Ber fleire forskarar publisera i opne kanalar

I Storbritannia og i EU blir fleire og fleire vitskaplege artiklar publiserte i ope tilgjengelege tidsskrift. – No håpar me at forskarar i Noreg fylgjer opp, seier overbibliotekar Live Rasmussen . Seminaret «Slipp forskerne fri» på fredag slepper fri denne debatten.

OPEN PUBLISERING: Overbibliotekar Live Rasmussen i Realfagsbiblioteket oppfordrar alle til å delta på seminaret "Slipp forskerne fri!" førstkomande fredag. Det handlar om korleis fleire kan publisera forskingsresultat i ope tilgjengelege tidsskrift.

Foto: Ola Sæther

Både Storbritannia og EU pressar no på for at fleire forskingsresultat skal publiserast i ope tilgjengelege tidsskrift(Open Access).

Etter at professor Janet Finch presenterte ein rapport om korleis offentleg finansiert forsking i Storbritannia kunne gjerast tilgjengeleg for alle, delte forskingsminister David Willets ut 80 millionar kroner til dei 30 største forskingsuniversiteta for å gjera forskingsresultata tilgjengelege.

Ifylgje The Guardian blir no 52 prosent av alle forskingsresultat i Storbritannia publiserte i fritt tilgjengelege tidsskrifter. I heile verda blir 17 prosent av forskingsresultata offentleggjorde i slike opne kanalar, har dei finske forskarane Laasko og Bjõrk funne ut. Og talet på publikasjonar i fritt tilgjengelege kanalar, held fram med å auka. 

EU krev open tilgang

I EU sitt nye rammeprogram for forsking, Horizon 2020, reknar alle med at det vil koma krav om at alle EU-finansierte forskingsresultat skal vera fritt tilgjengelege. Dersom det går slik dei fleste spår, vil dermed resultat av forsking for 80 milliardar euro bli publiserte i offentleg tilgjengelege kanalar i løpet av dei neste åra.

I Danmark har forskingsråda, som kvart år deler ut 4,3 milliardar kroner, ein felles politikk som går ut på at forskarane har plikt til å leggja ein godkjend versjon av den vitskaplege artikkelen sin i eit offentleg tilgjengeleg arkiv.

40 prosent kan publiserast i opne kanalar

Også i Noreg er prinsippa på plass, men i praksis blir ikkje så mange forskingsresultat som ynskjeleg publiserte i offentleg tilgjengelege kanalar. Ifylgje forskingsdatabasen Cristin kan 40 prosent av alle forskingsresultat i Noreg bli publiserte i ope tilgjengelege vitskaplege tidsskrift. Likevel har norske forskarar framleis ein lang veg å gå før det målet er oppfylt, sjølv om Forskingsrådet sidan 2009 har kravt at det skal vera fri tilgang til resultata av all forsking som det finansierer.

Vil pusta nytt liv i debatten

Forskingsdatabasen Cristin vil saman med Universitetsbiblioteket og Forskingsadministrativ avdeling på UiO pusta nytt liv i debatten om bruk av ope tilgjengelege kanalar for publisering av forskingsresultat. Difor inviterer dei kunnskapsminister Kristin Halvorsen, adm. dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet og Open Access-guru Cameron Neylon til eit dagsseminar om opne, tilgjengelege forskingstidsskrift fredag 26. oktober kl. 8.30 i Realfagsbiblioteket i Vilhelm Bjerknes` hus.

– Me håpar at kunnskapsminister Kristin Halvorsen kan koma med gode nyhende om regjeringa si haldning til at offentleg finansierte forskingsresultat skal vera ope tilgjengelege for absolutt alle. I dag må det offentlege betala tre gonger for forskinga. Først finansierer dei forskinga, deretter må forskaren, om han vil at artikkelen skal vere ope tilgjengeleg, kjøpa fri artikkelen sin for å få publisert i dei vitskaplege tidsskrifta som har best ord på seg. Så må universitetsbiblioteka betala årsabonnement for dei tidsskrifta som forskarane ved institusjonen publiserer i. Det seier seg sjølv at det kan vera pengar å spara, om fleire forskarar publiserer i opne tilgjengelege vitskaplege tidsskrift, seier overbibliotekar Live Rasmussen ved Realfagsbiblioteket ved UiO.

Like gode fagfellevurderingar

– Kan ein då garantera at ein vil få den same kvalitetskontrollen som forskingstidsskrift som Nature og Science har i dag?

– Det er ingen skilnad på kvaliteten på fagfellevurderinga mellom dei abonnementsbaserte og dei ope tilgjengelege tidsskrifta. Nature og Science har eksistert lenge, og det tar tid å byggja opp eit rennomé, men dette gjeld like mykje for nye abonnementsbaserte tidsskrift.

Det internasjonale partikkelfysikksenteret CERN i Geneve har mellom anna inngått kollektivavtalar med dei forlaga som gir ut vitskaplege tidsskrift innanfor partikkelfysikk. Formålet er å omdisponera pengar brukt til abonnement på vitskaplege tidsskrift innanfor fagfeltet, over  til betaling for kostnader knytte til artikkelpubliseringa. Slik blir artiklane fritt tilgjengelege for alle. Det fører til at alle universitetsbiblioteka til dei institusjonane som samarbeider om CERN, kan få tilgang til alle dei tidsskrifta som CERN har teikna eit kollektivt abonnement på, fortel Rasmussen.

Ho ser føre seg at det kan bli innført liknande ordningar for andre forskingsområde også.

– Fleire universitet kan saman skaffa felles abonnement for tidsskrift med fri tilgang. I framtida vil dermed forlaga ta betalt for arbeidet med å publisera og driva fagfellevurderingar, men forskaren skal ikkje betala for å få eigne forskingsresultat på trykk, legg ho til.

Rivande utvikling internasjonalt

Etter hennar meining er det no ei rivande utvikling i bruk av offentleg tilgjengelege vitskaplege tidsskrift over heile verda.

– For å kunna gi oss eit endå betre bilete av den internasjonale situasjonen på dette området, har me invitert Cameron Neylon. Han er ein britisk biofysikar og forkjempar for at alle forskingsresultat skal vera offentleg tilgjengelege, fortel Rasmussen.

Oppfordrar til publisering i tidsskrift med fri tilgang

Og når det gjeld Universitetet i Oslo og haldninga til å publisera forskingsresultat i offentleg tilgjengelege kanalar, vedtok Universitetsstyret ein eigen politikk for dette i desember i fjor. Der går det fram at i valet mellom fagleg likeverdige publiseringskanalar, tilrår UiO at alle tilsette publiserer i tidsskrift som gir alle open tilgang til artikkelen, anten gjennom å vera eit Open Access-tidsskrift eller gjennom å tillata institusjonell arkivering av artikkelen, som blir gjort tilgjengeleg for alle like etterpå.

– Det er viktig å få forskarane sjølve på bana i denne debatten. Difor må dei delta på dagskonferansen på fredag, lyder oppfordringa frå Live Rasmussen.

Les meir om seminaret "Slipp forskerne fri!".

Les om Open Access i The Guardian.

Les om EUs politikk for ope tilgjengeleg forsking.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningsformidling, Forsking Av Martin Toft
Publisert 23. okt. 2012 16:27 - Sist endra 28. jan. 2013 14:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere