Kritiserer forskingssatsinga på den nordiske modellen

Den tverrfaglege satsinga på den nordiske modellen får kritikk for forma den har fått frå økonomiprofessor Kalle Moene. – Når det tverrfaglege er målet og ikkje middelet, kan resultatet fort bli dårleg, meiner han. HF-dekan Trine Syvertsen forsvarar satsinga.

KRITISERER TOPPSTYRT SATSING: – Ingen ynskjer å stimulera nordisk eller norsk sjølvdyrking. Å pakka ut den nordiske modellen, høyrest meir ut som ei knitring i papir enn ei god problemstilling, meiner økonomiprofessor Kalle Moene ved ESOP på SV-fakultetet.

Foto: Ola Sæther

Rett før jul kunne Uniforum melda at dekan Trine Syvertsen ved Det humanistiske fakultetet og dekan Fanny Duckert ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet hadde tatt initiativ til ei tverrfakultær satsing på den nordiske modellen. Forskingssatsinga har fått namnet «Unpacking the Nordic Model» og skal omfatta så mange fakultet som mogleg ved UiO.  Utgangspunktet for å setja i gang ei slik satsing i forsking på den nordiske modellen, har samband med den store interessa det er internasjonalt for samfunna i Norden.

– Då handlar det om tre stikkord: Velferd, tillit og lykke. Dei nordiske landa toppar alle verdsstatistikkar som handlar om dette, sa dekan Trine Syvertsen til Uniforum i desember.

No spør den som kanskje har forska mest på den nordiske modellen, økonomiprofessor Kalle Moene på eit senter for framifrå forsking ESOP, om dette er ei rett prioritering. På eit informasjonsmøte om forskingssatsinga på UiO, understreka han at ei satsing som skal involvera mange fakultet treng ein god idé og ei god grunngjeving.

– Så langt kan det nesten sjå ut som om tverrfagleg aktivitet er målet og at den nordiske modellen berre er med som eit middel for å nå dette målet, seier Moene til Uniforum.  Han slår også fast at forsking ikkje automatisk blir god berre ho går på tvers. – Det må være problemstillingane som dikterer behovet for tverrfagleg samarbeid. Faren med store satsingar er som alle veit at dei kan dra gode forskingsmiljø bort frå kjerneoppgåvene sine, peikar han på.

– Klare problemstillingar utan geografiske avgrensingar

Kalle Moene stiller også spørsmål ved kvifor satsinga skal ha ei streng geografisk avgrensing, men vera open for alle problemstillingar. Etter hans meining ville det motsette, klare problemstillingar utan geografiske bindingar, vore meir naturleg. – Ingen ynskjer å stimulera nordisk eller norsk sjølvdyrking.  Å pakka ut den nordiske modellen høyrest meir ut som ei knitring i papir enn ei god problemstilling.

Økonomiprofessoren viser til at mange andre forskingsmiljø i Norden allereie har satsa på den nordiske modellen som forskingstema.

 – Ideane må koma frå forskarane

Eit anna viktig ankepunkt han fører mot satsinga, er at den er sett i gang ovanfrå og ikkje frå forskarane sjølve. – Røynslene har vist at forskingssatsingar frå sentralt hald ofte ikkje blir slik som me  hadde håpa. Skal forskinga gå framover, må ideane koma frå  engasjerte forskingsmiljø med sterke langsiktige interesser i saka, understrekar han. Med eit lite glimt i auget, legg han til at strengt kontrollerte satsingar ovanfrå minner om forskingsplanane i Sovjetunionen. – Og det er vel ikkje slik me ynskjer å ha det på eit universitet?

Han viser også korleis forskingssenteret han leier, ESOP, ikkje berre har forska på dei nordeuropeiske økonomiane, men også på liknande tema i land som Sør-Afrika, Sør-Korea og Brasil.

 – Det er ikkje mogleg å forska i ei boble. Me må sjå langt lenger utover enn berre Norden. Det er berre slik me kan gjera nye funn, og læra av andre sine røynsler, synest Moene.  – Men eg meiner ikkje at det berre er ESOP som skal forska på den nordiske modellen. Mitt ærend er å visa at me må gå langt ut over grensene i Norden for å finna svaret på viktige problemstillingar innanfor forskinga. – Det gjeld også for den forskinga som skal finna svaret på kvifor nokre land har små inntektsskilnader og store velferdsstatar, presiserer økonomiprofessoren. Moene meiner det må finnast meir generelle problemstillingar som betre kan verkeleggjera dei gode intensjonane bak forslaget til satsing. – Der kan ein sjå på utviklinga i dei nordiske landa som ei spesialisering av dei overordna problemstillingane, foreslår han.

– Vil utforska etablerte sanningar

HF-dekan Trine Syvertsen har notert seg kritikken frå økonomiprofessor Kalle Moene mot satsinga på «Unpacking the Nordic Model!» Ho kommenterer synspunkta til Kalle Moene på vegner av heile styringsgruppa for prosjektet, som utanom henne er sett saman av HUMSAM-dekanane Fanny Duckert, Hans Petter Graver, Trygve Wyller og

Berit Karseth. Viserektor Knut Fægri leier gruppa. Trine Syvertsen ser det ikkje som noko negativt at andre forskingsmiljø i Norden har satsa på det same temaet.

– Det at det er mykje forsking på og stor interesse for nordiske problemstillingar har me sett som ein fordel snarare enn ei ulempe. Det er mange spørsmål knytte til politikk, kultur, historie og levekår i Norden som ikkje kan svarast på av eitt fagmiljø åleine. Me vil utnytta UiOs breidde til å få fram nye svar og utforska etablerte sanningar.

– Økonomiprofessor Kalle Moene meiner også at denne satsinga ikkje vil lykkast fordi initiativet kjem frå sentralt hald og ikkje frå forskarane sjølve. Kva meiner de om det?

Unpacking the Nordic Model:

- ei tverrfakultær forskingssatsing på den nordiske modellen

- skal vera ein  kritisk analyse av den nordiske modellen

- forskinga skal mellom anna sjå nærare på kva faktorar som kjenneteiknar dei nordiske velferdssamfunna.

- forslaget om å satsa på «Unpacking the Nordic Model» må handsamast av Universitetsstyret. Om det blir vedtatt, vil forskinga på den nordiske modellen kunne setjast i gang frå og med budsjettåret 2015

– Initiativet er eit svar på utfordringa frå rektoratet om å etablera ei HumSam-tung satsing som kan balansera Energisatsinga og Livsvitskapssatsinga. UiOs framtid som breiddeuniversitet er avhengig av ein slik balanse. Det er derimot ikkje leiinga som bestemmer problemstillingane. Nærare eit hundretal fagpersonar frå alle fakulteta ved UiO har vist interesse for satsinga og arbeider med skisser og idear. Dette demonstrerer brei interesse og mykje «bottom-up»- engasjement, svarar ho.

Når det gjeld kritikken av at problemstillingane er svært opne medan dei er geografisk avgrensa, viser HF-dekan Trine Syvertsen til at det er heilt vanleg også andre stader.

– Mange av forskarane som engasjerer seg, gir uttrykk for at den geografiske ramma fungerer godt. Mange prestisjetunge universitet har miljø og satsingar som er geografisk avgrensa.

– Vil de endra noko i denne forskingssatsinga etter kritikken frå "faren" til den nordiske modellen, altså Kalle Moene?

– Kalle Moene var invitert til å gi uttrykk for sine synspunkt på Norden-dugnaden, der også mange andre meiningar kom fram. Initiativet er i ein tidleg fase, og alle synspunkt og all kritikk blir det lagt vekt på. No er me derimot mest opptekne av at det blir utvikla spenstige problemstillingar og at det blir etablert fruktbare forskarfellesskap som kan gi ny kunnskap og også leggja grunnlaget for ekstern finansiering, understrekar HF-dekan Trine Syvertsen.

 

 

 

 

Emneord: Forsking, Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2014 00:58 - Sist endra 13. feb. 2014 16:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere