utdanningsvitskap med 10 og realfag med åtte prosent. På UiO går språkfag fram med seks prosent samanlikna med fjoråret. 16 992 søkjarar har UiO som førsteval. Dei konkurrerer om 5931 studieplassar på 97 studieprogram.

– Motiverande lesing

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er svært nøgd.

– Årets søkjartal er motiverande lesing. Det er veldig gledeleg å sjå at satsingane våre nyttar. Universitetet i Oslo får fleire søkjarar til teknologifag, fleire jenter til realfag og ikkje minst er våre nye program for lærarutdanning attraktive. Dette er ei rett utvikling for Noreg, og no gler me oss til å ta imot dei nye studentane til hausten, seier Ole Petter Ottersen i ei pressemelding.

– Kloke val

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen gler seg over at fleire ungdommar vel fag som samfunnet har behov for.

– Eg er spesielt nøgd med at den positive utviklinga til lærarutdanninga, teknologi og realfag held fram. Ungdommane gjer kloke val, synest Torbjørn Røe Isaksen. Tala frå Samordna opptak syner at 120 000 ungdommar søkjer høgare utdanning i år. Det vil seia at rundt 2800 fleire unge enn i fjor vil skaffa seg ei høgare utdanning. Dette utgjer ein auke på 2,4 prosent.

– Kan ikkje avblåsa realfagskrisa

Innanfor studium i realfag er det ein auke på 12 prosent.

– Det er likevel for tidleg å avblåsa realfagskrisa, men me kan no begynna å kalla den for ei realfagsutfordring, seier Røe Isaksen til Uniforum. Han ser fleire grunnar til kvifor det har vore ein auke i søkinga til realfag og teknologi.

– Det er over fleire år satsa på realfag og teknologi. Og framleis er det eit stort behov for ingeniørar og andre med kompetanse i realfag i samfunnet. Eit anna punkt som eg gjerne vil trekkja fram, er debatten rundt klimaendringane. Det er vel og bra å bli med i miljørørsla og gå i demonstrasjonstog. Men det er endå betre om ungdommane søkjer seg inn på teknologifag, slik at dei kan læra korleis dei kan vera med på å finna løysingar på klimaendringane, meiner Røe Isaksen.

Færre søkjer seg inn på framandspråk

Fakta om søkjartala:

- 120 000 ungdommar har søkt seg inn på høgare utdanning i 2014

- 16 992 søkjarar har UiO som førsteval. UiO har 5931 studieplassar

- Rettsvitskap ved UiO har flest førsteval med 2115 søkjarar til 220 plassar

- Profesjonsstudiet i psykologi ved UiO er mest populært i høve til studieplassar: 953 med studiet som førsteval konkurrerer om 60 studieplassar.

- Studieprogram innanfor informasjonsteknologi ved UiO auka med 9,3 prosent fleire søkjarar.

- 20 prosent fleire kvinner søkjer seg inn på realfag samanlikna med i fjor.

- Dei fire lektorprogramma har fått 13,5 prosent fleire søknader enn i 2013.

- Lektorprogrammet i nordisk har 25 prosent fleire søkjarar

Søkjartala til språkfaga har på nasjonalt plan derimot gått ørlite nedover.

– Vil det seia at det vil vera behov for ei ekstra satsing for å få ungdommar til å studera framandspråk?

– Ja, det er grunn til uro om den trenden held fram. Heile samfunnet, og ikkje minst næringslivet treng folk med språkkunnskapar. Det eg etterlyser, er folk med dobbeltkompetanse, altså ingeniørar med gode tyskkunnskapar og lærarar som også har gode kunnskapar i framandspråk, konstaterer han.

Fleire ynskjer å bli lærar

Lærarutdanninga har fått eit stort oppsving i talet på søkjarar. Den aller største auken er det på den fem år lange lektorutdanninga. Den har ein vekst på 15,6 prosent samanlikna med i fjor, og er den utdanninga som har størst vekst av utdanningane med 1000 studieplassar eller fleire.  Talet på søkjarar som har ei av lærarutdanningane som sitt førsteval, har auka med 61,4 prosent sidan 2008.

– Lærarutdanningane har kanskje fått litt drahjelp av statsminister Erna Solbergs nyttårstale, men ei regjering som berre har sete med makta i seks månader, kan nok ikkje ta heile æra for denne framgangen, seier ein ganske audmjuk Torbjørn Røe Isaksen.

Dei fire lektorprogramma ved UiO har ein auke på 13,5 prosent fleire søkjarar samanlikna med 2013. Lektorprogrammet i nordisk har ein auke på heile 25 prosent, viser tal frå Samordna opptak som UiO trekkjer fram i ei pressemelding.

 

.

 

Emneord: Undervisning, Studieforhold, Studiesaker Av Martin Toft
Publisert 25. apr. 2014 16:02 - Sist endra 25. apr. 2014 16:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere