350 UiO-tilsette i streik

Litt etter klokka 4 i natt blei det brot i meklinga mellom hovudorganisasjonane i offentleg sektor og Staten. På UiO er 350 av medlemane i NTL, Parat og Forskarforbundet tatt ut i streik. Akademikarane er enno ikkje ferdig med meklinga, og deira medlemer er ikkje tatt ut i streik.

I STREIK: I dag er om lag 350 UiO-tilsette tatt ut i streik. Konsekvensane er truleg størst for Det odontologiske fakultetet. I formiddag møtte me streikevakter frå NTL og Parat: Frå venstre Janne Lea, Anne Ødegård og Håkon Størmer frå NTL. Deretter fylgjer Marianne Amundsen og Nils Petter Bergesen frå Parat. Ein av dei forbipasserande slo av ein prat med sistnemnde.

Foto: Martin Toft

Dei streikande UiO-tilsette arbeider i Sentraladministrasjonen, Det utdanningsvitskaplege fakultetet og Det odontologiske fakultetet.  Då Uniforum besøkte fakultetet, hadde streikevaktene vore på plass sidan klokka 08.00 i dag.

- Folk er positive til oss, og det er god stemning her, seier streikevaktene Nils Petter Bergesen og Marianne Amundsen frå Parat og Håkon Størmer frå NTL til Uniforum.

Første eksamen avlyst

Streiken fører til at all klinisk studentundervisning ved Det odontologiske fakultetet vil gå ut. Det vil råka 250 studentar.

Pål Barkvoll leier Institutt for klinisk odontologi, som klart merkar fylgjene av streiken.

- Den første eksamen er allereie avlyst. Det var  praktisk-klinisk eksamen for 3.årsstudentane i odontologi, opplyser han til Uniforum. Førebels kan han ikkje svara på om studentane vil få høve til å få ein ny eksamen seinare i semesteret.

- Det vil me sjå an på sikt. Leiinga vil først sjå kva konsekvensar streiken får, om den blir langvarig, seier Pål Barkvoll. 

Nesten all behandling ved klinikken er råka av streiken. Dagleg behandlar den 450 pasientar. Klinikken vil likevel ta seg av dei pasientane som treng hjelp med ein gong eller som er opererte og treng oppfylging. Om streiken trekkjer ut, vil den også få fylgjer for eksamensavviklinga for avgangskullet på odontologi. Etter planen skal dei ha eksamen 5., 6. og 7. juni.

Dei 350 som går til streik er alle medlemer i Forskarforbundet, NTL, Parat eller i Akademikarane. Framleis er ikkje medlemar i Akademikarane tatt ut i streik. Organisasjonen vil mekla vidare. Dei har pause i meklinga fram til klokka 15.00 i dag.

- Urimelege

Forhandlingsleiar Arne Johannessen i hovudorganisasjonen Unio Stat, var i dag tidleg svært misnøgd med Staten si haldning i forhandlingane.

- Regjeringa gir oss eit tilbod som inneber  dårlegare lønnsvekst enn tilsettte i privat sektor. Dei er urimelege. Og  det vil etter kvart  gå ut over det offentlege velferdstilbodet til innbyggjarane, seier forhandlingsleder Arne Johannessen i Unio Stat. 

- Vist stor vilje

Også statsråd Rigmor Aasrud i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet er lei seg for at det blei brot i meklinga.

- Eg er vonbroten og det er leit at det ikkje let seg gjera å bli einige gjennom meklinga. Me har vist stor vilje til forhandlingar og kome organisasjonene i møte med gode forslag og ei økonomisk ramme som ville sikra alle statsatilsette ein god vekst i kjøpekrafta, seier Aasrud. Etter hennar meining ville Staten sitt tilbod ha gitt ein kvinneleg førsekonsulent med 16 år lang ansiennitet 20 000 kroner i lønnsauke.

LO Stat har ein heilt annan versjon av tilbodet frå Staten.

Etter hovudorganisasjonen si meining fekk ikkje dei statstilsette gjennomslag for betre rettar for innleigde vikarar, trass i at andre sektorar har fått dette.

Det blir også peika på at Staten aldri kom med noko tilbod om å auka tillegga for ubekvem arbeidstid. Å få betre betalt for arbeid på kveld og i helger var eit viktig krav for LO Stat, går det fram av nettsidene til Norsk tenestemannslag.

Uniforum vil koma med oppdatert informasjon om streiken heile dagen.

(Oppdatert klokka 11:10)

Emneord: Arbeidsforhold, Personalpolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. mai 2012 08:31 - Sist endra 24. mai 2012 11:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere