Hylland Eriksen vil laga ei antropologisk verdshistorie

– Målet er å laga ei verdshistorie om vår tid, med eit antropologisk blikk og med vekt på globaliseringa sine kriser. Slik skildrar professor i sosialantropologi, Thomas Hylland Eriksen det nye forskingsprosjektet sitt.

RELIGION VIKTIG: – Det går kanskje an å driva forsking enkelte stader utan å ta religion med i biletet, men det vil aldri gå an i Nepal eller i Malawi, meiner professor i sosialantropologi Thomas Hylland Eriksen. Han får over 20 millionar frå ERC for å forska på globalisering i fem ulike land.

Foto: Ola Sæther

Rett før jul fekk antropologiprofessor Thomas Hylland Eriksen over 20 millionar kroner frå ERC (Det europeiske forskingsrådet) for å forska på globalisering.

– Dette blir kjempegøy og eg gler meg til å setja i gang med denne forskinga, seier Thomas Hylland Eriksen då me treffer han på Sosialantropologisk institutt. Han er svært nøgd med at han har håva i land dette forskingsprosjektet frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).

– Ubyråkratisk

– Det er faktisk svært ubyråkratisk, og få krav om rapportskriving og nettverksbygging med forskarar frå andre land. Dermed får me brukt maksimalt med ressursar til forskinga, poengterer Hylland Eriksen.

Utgangspunktet for prosjektet er globaliseringa og dei store krisene som rammar verda: økonomi-finans, kultur-identitet og klima-miljø. 

– Eigentleg begynte det med at eg aldri følte meg heilt akademisk mett etter at eg hadde lese bøkene til forfattarar som Manuel Castells og Thomas Friedman om globaliseringa. Dei manglar blikket nedanfrå og innanfrå, som er kjenneteiknet til antropologien. No får eg sjansen til å forska det ut på eiga hand, og på mange måtar vil eg vera tilbake der eg begynte med antropologien, på feltarbeid i andre land. Denne gongen vil me arbeida i ei forskargruppe, noko som framleis er ganske uvanleg for antropologar, forklarar han.

Feltarbeid i fem ulike land

Hylland Eriksen brenn av engasjement for prosjektet, som han håpar kan koma i gang for alvor etter sommaren.

– Me skal ta føre oss fem heilt ulike land og forska på fire ulike grupper i kvart land. Det som er klart er at eit av landa vil vera eit nyindustrialisert land (BRIC-landa), medan eitt vil tilhøyra OECD, dei tre andre vil vera eit muslimsk, eit semiperifert land og eit av dei fattigaste. I kvart land vil me gjera feltarbeid mellom representantar frå den politiske klassen nasjonalt eller lokalt, representantar frå dei frivillige organisasjonane og frå vanlege folk, fortel Hylland Eriksen.

– Religion er viktig

Han vil ha klart fram at ein av metodane han vil ta i bruk under forskingsarbeidet, vil bli den utskjelte kulturrelativismen.

– Er det kanskje ikkje viktig å kjenna til religionen til ei folkegruppe i Andesfjella for å forstå kvifor dei samlar seg på bestemte dagar og ved bestemte høve for å be om regn eller for å eta marsvin? I nokre zululandsbyar i Sør-Afrika er det eit teikn på at det er kome AIDS i landbyen, når store, svarte fuglar set seg i eit bestemt tre. Det går kanskje an å driva forsking enkelte stader utan å ta religion med i biletet, men det vil aldri gå an i Nepal eller i Malawi. For oss som sosialantropologar er det jobben vår å gjera greie for kva slags verd folk lever i, slår han fast.

I forskingsprosjektet skal han og dei som han engasjerer i prosjektet, ta for seg korleis globaliseringa skjer i større og større fart utan at det ser ut til at nokon kan stansa den. Det er heller ingen grenser som stansar ei krise i eitt land frå å nå eit anna land.

– Gode døme på det er finanskrisa og klimakrisa. Samtidig kjem det inn ein språkbruk i finanskrisa som minner om klimakrisa. No er det vanleg å snakka om nedsmelting av børsar og oppheting av finansmarknaden. Dessutan blir det utveksla masse virtuelle pengar over datamaskiner over heile verda. Og det er ikkje alltid samanheng mellom dei virtuelle pengane og dei reelle verdiane i eit land, fortel Hylland Eriksen.

– På kva måte blir dette forskingsprosjektet banebrytande?

– Det vil gi eit komparativt, altså eit samanliknande blikk på globaliseringa vedanalyser av verda gjennom lokale røyndomar i fem utvalde land. Eg er inspirert av Eric R. Wolfs bok «Europe – and the People Without History», ei bok som eg las medan eg var student, og som har eit antropologisk blikk på verda. Kort fortalt ynskjer me å venda tilbake til det antropologien var opptatt av før, nemleg reproduksjon. Me reproduserer våre eigne liv, konstaterer han.

– Olja øydelegg gode intensjonar

– I Noreg vil dei fleste gjerne leva sine liv, slik dei alltid har levd, også kulturelt. Samtidig vil me vera opne for kulturelle impulsar utanfrå. På mange måtar er det ein ambivalens. I prosjektet vil me sjå nærare på dei globale klasseskilnadene. Arbeidarar i Kina må arbeida under helsefarlege forhold for at me i Vesten skal få dei mest moderne mobiltelefonane. Noreg kunne ha vore leiande på klimapolitikk og gode arbeidsvilkår, men så har me olja vår som øydelegg alle desse gode intensjonane, smiler han.

 

I Noreg ser han få skilnader i konsekvensane av globaliseringa for by og land.

– Derimot vil det vera interessant å sjå skilnadene mellom dei styrande klassane, middelklassen og dei fattige i dei fem landa me skal driva feltarbeidet vårt i. For oss blir det svært spennande å finna meir ut om det, seier han entusiastisk.

– Lula stilte krav

– I Brasil har den tidlegare presidenten Lula faktisk klart å få mange av dei fattige ut av fattigdommen. Men skilnaden mellom dei aller fattigaste og dei aller rikaste er endå større enn før. Dei som lykkast med å koma seg litt lenger opp på samfunnsstigen, var dei som sende barna sine på skule og fekk eit par måltid for dagen frå staten for å gjera det. Dei som ikkje gjorde det, fekk heller ikkje dei to gratis måltida. Lula kjenner folket sitt, og han visste at han måtte stilla krav til dei, konstaterer Hylland Eriksen. I andre land som til dømes i Pakistan, er middelklassen liten, og politikken har stort sett vore dominert av føydalherrar, militære og religiøse leiarar.

– Det er ikkje lett å sjå korleis det landet skal koma seg ut av elendet det er i, seier Hylland Eriksen.

No skal han lysa ut stipendiatstillingar og postdoktorstillingar til forskingsprosjektet internasjonalt. Håpet er at dei kan koma i gang hausten 2012.

– Enno veit me ikkje kva me vil finna. Det som er sikkert, er at me må bruka mange ulike forskingsmetodar og trekkja vekslar på litteratur også frå andre fagområde.

– Vil de også ta med forskarar frå andre fagområde?

– Det er ikkje utenkjeleg, men dei må i så fall tenkja og arbeida antropologisk, slår Thomas Hylland Eriksen fast.

Les meir om Thomas Hylland Eriksen:

Hett prosjekt får prestisjemidler

Formidlingskollektivet

 

 

 

 

 

Emneord: Antropologi, Forskning, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2012 13:51 - Sist endra 24. jan. 2012 10:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere