Revolusjonerande eksamensform gir betre legar

For første gong har sisteårskullet på medisinstudiet gjennomført ein kombinasjon av digital og praktisk eksamen. – Dette gjer det tryggare å sleppa dei ut som legar, seier leiar for eksamenskommisjonen Kristian Bjøro. Kulltillitsvald Elisabeth T. Ulseth gir også eksamensforma ståkarakter.

DIGITAL: Medisinstudentar konsentrerer seg om å svara på spørsmål på den digitale delen av eksamen.

Foto: Per Grøttum, Det medisinske fakultetet, UiO

Avgangsstudentane på medisin ved Universitetet i Oslo måtte for første gong i historia bestå ein eksamen som var sett saman av 12 digitale oppgåver og 12 praktiske oppgåver. På ei av dei praktiske oppgåvene måtte studenten fortelja ein pasient, spelt av ein skodespelar, at han hadde fått kreft med spreiing og at det ikkje lenger var håp om at han ville overleva. Andre praktiske eksamensformer var hjarte-lunge-redning på dokke og å føra eit kateter inn i ein kunstig penis. Dei digitale eksamensoppgåvene gjekk i hovudsak ut på å svara på teoretiske spørsmål frå pensum på medisinstudiet, nokre få av dei var oppgåver med fleire alternative svar, altså multiple choice. Kvar student hadde sju minuttar på seg til å bli ferdig på kvar av dei til saman 24 stasjonane.

– Realistisk test

Kulltillitsvald Elisabeth T. Ulseth var ein av studentane som tok denne maratoneksamen. Etter hennar meining var den stort sett vellykka.

– Eg er svært nøgd med det som dei praktiske oppgåvene måler oss i. Det er ein test som er svært realistisk med tanke på det me vil oppleva når me skal jobba som legar. Dessutan blir me også testa på om me toler psykisk press, synest Ulseth. Ho er derimot meir kritisk til nokre av multiple choice-spørsmåla på dei digitale eksamensoppgåvene.

 – Eg er skeptisk til at dei blir brukte på ein medisineksamen, for ein endeleg diagnose er ofte eit resultat av ei vurdering av kvifor ein lege gjer som han eller ho gjer, understrekar ho.

– Fortener det, om eg stryk

Trass i innvendingane synest ho denne eksamensforma er eit langt steg i riktig retning.

– Om eg stryk på denne eksamenen, føler eg at eg har fortent det. Og me får visa korleis me fungerer som legar gjennom å løysa praktiske oppgåver. Det er altså berre på enkelte multiple choice-oppgåver, eg meiner me må tilbake til den tradisjonelle eksamenen, konstaterer Ulseth.

– Me har ei læringskurve

Medisinprofessor Kristian Bjøro er leiar for eksamenskommisjonen.Han ser at ikkje alt var hundre prosent perfekt den første gongen. – Også me som utarbeider eksamensoppgåvene har ei læringskurve. Denne praktisk-digitale eksamenen gir oss høve til å laga realistiske oppgåver der studenten fylgjer ei utgreiings- og behandlingsrekkje hos ein pasient. Dette kallar me for «sekvensielle» oppgåver, og den store fordelen med dei at studenten ikkje blir råka av «fylgjefeil», det vil seia at om du svarar feil i starten av ei oppgåve, så forfylgjer feilen deg gjennom resten av eksamen. Med slike sekvensielle oppgåver kan studenten i neste runde få fasiten på første delspørsmål og dermed bli korrigert inn på rett spor, og det er nettopp slik den medisinske kvardagen ofte er, peikar Kristian Bjøro på.

Praktisk-digital eksamen på siste semester ved medisinstudiet:

  • 24 stasjonar, 12 digitale oppgåver og 12 praktiske oppgåver.
  • Kvar student har sju minuttar på kvar oppgåve, og til saman tar eksamen fire timar
  • Dei digitale oppgåvene er sette saman av spørsmål frå pensum, nokre få av dei er fleire val-spørsmål, medan i dei praktiske oppgåvene får studentane i oppdrag å driva pasientbehandling eller å ha samtalar med pasientar.
  • I vår blei denne eksamensforma for første gong testa ut ved medisinstudiet på Universitetet i Oslo.

Neste år trur han at denne praktisk-digitale eksamenen kan bli endå betre.

– Eit problem som me må løysa, er at systemet ikkje gir studenten høve til å leggja ei oppgåve til side og så koma tilbake til den seinare. No må studenten gjera seg ferdig med oppgåva og levera svaret før han eller ho kan gå vidare til neste oppgåve. Dermed blir det vanskelegare for studenten å disponera tida meir fornuftig, seier han.

 

– Gir betre legar

Bjøro er overtydd om at denne eksamensforma gjer at Noreg får endå betre legar.

– Kombinasjonen mellom digital eksamen og praktisk, klinisk eksamen representerer i mine auge ein god måte å sikra at studentane held eit fagleg nivå som gjer det

trygt å sleppa dei ut i den praktiske kvardagen. Resultata på denne eksamenen var også svært gode, men det er mest fordi kullet held ein svært høg fagleg kvalitet, presiserer han.

– Måler meir presist

Arnstein Finset er professor i åtferdsvitskap og medansvarleg for ei av dei praktiske oppgåvene på medisineksamen. Ein student måtte på ein best mogleg fagleg og menneskeleg måte fortelja ein pasient at han hadde kreft i bukspyttkjertelen og at det ikkje var mogleg å bli frisk av denne sjukdommen.

– Det er ikkje lett å fortelja slike dårlege nyhende til ein pasient, og dei må gjera det utan å bruka ord som pasienten ikkje forstår. På ein annan stasjon må dei sjå på eit røntgenbilete og finna ut kva som feilar pasienten. Både gjennom dei digitale eksamensoppgåvene og dei praktiske øvingane blir ulike dugleikar hos medisinstudentane testa, peikar Finset på. Ein eksamen med både digitale og praktiske oppgåver blei først prøvd ut i USA. – Der er denne eksamensforma (OSCE) blitt svært populær. Eg trur ho måler meir presist dei teoretiske og praktiske kunnskapane til studentane, seier Arnstein Finset. Studiekonsulent Eva Gretland på Det medisinske fakultetet er den som har stått bak ein stor del av det praktiske arbeidet rundt den nye eksamensforma. Ho synest gjennomføringa gjekk fint.

 – Det gjekk greitt og det tekniske fungerte veldig bra. Også logistikken og organiseringa av eksamen gjekk fint. Teknikken under den digitale delen av eksamen hadde me heller ingen problem med. Kort sagt gjekk alt svært bra, tykkjer Eva Gretland.

PRAKTISK: Ein medisinstudent må visa kva han har lært i hjarte-lunge-redning på denne dokka. (Foto: Per Grøttum, Det medisinske fakultetet, UiO)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Medisin, Studentsaker, Studenforhold Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2013 15:35 - Sist endra 20. juni 2013 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere